UEINIGE: Einar Svarstad og Ivar Rune Varpe står på kvar si side i vindkraftstriden.

UEINIGE: Einar Svarstad og Ivar Rune Varpe står på kvar si side i vindkraftstriden.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Vindstriden som splittar landet

Dei er naboar og grunneigarar. Ein vil ha vindturbinar på fjellet. Den andre kjempar hardnakka imot.

– Det er eit folkeopprør. Vi har ikkje bruk for denne krafta, seier Ivar Rune Varpe.

– Det er berre tull å seie når alt i Noreg skal elektrifiserast, parerer Einar Svarstad.

Dei to naboane står på toppen av Steinfjellet i Bremanger. Dei har armane i kors og har knapt rukke å helse på kvarandre før diskusjonen er i gang.

Krangelen handlar om korleis fjellet skal sjå ut om eit par år.

Planen er at det skal kome 18 vindturbinar her oppe.

I 2012 takka fleirtalet i kommunestyret ja til planane.

Sidan har fleire av dei som stemte endra meining.

Mellom anna fordi turbinane har blitt høgare enn det dei blei førespegla.

Steilare frontar

Frå ein nesten skyfri himmel skin sola. Innover fjorden ligg snødekte fjelltoppar. Mot nord ligg Vågsøy med stadar som Kråkenes fyr – ein av dei mest vindfulle stadane i Noreg.

Også her på fjellet i Bremanger bles det ofte og mykje. Vind til å drive turbinblad rundt og rundt og rundt.

– Eg har lyst til å gjere dette til eit område der fornybar energi og naturopplevingar spelar på lag, seier Einar.

Einar Svarstad

SEIER JA: Einar Svarstad Einar ser håp og arbeidsplassar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Han håper at vinden skal gje inntekter som gjer at fleire blir buande i den fråflyttingstruga kommunen.

Ivar Rune ristar på hovudet. Han har kjempa mot vindkraftutbygging i 14 år.

– Korleis kan du kombinere eit industriområde og ei naturoppleving, spør han.

Ivar Rune Varpe

MOTSTANDAR: Ivar Rune Varpe vil ikkje ha vindmøller på fjellet.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Ei fersk meiningsmåling viser at nordmenn er delt på midten i synet på vindkraft, og at frontane har vorte steilare.

I juni blei olje- og energiminister Tina Bru (H) dytta og kalla ei fitte.

For Einar og Ivar Rune står det om naboskapet og kva det vil seie å leve og bu.

Slik Ivar Rune ser det, skjer det noko uoppretteleg idet turbinane reiser seg 150 meter høge.

Einar ser det motsette: Håp, arbeidsplassar og ei opning mot verda. Og ei framtid for borna sine.

13 smekkfulle permar

Heime på kjøkkenet sit Ivar Rune.

Frå glaset kan han kikke bort på nabohuset der Einar bur. Mellom dei ligg grøne bøar.

Vatnet like nedanfor blenkjer i sola.

Omkring på kjøkkenet ligg ein haug av ringpermar. Ivar Rune har nett byrja på den trettande. Permane er smekkfulle av ark og avisutklipp, nøye delt inn med gule skiljeark.

Ivar Rune Varpe

13 PERMAR: Nei-mannen Ivar Rune har samla på alle dokument i saka dei siste 14 åra.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Kvart minutt er verdt arbeidet for å stoppe dette her, seier han.

Han har gått i desse fjella sidan han var liten gutunge. Barndomsminne sit som spikra.

Enno nyt han å høyre kurringa frå ryper. Og å sjå grågåsa fyke over seg.

Støyl

STØYLEN: Nærmaste vindturbin vil komme 125 meter frå døra til støylen til Ivar Rune.

Foto: privat

– Ingen pengar kan erstatte dette, seier han.

Det er allereie to vindkraftanlegg i Bremanger. Eitt er ferdig. Det andre skal vere klart til jul.

Det tredje, som skal liggje på Bremangerplatået, har hamna i rettsvesenet.

Ivar Rune er ein av fleire grunneigarar som nektar å skrive under på avtala med vindkraftselskapet.

No skal saka opp i tingretten, der utbyggar ber staten om å overdra grunnen med tvang gjennom såkalla ekspropriasjon.

Kart som viser Bremangerlandet vindkraftverk

KARTET: Dette viser kvar vindturbinane skal stå, kvar fugletrekka er, kor massane skal ligge og kvar myrene er.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Kviskring på butikken

Nokre hundre meter frå kjøkkenet til Ivar Rune, står vindkrafttilhengar og nabo Einar.

53-åringen står utanfor det velhaldne gule huset sitt. Her bur han med kona og yngstemann på 16. Dei to eldste har flytta ut.

Plenen er nyslått. Men garden er lagt ned. Han var ikkje drivverdig lenger.

Så no vekependlar Einar heile den lange vegen til Bergen.

Einar Svarstad

HEIME: I dette gule huset bur Einar Svarstad og familien. I det gule huset heilt til høgre bur Ivar Rune Varpe.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Han kjenner ei plikt og ein draum om å halde arven ved like og gje dei tre ungane eit alternativ viss dei vil busetje seg her.

– Eg kan ikkje overlate eit bruk med berre utgifter. Det ville vore galskap.

Han har skrive under på at utbyggaren Sogn og Fjordane Energi kan leige område av han på fjellet dei neste 25 åra.

For dette får han ein eingongssum pluss årlege leigeinntekter.

Grunneigarane har forhandla fram ein sum som varierer etter størrelsen på eigedomen. Men dei blei samde om å ikkje seie kor mykje.

– Det må vere legitimt å skaffe seg inntekt utan at du skal bli stempla som ein naturovergripar og det eine med det andre, seier han.

Han har skrive lesarinnlegg i lokalavisene, men kjenner seg litt åleine i kampen.

– Men det er helst slik at folk kviskrar det, gjerne bak hylla på butikken. Det er ikkje noko dei går ut og frontar.

Drapstruslar

Øyvind Isachsen er administrerande direktør i Norwea, interesseorganisasjonen til vindkraftbransjen. Argumenta handlar om fornybar energi, om distriktsutvikling og verdiskaping.

Isachsen sit langt unna Bremangerlandet, men vindstriden har komme heilt inn på livet hans også.

Øyvind Isachsen

NORWEA: Direktør Øyvind Isachsen får trugslar i jobben sin.

Foto: Norwea

Han seier at han forstår motstanden som har kome i det siste, og at mange av prosjekta har kome i ei anna utgåve enn mange såg for seg.

– Det blir sett opp færre vindturbinar. Men dei er større.

På spørsmål om han får truslar og stygge meldingar, blir det først heilt stille. Så sukkar han tungt.

– Det skal eg love det. Eg er lei av å vere nazist og imperialist. Det verkar som det er 2. verdskrig som har dukka opp på ny.

Meir eller mindre utilslørte drapstruslar melder han til politiet.

– Når det gjeld truslane om kva «folk» skal gjere med meg når «oppgjerets time» kjem, så blir slikt meldt til politiet.

Han er meir bekymra for at politikarar og folk i konsesjonsmyndigheitene blir plaga på same måte.

– Det påverkar jo deira avgjerder, og då blir demokratiske prosessar sett under press. Det er ikkje bra.

Motvinden

Rune Haaland er generalsekretær i Motvind.

– Vi er opptekne av at ingen som er for vindmøller, skal føle på ubehag, seier han.

Miljøaktivist Rune Haaland

MOTVIND: Generalsekretær Rune Haaland har sjølv vore for vindkraft, men kjempar no imot.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Motvind blei stifta i fjor, men har allereie meir enn 15.000 medlemmar.

Deira kall er å jobbe mot landbasert vindkraft i norsk natur, og nokre gonger kan det gå litt over styr, erkjenner Haaland.

– Ja, vi må nok innrømme det. Ikkje bevisst, men av og til undervurderer vi nok reaksjonane til folket. Det er ganske mange som er lei seg, triste og frustrerte eller sinte. Dei kjenslene må vi ikkje berre undertrykke; vi må anerkjenne at dei er reelle.

Haaland seier den beste måten å vinne nye stemmer på uansett ikkje er å kjefte og smelle, men å bruke innestemme og å peike på fjellvettregel 8. Om at det er ingen skam å snu.

Han er sjølv blant «konvertittane» som har snudd frå jasida til neisida.

– Vi var analfabetar

Tilbake på fjellet, der vi byrja, står dei to grunneigarane på kvar si side. Dei diskuterer så heftig at vi lurer på om det er lenge sidan dei har snakka i lag.

– Nei, svarer begge.

Dei tenkjer tilbake på ei hending for elleve år sidan. Den gangen sat dei i lag i eit grendehus og åt rømmegraut og fekk høyre om potensialet i vindkraft.

Dei var inviterte av vindkraftprodusenten Vestavind for å sjå på Mehuken vindkraftverk.

Invitasjon til vindkaftdag i 2009

VINDKRAFTDAG: Denne invitasjonen fekk grunneigarane i 2009.

Den gongen stod det fem vindturbinar der.

Kvar av dei med ei totalhøgde på 75 meter. Mykje lågare enn det mange av dagens vindturbinar måler.

Opning av Mehuken vindpark i Vågsøy

BLÅ BALLONGAR: Åtte ballongar blei sende til vers under opninga av Mehuken 2 i 2010. Ein for kvar av dei nye vindmøllene.

Foto: Ragnar Myre

Den gangen visste vi ingenting, seier Ivar Rune. Han meiner vindmøllene på Mehuken gav eit misvisande inntrykk.

– Vi sat som nokre analfabetar på Mehuken. Vi hadde ikkje peiling på kva vi snakka om.

Men også her er dei to naboane ueinige.

Einar minnast omvisinga og rømmegrauten som ei positiv hending, som hjelpte dei å sjå klarare.

– Det er heilt meiningslaust å seie at vi ikkje hadde peiling på kva vi snakka om. Vi trefte utbyggarar og snakka med dei. Og då vi såg parken, så forstod vi at dette kunne bli bra. Ja, turbinane blir større, men dei blir også færre, seier han.

Einar Svarstad og Ivar Rune Varpe

NABOAR: Einar og Ivar Rune bur ved sidan av kvarandre i den vesle bygda. Dei vil begge det beste for framtida her, men er ueinige om kva konsekvensar vindkraft vil ha for heimplassen deira.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det som foreiner

Ytst på Bremangerlandet har det også dukka opp ein gapahuk.

Ikkje store greiene, men ein møteplass like fullt.

Og eit symbol på det som – trass alt – foreiner.

– Vi jobba saman i tre dagar for å setje han opp, fortel Einar.

Som naboar på ein liten plass kan dei to ikkje unngå å støyte på kvarandre. Om dei er aldri så ueinige, så skal dei leve side om side.

Og midt i striden har dei bygd noko dei kan samlast om.

– Vi jobbar for fellesskapet. Det går smertefritt så lenge du ikkje nemner vindkraftsaka, seier Ivar Rune.

Tilbake på fjellet har dei to ikkje lenger armane i kors.

Sola står ikkje lenger like høgt på himmelen. Det er på tide å gå ned att frå fjellet.

Gapahuken i Bremanger

DUGNAD: Både jasida og neisida byggjer denne i lag.

Foto: Ivar Rune Varpe