Hopp til innhold

Thailand først ute i Søraust-Asia: No kan desse to gifte seg på ekte

130 stemte for, fire imot. Dermed vert Thailand det første landet i Søraust-Asia som seier ja til likekjønna ekteskap.

Vorawan «Beaut» Ramwan and Anticha «An» Sangcha poserte i brudekjolar på prideparaden i Bangkok i juni 2022. To år seinare kan dei gifte seg på ekte.

BRUDEPAR. Vorawan «Beaut» Ramwan and Anticha «An» Sangcha poserte i brudekjolar på prideparaden i Bangkok i juni 2022. To år seinare kan dei gifte seg på ekte.

Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP

Lykkelege og nygifte – i alle fall for ei lita stund. Bileta av Vorawan «Beaut» Ramwan og Anticha «An» Sangchai som gifta seg under Pride-paraden i Bangkok i 2022, gjekk viralt den gongen.

Men ekteskapet var ikkje gyldig. For trass Thailands blomstrande LHBT-kultur, har styresmaktene vore meir konservative. Fram til no.

I dag vart det bestemt at Thailand vert det første søraustasiatiske landet som gjer det lovleg med likekjønna ekteskap.

– Dette endrar livet mitt, og liva til mange andre thaiar, seier Sangchai til Reuters.

Med dagens lovendring vert Thailand også det tredje landet i heile Asia der homofile par får gifte seg. Nepal og Taiwan er dei to andre.

– Vi har venta lenge på dette

Sangchai og Ramwan traff kvarandre under koronapandemien. No har dei vore i lag i fire år. Dei bur saman med katten sin i ei leilegheit i Bangkok, der Sangchai er universitetslektor og Ramwan jobbar som sjukepleiar. Livet deira går føre seg i tosemd.

– Vi signerer vigselsattesten så snart lova trer i kraft. Vi har venta lenge på dette, seier Sangchai.

For dei to er retten til ekteskap meir enn berre ein bryllupsseremoni.

– Det gir oss den same lovlege beskyttelsen som heterofile par, men det er også ei anerkjenning av vår eksistens, seier dei.

Fram til no har likekjønna par gått glipp av enkelte rettar som ein elles får som gifte i Thailand, slik som arv, adoposjon, skattelette og frynsegodar på jobb.

4. juni 2024. Pride i Bangkok.

Lovendringa kjem midt under pridemarkeringa i Bangkok.

Foto: Manan Vatsyayana / AFP

Overveldande fleirtal stemte for

Thailands 25. pridemarkering er i full sving i hovudstaden. Landet har lenge vore kjent for openheit når det gjeld kjønnsmangfald og ulike formar for samliv. Ein viktig motor i den enorme turistindustrien deira er nettopp LHBT-kulturen.

Men til no har det vore eit skille mellom folk og kultur, og styresmakt og lov.

I senatet i dag stemte 130 for lovforslaget, medan fire stemte imot. 18 stemte ikkje.

No vert lova sent til Kongen for endeleg godkjenning, men dette vert rekna som ein formalitet. Lova er venta å tre i kraft seinare i år.

Ramwan gler seg til å kunne verte kvarandre sine nærmaste, også i ein naudssituasjon. Som sjukepleiar har ho sett fleire tilfelle der ein partnar ikkje kan ta medisinske avgjerdsler på vegne av partnaren sin, fordi dei ikkje er juridisk gifte.

– Tidlegare har eg vore redd for å verte gammal. Eg har ikkje kjent meg trygg på at nokon kan ta vare på meg eller at eg kan lene meg på nokon, seier Ramwan.

Ho er glad for at ho no får lov til å ta vare på Sangchai, og omvendt.

SISTE NYTT

Siste nytt