Landsmøtet til Senterpartiet vedtok i helga at dei vil stanse planane om å elektrifisere Melkøya med landstraum.
I vedtaket, som splitta Senterparti-leiinga, slår «straumopprørarane» fast at søknaden til Equinor om å elektrifisere LNG-fabrikken på Melkøya «må avvisast».
– Vedtaket er kroken på døra for Equinors planar, skriv Nordlys på leiarplass.
NRK har vore i kontakt med fleire som spekulerer i at vedtaket kan skape ny politisk dynamikk i dei omstridde planane.
– Når partileiinga i Senterpartiet no har fått ein klar marsjordre, så forventar eg at dei også vil stemme for forslaget vårt i Stortinget, seier Terje Halleland (Frp).
Forslaget om å «stanse og utsetje elektrifiseringsprosjektet» blir sendt frå Energi- og miljøkomiteen til Stortinget neste veke.
– Lite grunn til å tru at Aasland vil gi grønt lys
Halleland hevdar vidare at Ola Borten Moe, som leidde resolusjonskomiteen i Sp, har gitt «uklare tilbakemeldingar» om korleis Senterpartiet vil følgje opp landsmøtevedtaket i praksis.
– Det er svært uheldig av omsyn til både straumkundar og industribedrifter i nord som fortener ei endeleg avklaring frå regjeringa, seier han.
I VG har Borten Moe uttalt at vedtaket ikkje gjeld «om utbygginga av infrastruktur opp til Hammerfest frigjer nye energiressursar som kan haustast og matast inn på nettet.»
– Det er eit ope spørsmål om det lèt seg gjere, seier han til avisa.
«Etter vedtaket på Sp-landsmøtet er det lite grunn til å tru at Aasland vil gi grønt lys. Då må Arbeidarpartiet i så fall køyre over regjeringspartnar Senterpartiet i ei sak der det også er stor motstand internt i eigne rekkjer i Nord-Noreg», skriv Anders Bjartnes, som er redaktør i Energi og Klima.
På Stortinget har Venstre levert forslag om at utsleppskutt på Melkøya må takast med karbonfangst i staden for elektrifisering. SV har fremja same ønske.
Kjell Ingolf Ropstad i KrF seier til NRK at han «forventar» at regjeringa no greier ut andre alternativ til å elektrifisere Melkøya.
– Fosen-dommen og knappleik på kraft har sett heile elektrifiseringa av Melkøya i eit nytt lys. Då må vi ha betre analysar av karbonfangst enn det vi har i dag, seier han.
I VG har Ola Borten Moe uttalt at vedtaket ikkje gjeld «om utbygginga av infrastruktur opp til Hammerfest frigjer nye energiressursar som kan haustast og matast inn på nettet.»
Foto: Bjarte Johannesen / NRK– Legg press på regjeringa til å seie nei
Equinor har fleire gonger sagt at det ikkje er plass til eit karbonfangstanlegg på Melkøya, og dessutan at det blir for dyrt.
Spørsmålet om Melkøya skal i utgangspunktet behandlast i regjeringa, men representantar frå ulike parti har innvendt at saka er av så stor nasjonal betydning at ho bør innom Stortinget for behandling.
Stortingsrepresentant for Raudt, Sofie Marhaug, seier at vendinga under landsmøtet til Sp var «det eine punktet der leiinga ikkje klarte å halde delegatane i selane» og at det nye vedtaket «forhåpentleg legg press på regjeringa til å seie nei» til planane.
– Eg er veldig spent på om det gir nokre utslag på Stortinget eller i regjering. Det er ikkje godt å seie, seier ho.
Ove Trellevik i Høgre trur den einaste konsekvensen er at det no bli «endå mindre aktuelt for regjeringa å ta saka til Stortinget».
– Elles trur eg ikkje det kjem til å bety noko. Det var kjend frå før at det var stor motstand i Senterpartiet, også blant representantane på Stortinget.
– Departementet må greie ut havvind-alternativet
Sindre Østby Stub er fagansvarleg for energi i Miljøstiftelsen Zero.
– Vi meiner havvind i kombinasjon med storstilt satsing på energieffektivisering er eit alternativ som departementet må greie ut. I løpet av våren kjem NVE med forslag til nye havvindområde, og Statnett peikar på Hammerfest som eigna område for ilandføring av havvind, seier han.
Han legg til at energieffektivisering er eit «undervurdert tiltak» og at Energikommisjonen viser at vi kan frigjere om lag 100 MW kraft i nettet nord for Balsfjord mot 2030.
– Det er om lag ein tredel av det forventa forbruket på Snøhvit.
Over hele landet står industrien i kø for å koble seg til strømnettet - mange av dem i Nord-Norge
Alt fra oppdrettsanlegg, sjømatproduksjon, elbilladere og slakteri til hydrogenproduksjon, ladeanlegg og datasentre trenger enorme mengder strøm
Bare i denne regionen alene trenger de over 1400 megawatt
Det tilsvarer samme effekt som 1,4 millioner av panelovnen du har hjemme på veggen