Hopp til innhold
Kronikk

Sysken som manglar

Eg har ein storebror, eg kunne hatt to, eg har inga storesøster, eg kunne hatt ei. Og folk diskuterer i fullt alvor om barnesjukdomar er farlege, om vaksinar er nødvendige.

SWITZERLAND/ A student receives a measles vaccine injection at the Ecole Polytechnique Federale de Lausanne (EPFL) in Ecublens

Ein student ved eit fransk universitet blir vaksinert for meslingar. Fem prosent av alle barnedødsfall skuldast meslingar, som også tok livet av broren til kronikkforfattaren.

Foto: Valentin Flauraud / REUTERS

På Debatten førre veke var vaksinevegring eitt av emna som var framme. Ei setning frå ein debattant trefte meg som eit knyttneveslag i magen. «Barnesjukdommar er ikkje så farlege i 2014», sa vaksinemotstandaren og bloggaren Sølje Bergman.

Nei vel, mi historie handlar ikkje om 2014. Ikkje fyrst og fremst i alle fall. Men bror min lever no, eg lever no. Det gjer ikkje to av syskena våre. Mine kjensler er relevante, mi sorg er reell. Eg skjønar det no, det går an å sørgje over nokon ein aldri har møtt, gråte over nokon ein aldri har sett.

Dette er ikkje første gong eg har blitt treft av denne argumentasjonen. Vaksinemotstandarane har provosert meg før. Eg har kjent på sinne og sorg før. Skulle eg kanskje seie frå? Kanskje vi har gløymt korleis det er å ha smittsame, dødelege barnesjukdommar? Kva det gjer med familiar? Familiar som min eigen?

Fantomsorg

Eigentleg startar dette nokre dagar før. Eit TV-program det også. «Sporløs» på TV2. Ein mann på min eigen alder møter søstera si for første gang. Dei held om kvarandre. Dei er familie. Dei høyrer i hop. Dei gret. Dette set i gang mine tankar. Korleis hadde livet mitt vore med to søsken til? Tankane spinn vidare. Kva slags humor hadde dei hatt? Korleis hadde dei sett ut? Fantomsorg.

Ho vart tre år gammal. Ho var den einaste dei hadde. Ho var umisteleg.

Gunnar Vidnes, lærar

Vi skrur tida tilbake til mine foreldre. Vi er på Sunnmøre i overgangen frå førtitalet til femtitalet. Ingen fattigdom, men dei lever under enkle kår. Dei hadde overlevd krig og alvorleg sjukdom. Dei gifta seg i 1946. Mor mi hadde overlevd tuberkulosen som råka hardt. Sanatorieopphald tok av ungdomstida. Gleda var stor då dei fekk jenta si. Mi søster døde av kikhoste. Ho vart tre år gammal. Ho var den einaste dei hadde. Ho var umisteleg.

For meg er svart/kvitt-biletet over senga eit sterkt minne. Eg stod ofte og såg på dette: Mor og far og ei jente med heilt lyst hår. I dag er den vesle gravsteinen ei konkret og sår påminning om det som var. Det som kunne ha vore.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Bror eg aldri fekk møte

Eitt nytt tilbakeblikk. Ti nye år har gått. Vi er på slutten av femtitalet. Norge går framover i velstand. Men barnesjukdommane herjar framleis. Bror min får meslingar. Han døyr. Far, mor og bror står tilbake. Eg er ikkje fødd.

Den vesle gravsteinen er ei konkret og sår påminning om det som var.

Gunnar Vidnes, lærar

Forteljingane om min døde bror er mange og fine. Ein sjeldan gong tok vi fram gulna avisutklipp frå Sunnmørsposten. Det var på den tida at Simon Flem Devold hadde fast barnespalte på nest siste side. Bror min hadde slik fantasi og han var så flink til å teikne. Han teikna fabeldyr i fleng, og fekk fleire av teikningane sine på trykk.

Men han vart berre fire år. Som vaksen mann kjenner eg framleis at eg er stolt. Kor flink han var, for ein kreativ liten kar! Dette er ord eg skriv gjennom tårer. Mi sorg over han eg aldri fekk møte.

Ein luksusdebatt

Eg les på Wikipedia. Meslingvaksinen kom til oss i 1969. Ti år for seint til å redde min bror. Sjukdommen er ikkje utbreidd i vestlege velstandsland. Men sjukdommen er ikkje utrydda. Fem prosent av alle barnedødsfall skuldast meslingar, til trass for at vi har hatt vaksinen i 40 år. Verda treng eit storstilt vaksineprogram. WHO anslår at meslingevaksinen har redda nesten 16 millionar liv sidan år 2000.

Det er ein lukusdebatt vi fører når nokon vil setje spørjeteikn ved vaksinene vi har i Norge.

Gunnar Vidnes, lærar

Her heime diskuterer folk i fullt alvor om barnesjukdomar er farlege. Om vaksinar er ein god ide. Kvart år er det hundrevis av born som ikkje blir vaksinerte fordi foreldra deira ikkje kjenner seg trygge på vaksinar.

Det er ein luksusdebatt vi fører når nokon vil setje spørjeteikn ved vaksinane vi har i Norge. Vaksinen har redda liv og den reddar liv. Kvart lite barn er umisteleg. Eg les vidare om meslingar i verda i dag. Eg er ikkje ekspert, eg er ikkje lækjar, men sjukdommen er alvorleg og komplikasjonane er dødelege. Verda er globalisert. Folk reiser, meir. Smitte kan spreie seg.

Eg stoler – ikkje blindt – på styresmaktene som regulerer vaksinasjonane. Eg trur ikkje på dei alternative folka som finn alt det gale med vaksinane. Eg synest at det er usolidarisk å ikkje vaksinere barna sine. Eg appellerer til alle om å ta dette på alvor. Alle barn er umistelege. Like umistelege som søster og bror min var det.