Friederike Urbassek Hoffmann, Luciane Hoffman Urbassek og Tore Lirhus saman med tvillingsønene.
Foto: Privat

Familien som ikkje er lov: Fekk barn med kompisen

I Tyskland er Luciane og Friederike begge mor til barna. Når dei kjem heim til Noreg, mister ein av dei alle rettar som forelder.

Friederike syklar så fort ho kan.

I høgre bukselomme har ho eit plastrøyr med dyrebare dropar. Dei må halde kroppstemperatur og nå heim til kona Luciane i tide.

I tre år har dei gått gjennom same ritual.

Sæd frå ein kamerat. Ei plastsprøyte frå apoteket.

Så enkelt, men også så komplisert.

Barn blir til på mange vis, og i stadig fleire ulike familiar.

Friederike og Luciane brukte fleire år på å planleggje familien dei vil ha. Prøvd og blitt skuffa fleire gonger.

Skal det gå denne gongen?

Tre om det

Seks år etter, sommaren 2020, tråkkar Friederike over sko og sandalar på veg inn i huset.

På golvet innanfor gangen står ein togbane. Stua er full av leiker og ting ungar strør om seg med. På utsida av den kvite tomannsbustaden i Bergen står ei trampoline som ungane i nabolaget hoppar seg sveitte på.

Heimen til ein vanleg barnefamilie, med to mødrer.

Men på papiret eksisterer dei ikkje. Ikkje som familie.

På papiret er kona Luciane åleinemor. Friederike er berre gift med henne, og ikkje mor til dei to barna deira.

For gutane er det enno enkelt. Det er mamma Frie og mamma Lu. Og pappa Tore.

Han bur fem minutt unna, hentar i barnehagen og deler på helgene med mammaene. Feriar, høgtider og bursdagar feirar familien på fem saman.

Men i Noreg kan eit barn berre ha to juridiske foreldre.

Det visste Friederike og Luciane då dei fekk barn. Men dei ante ikkje at dei ikkje kunne velje sjølv kven dei to skulle vere.

Dei visste heller ikkje at det ni år seinare, i 2020, skulle bli ein offentleg debatt om familiar som deira.

Friederike Urbassek Hoffmann saman med ein av sønene

Friederike Urbassek Hoffmann saman med ein av dei to sønene.

Foto: Privat

Ein far til barnet

Friederike og Luciane møtte kvarandre for 16 år sidan, då dei studerte ved same universitet i heimlandet Tyskland. Etter to år som kjærastar flytta dei saman.

Dei ville begge ha barn, sjølv om dei ikkje visste akkurat korleis.

Det einaste dei var sikre på, var at barnet skulle kjenne den biologiske faren.

Dei kunne vald assistert befruktning ved ein godkjend klinikk, slik mange lesbiske par gjer. Men då ville ikkje barnet få vite kven sæddonoren var før det blei 18 år.

Dei kjente med heile seg at det ikkje er rett. Ikkje for dei.

Luciane var snart 30 år og vil gjerne gå gravid. Friederike var ni år eldre, og vil helst sleppe.

Men det tok tid å finne ein dei ville ha barn med.

Då dei flytta til Noreg for jobb i 2008, leita dei framleis etter ein ven som kunne passe.

Dei kjente ikkje mange i Bergen, men gjennom organisasjonsarbeid trefte dei Tore. Saman engasjerte dei seg i at lesbiske og homofile skal ha same rettar som andre. Arrangerte seminar og paradar.

Etter kvart blei dei del av Tores venegjeng. Sakte vaks tanken fram.

Dei hadde kjent kvarandre i to år då dei spurde. Tore bad om å få tenke på det. Dei var gode vener, men å få barn saman er eit stort ansvar. Han ville kjenne dei endå betre før han svara ja.

Eit heilt år gjekk før han kjende seg trygg nok. Han ville gjerne bli far, men hovudansvaret skulle mødrene ha.

Difor skreiv dei ei avtale og signerte. Tore skulle vere ein aktiv far for barnet, men han skulle ikkje vere juridisk forelder. Det var Luciane og Friederike som skulle vere.

Friederike Hoffmann, Luciane Urbassek og Tore Lirhus under pride i Bergen i 2014.

Friederike, Luciane og Tore i Pride-parade i Bergen i juni 2014. Tre veker seinare blir tvillingane fødd.

Foto: Privat

Hadde dei vald donorsæd frå ein godkjend klinikk, ville Friederike kunne blitt medmor, med same rettar som ein far. Det kan ein ikkje bli om ein blir gravide på eigen hand.

Saman leita dei seg gjennom det norske regelverket.

Valet av Tore gjorde alt meir komplisert, men det fanst ein moglegheit til.

For at også Friederike skulle bli juridisk mor, kunne ho stebarnsadoptere barnet til Luciane etter at det var fødd.

Friederike tenkte at det skulle gå greitt. Dei var jo gift, og hadde ei klar avtale med Tore om at han ikkje skulle vere juridisk far.

Dobbelt opp

Jordmora sveipa sakte over magen.

På ultralydskjermen svømte to tvillinggutar.

Luciane hadde kjent det på seg lenge at det var to. No trudde dei andre på ho også.

Det hadde tatt tre år med prøving frå Tore sa ja til ho blei gravid, og dei ønska seg to barn. No skulle dei få begge på ein gong!

Friederike kunne ikkje søke om å adoptere barna no. Ho måtte vente til dei var fødd. Likevel ringde Bufetat for å finne ut korleis ho skulle gå fram. Det kom til å bli travelt med to babyar, og ho ville ha papirarbeidet klart før dei kom.

Medan ho noterte spurde ho sakshandsamaren om det hadde noko å seie for adopsjonssøknaden om sæddonor var kjend eller ikkje.

Enno hadde dei ikkje opplyst myndigheitene om Tore. For først når barna blei fødd, måtte dei skrive kven som er far på fødselsattesten.

– Eg fekk berre til svar at eg ikkje måtte halde att informasjon.

Framleis tenkte Friederike at det kom til å ordne seg.

Tvillinggutane til Friederike Urbassek Hoffmann

Gutane var etterlengta då dei blei fødd sommaren 2014.

Foto: privat

Så blei gutane fødd.

Dei var friske og fine, men to babyar på ein gong var meir strevsamt enn dei kunne sett føre seg. Luciane trong all hjelp ho kan få.

Dei to bytte på alt.

Mating, byssing og bleieskift.

Nettene tok Friederike seg av, slik at Luciane skal få sove.

Men enno var ho ikkje mor til gutane.

Friederike hadde ingen foreldrerettar, men arbeidsgjevaren gav ho nokre veker fri, heilt i starten. Etterpå tok ho ut alt av ferie for å kunne vere heime så lenge som mogleg.

Så fort ho kunne, sende ho søknaden om stebarnsadopsjon. Det var viktig at alt det formelle er på plass før ho skulle ut i mammaperm.

Så var det berre å vente.

Friederike Urbassek Hoffmann og Luciane Hoffman Urbassek med sønene

Friederike og Luciane kjenner seg heime i byfjella i Bergen. Det er i Noreg familien vil bu.

Foto: Privat

Dei hadde fått vite at det skulle ta eit halvt år for Bufetat å handsame søknaden.

Då svaret kjem var det blitt vår og tvillingane var ni månadar. Dei kravla rundt på golvet og Friederike hadde akkurat starta permisjonen. Ho gledde seg til månadane saman med dei fram til barnehagestart.

Svaret kom som eit sjokk.

Friederike fekk ikkje lov til å adoptere gutane.

Det hjelpte ikkje at dei tre foreldra var einige. Avtala dei hadde skrive under saman med Tore var ikkje juridisk bindande, og ikkje god nok grunn til å innvilge adopsjonen.

Bufetat viste til at farskapet var kjent, og at barna difor allereie hadde to juridiske foreldre. Ein adopsjon ville føre til at dei juridiske banda mellom far og barn blei heilt borte, og det kunne ikkje gjerast om, påpeikte Bufetat.

Fordi Tore var der, fekk ikkje ho vere mor.

«Vi viser da til at det allerede er etablert en ganske omfattande samværsordning mellom barna og deres far. En eventuell adopsjon vil avskjære barnas rett til samvær med ham etter barneloven.»

Bufetat, region vest

Friederike kunne ikkje forstå det. Barna budde saman med ho og Luciane. Dei var mødrer saman. Betydde det ikkje noko at ho var mammaen deira?

Når barna er så små, er det viktige at dei har ein god omsorgssituasjon. Ikkje kva juridisk status Friederike har, skreiv Bufetat.

Prisen for å vere mor

Er ho ikkje mamma på papiret, får Friederike heller ikkje foreldrepengar.

Tore har heller ikkje formelt foreldreansvar for barna, med rett på sjukedagar eller permisjon. Dei rettane var det jo Friederike som skulle ha.

No måtte dei i staden i all hast gjere foreldrepermisjonen hennar om til ein ulønt permisjon. Dei rekna ut at det vil koste dei rundt 100.000 kroner i tapte inntekter. Friederike ville ikkje gå glipp av tida saman med babyane.

Ein siste moglegheit var å klage på vedtaket. Kanskje kunne dei få myndigheitene til å snu?

Friederike leita fram nye dokument og diskuterte med sakshandsamarar på telefonen.

– Eg stod med gråtande tvillingar i armane og blei beden om å forklare kvifor eg meinte eg var mamma.

Den vesle tida dei hadde til overs når gutane sov, blei brukt til å diskutere og fylle ut nye skjema. Tid dei helst ville brukt på å sjå ein film saman, eller sove.

Det hjelpte ikkje, for også i andre runde fekk dei nei. Friederike fekk ikkje adoptere gutane.

Tore var framleis den andre juridiske forelderen.

Friederike var mamma, men hadde ingen rettar.

Tvillingane var mykje sjuke i starten, men ho kunne ikkje ta ut sjukt barn-dagar. Heller ikkje når også Luciane blei sjuk.

Kvardagen gjekk berre akkurat rundt.

Men det var likevel tankane som tok mest krefter.

Det gjorde Friederike uroleg at ho ikkje har noko juridisk band til barna. Ho stolte på at ho ville få vere mamma sjølv om ho og Luciane skulle gå frå kvarandre. Men kva om kona døydde?

Bufetat hadde svart ho at det ikkje var noko grunn til uro for at barna skulle bli tatt frå ho, men ho tenkte på det likevel. Sjå heile svaret frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet nedst i saka.

Ein dag dei henta posten, oppdaga dei likevel ein fordel dei hadde. Fordi Luciane var tysk og på papiret åleinemor, fekk dei prioritert plass i barnehagen.

Dei lo, og takka ja til plassane.

Mor i Tyskland, ikkje Noreg

Gutane visste ingenting om alle formalitetane mødrene heile tida jobba med å få på plass.

Dei hadde allereie møtt tre set besteforeldre. To par i Tyskland, heimlandet til Friederike og Luciane, som dei besøkte i feriane. Eit par på Voss halvannan time unna. Det beste frå to verder.

Hausten 2015 starta gutane i barnehagen, og dagane fann sin fine rytme. Mammaene fekk eit pusterom dei dagane pappa Tore henta i barnehagen.

Når Luciane var på jobb offshore, var det likevel ein mamma til og ein pappa igjen i Bergen som passa på dei.

Det var godt for alle at vi var tre vaksne. Barna hadde ein pappa, og vi fekk avlastning.

Likevel klarte ikkje Friederike å finne roa.

Det var viktig å få papir på at ho var mora deira. Fyrst då ville gutane få rett til å arve ho. Rett til alt det andre barn har krav på frå ein forelder.

Ho hadde fått endeleg avslag på stebarnsadopsjon i Noreg, men dei var begge tyske statsborgarar. Det var då tanken slo ho. Kva om dei prøvde i Tyskland?

Dei tok kontakt med ein tysk advokat. Jo, han trudde det skulle gå.

I Tyskland kan mors kone adoptere felles barn om den biologiske faren seier ja. Også land som Italia, Sveits og Slovenia har opna for stebarnsadopsjon i likekjønna ekteskap.

Livet deira var i Bergen, og dei ville ikkje flytte tilbake. Dei skjøna at det skulle mykje til for at ein tysk adopsjonen ville bli godkjent i Noreg, men dei hadde lite å tape.

Dei bestemte seg for å prøve.

Friederike Hoffmann og Luciane Urbassek gifta seg på ny i Tyskland i 2016.

Nytt land, nytt bryllaup. Både fyrste og andre gong Luciane og Friederike gifta seg, var det fordi dei ønskte at begge to skulle vere juridiske mødrer til barna.

Foto: Privat

Tysk lov krev tysk ekteskap. Sidan Friederike og Luciane hadde gifta seg i Noreg, måtte dei gifte seg på ny.

Sjølv om det var rart å skulle gifte seg på ny, kjentest det fint å samle vener og familie i Tyskland til fest. Ein fest for dei alle fire.

Nygifte, for andre gong, reiste dei til Berlin.

Men denne gongen var bryllaupsreisa for å bli ein familie.

Dei leverte vigselpapira og reiste heim igjen til Bergen.

Det tok eit år å få svar. Gutane var blitt tre år då brevet frå den tyske ambassaden kom i juni 2017. Tyske myndigheiter hadde godkjent adopsjonen.

Endeleg ein siger.

No var Friederike juridisk mor til sønene i Tyskland, men ikkje Noreg.

Dei rusta seg for ein runde til. Med nye papir, nye søknadar, nye argument.

Det hjelpte ikkje.

I november 2018 avslo Bufetat også søknaden om å anerkjenne adopsjonen frå Tyskland.

I brevet skreiv dei at det var uheldig at barna hadde ulike juridiske foreldre i Noreg og Tyskland, men at det ikkje var avgjerande for saka. Å godkjenne adopsjonen meinte dei vil vere forskjellsbehandling, og å omgå det norske regelverket.

Det er heller ingenting som tilsier at vilkårene for stebarnsadopsjon, herunder at adopsjon ville vært til barnas beste, er oppfylt per i dag.

Bufetat, region øst

«Til barnas beste.»

Setninga kjennest som eit slag i magen.

– Vi hadde ønska oss barn så lenge, men blei ikkje godkjent som familie.

Dei var like langt.

Alt ho ikkje skulle visst

Friederike gav opp å få adoptere i Noreg.

Dei kunne ha klaga på avgjera, eller venta nokre år og prøvd å søke om stebarnsadopsjon ein gong til. Men no kjente dei at det var nok.

– Då hadde familien levd i ein juridisk limbo i over fire år. Vi tenkte at vi fekk gje opp håpet om dei same juridiske rammene rundt familien som andre har, og heller finne eit best mogleg alternativ.

Dei orka ikkje kjempe meir med lovar og paragrafar. Kampen om lovverket fekk nokon andre ta, tenkte dei då.

Ein advokat hjelpte dei å sy eit lappeteppe av dokument som skulle halde familien saman.

Eit gjensidig testament med ynskje om at Friederike skulle få behalde ungane om kona skulle døy. Erklæringar frå far og ekstra forsikringar.

Det var då det gjekk opp for dei. At Friederike hadde fått vite meir enn ho skulle om gutane.

I fire år hadde ho fått vite om halsbeteningar og medisinar, utflukter med barnehagen og skrubbsår frå rutsjeturar i sklia. Informasjon som alle foreldre skal få.

Men ho var ikkje mor til gutane, etter lovverket.

Barnehagen, fastlegen, helsesøster. Ingen andre hadde tenkt på det heller. Alle hadde tatt for gitt at ho var mora deira.

Luciane fekk signert papir som gav barnehagen lov til å fortelje. Men for Friederike kjennest det som ei ny påminning frå systemet:

«Ikkje gløym at du ikkje er mor».

Meir enn ein donor

For far Tore hadde avtalen alltid vore klar. Han hadde ikkje bedt om å få det formelle foreldreansvaret for gutane, for planen var at Friederike skulle ha det.

No var ingen av dei ein fullgod forelder nummer to.

Han hadde fått ordna med faste vakter på jobb slik at han kunne hente ungane i barnehagen når han skulle ha dei, men hadde ikkje rett på fri frå jobb om dei blei sjuke.

Ein fleksibel arbeidsgjevar gjer at han likevel kan trå til når mødrene treng det. Men han skulle ønske at gutane kunne ha like rettar til både han og Friederike.

– Myndigheitene tenker og handlar utifrå eit verdsbilde som vi ikkje passar inn i.

Tore har aldri ønska å berre vere ein donor.

Gutane er ein like stor del av del av hans familie som mødrene sine, med tanter og søskenbarn som er glade i dei.

Denne hausten kan det skje noko med familiar som Tore, Luciane og Friederike sine. I november skal Barnelovutvalet levere eit forslag til ei ny, modernisert barnelov.

Kunne Tore velje, ville han vald eit lovverk der barn kunne hatt meir enn to juridiske foreldre. Reglar som tek omsyn til familiar som dei.

– Barn har veldig mange vaksenpersonar som er viktige i liva deira i dag. Det hadde vore greitt om lovverket hadde vore meir fleksibelt. Faktum er at gutane våre har to mødrer og ein far.

Ein familie

Hausten 2020 har gutane blitt seks år og kvardagen fungerer, på sitt vis.

Dei har fått ordna opp i det alle er meste. Fått avtaler og sikra arv. Men ikkje alt lar seg ordne. Friederike er ikkje heilt trygg på at gutane høyrer til ho, uansett.

For juridisk er ho framleis ikkje mor deira.

Stadig kjem det små påminningar. Første skuledag måtte Luciane gi beskjed om at Friederike også skulle få informasjon om gutane frå skulen. Det ordna seg etter nokre dagar, men dei kunne ønske det hadde gått av seg sjølv. Slik det gjer for andre foreldre.

– Ingen rundt oss har problem med å forstå kva slags familie vi er. Barnehagen, helsestasjonen, ungane i gata.

– Det er berre myndigheitene som ikkje forstår det.

Friederike Urbassek Hoffmann og Luciane Hoffman Urbassek heime i hagen i Bergen

Mamma Frie og mamma Lu heime i hagen i Bergen.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Noko har endra seg det siste året.

Sjølv om Friederike har gitt opp å adoptere, kjenner dei seg ikkje ferdige.

Dei har lest om ein annan familie der mammaen Anne ikkje får bli juridisk mor. Som også kjempar for å endre regelverket.

Dei fortel fordi dei vil at det skal vere mogleg. Mogleg å vere ein familie som dei.

Med to likestilte mødrer, og ein far som er der i kvardagen. Eller ein «onkel» som kjem på besøk innimellom, slik dei veit andre familiar gjer det.

For dei meiner det er ein god modell.

Ein familiemodell dei trur fleire ville vald, om dei kunne.

Luciane stryk kona på armen.

– Det hjelper at ungane ikkje ser forskjell. Dei bryr seg ikkje om det juridiske. «Fri» er mamma.

Hei!

Har du eit tips som eg bør sjå på? Eller ei historie NRK bør fortelje?
Send meg ein e-post! 

Tidlegare har eg skrive om då Olve blei alvorleg skadd på tur med barnehagen, om Friederike som er mor til barna i Tyskland, men ikkje i Noreg, og om åleinemora som skjulte for alle at ho var fattig