Hopp til innhold

Folkevalde «feiga ut» då dei skulle vedta ny plan for vindkraft

Den første regionale fornybarplanen i landet er utsett. Statsvitarar kallar det eit demokratisk problem at politikarar «ryddar vanskelege spørsmål unna valkampen».

En 70 meter lang vindmølle-vinge på vei opp til Guleslettene vindpark like ved Florø

VENTER PÅ GODOT: Vestland fylkesting vedtok i førre veke å utsette kraftspørsmål til etter valet: – Feigt og ansvarslaust, seier kritikarar.

Foto: Tore Meek / NTB

I midten av mars var Vestland fylkesting samla for å vedta ny energiplan. Vedtaket skulle vere kulmineringa av eit arbeid som har gått føre seg sidan 2021.

Men i staden for å fatte vedtak, valde fleirtalet å skyve på avgjerda til etter valet.

Dei grunngav utsetjinga med at det er betre å vente på tilrådingane til Straumprisutvalet i oktober.

Blant mindretalet har utsetjinga skapt skarpe reaksjonar, av fleire grunnar:

  • Veljarane har krav på å få kraftpolitiske avklaringar før valet
  • Fylket «mistar verdifull tid» i den grøne omstillinga
  • Det kjem ingen «nye innsikter» i oktober. Den meir utførlege rapporten til Energikommisjonen er allereie ute
  • «Unnvikinga» står i skarp kontrast til handlekrafta til EU-kommisjonen, som same dag (14. mars) la fram forslag til ny kraftmarknadsreform

Du skal ikkje tru stygt om andre

Påstanden om at motstandarane skyv ubehagelege spørsmål framfor seg byggjer på at veljarane ikkje har same høve til å «straffe» politikarane etter valet, når stemmesetelen er «brukt opp».

Du skal ikkje tru stygt om andre, og eg vil ikkje skulde andre parti for å ta taktiske omsyn. Men eg tillèt meg å lure. Ja, eg gjer det, seier Trude Brosvik, som er gruppeleiar for KrF og tilhøyrte mindretalet.

Frå Raudt er talen klarare:

Etter mitt syn er dette ein feig og ansvarslaus måte å unngå vanskelege spørsmål på, seier fylkestingsrepresentant Terje Kollbotn.

Jeanette Syversen, Rødt

– Veljarane fortener å vite kva politikarane vil prioritere. Valkampløfte om naturmangfald er no berre skrift i sand, seier Jeanette Syversen, som er leiar i Raudt Vestland. Raudt har profilert seg på eit tydeleg nei til vindkraft på land, men har vist teikn til å vere på glid i spørsmålet om havvind.

Foto: Privat

Den mest omstridde delen av den regionale kraftplanen talfestar mål for havvind (5-10 TWh) og vindkraft på land (3,4 TWh).

Sigrid Brattabø Handegard, som er gruppeleiar for Senterpartiet, seier at partiet treng tydelegare forsikringar om krafteksport før dei kan stemme over planen.

Det et heilt logisk å vita korleis tiltaka vil verke, før vi tek stilling til omfang og kraftproduksjon, seier ho.

Guleslettene i Bremanger mars 2021

Den mest omstridde delen av den regionale kraftplanen talfestar mål for havvind og vindkraft på land. Delar av fylkestinget ønskte å skrote desse planane først som sist, medan andre vil vente på vidare avklaringar.

Foto: Anna Nilsson / Norsk institutt for naturforsking

– Ein gåvepakke til den slappe fylkesvalskampen

Statsvitar Svein Erik Tuastad kallar det «eit demokratisk problem» at politikarar prokrastinerer og «ryddar vanskelege spørsmål unna valkampen».

Det er ein del av det politiske spelet, men det betyr ikkje at vi skal godta det. Det er faktisk grunnleggjande udemokratisk. Demokrati er at veljarane tek opplyste val om framtidig politikk.

Han meiner grunngivinga for å utsetje vedtaket er «tynt», sidan det ikkje er mogleg å forskotere nøyaktig kven som skal «få» den nye straumen, og at ein energiplan «eigentleg er ein gåvepakke til den vanlegvis slappe fylkesvalkampen».

Ein annan ting er at straumpolitikken bør bli lokal. Det er lokalt vi må ta dei vanskelege vala. Skal vi verne vassdraga eller ikkje? Byggje vindpark? Til no har straumdebatten vore fjern og abstrakt, noko om utlandet, liksom. I dette tilfellet gjer fylkespolitikarane det motsette av å gjere straumdebatten meir lokal.

Les også Klimakutt set industribygd i skvis

Høyanger kommune

Politisk redaktør i Fedrelandsvennen, Vidar Udjus, stiller same diagnose:

I eit demokratisk perspektiv er det svært uheldig å skyve på vanskelege saker til etter eit val. Eit politisk organ er valt for fire år, og veljarane bør ha krav på at organet er handlekraftig heile perioden, seier han.

Peter Egge Langsæther, som forskar på veljaråtferd, er meir tvisynt.

På generelt grunnlag seier han at det er «veldig uheldig dersom politikarar skyv på upopulære avgjerder for å unngå å bli ansvarleggjord av veljarane», men legg til:

Samtidig kan det jo vere heilt legitimt å skyve på ei avgjerd dersom det er gode grunnar til det, til dømes om kunnskapsgrunnlaget for avgjerda er betre etter valet.