Hopp til innhold

Vil ikkje stoppe adopsjonar frå utlandet

Bufdir har bede om at adopsjonar frå utlandet blir stoppa medan ein ventar på eit granskingsutval som ser på historiske adopsjonar. Men regjeringa heller styrke kontrollen.

Kjersti Toppe

VIL IKKJE STOPPE: Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) vil styrke kontrollen medan adopsjonar frå utlandet blir granska.

Foto: Aleksander Nordengen Brevig / NRK

Det har storma rundt adopsjon frå utlandet dei siste åra. Det har blant anna vore saker om kidnapping, falske dokument og menneskehandel som er omtalt av NRK og VG.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har difor starta ei gransking der alle løyve blir vurdert på nytt. Fleire av landa som har hatt samarbeid med Noreg, har allereie fått trekt tilbake eller avslått sine løyver.

Les også Familien fra Mandal rammes av adopsjonsstopp

Hanne-Mari og Kristian Horverak Nordstrand med sønnen.

I fjor blei det også sett ned eit granskingsutval som skal sjå på historiske adopsjonar. Bufdir har bede om full frys av adopsjonar frå utlandet til granskinga er ferdig i løpet av 2025.

Vil ikkje stoppe

Regjeringa har vore i tenkeboksen om dei skal stoppe adopsjonane, men no har barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) bestemt seg.

– Regjeringa har avgjort at vi ikkje stoppar alle adopsjonar til Noreg medan den eksterne granskinga går føre seg, men vi set krav til auka kontroll på dei adopsjonane som skjer, seier ho til NRK.

Les også Priyangika vil ha adopsjonen reversert

Brun dame med mørkt hår hører på musikk på trikken

Ho meiner dei auka kontrolltiltaka skal gjere at adopsjonar frå utlandet vil vere forsvarlege.

– Det vil først og fremst dreie seg om dokumentkontroll for å hindre falske dokument og sikre at det er rette opplysningar. Og at direktoratet sjølv vil overta ansvaret for å dobbeltkontrollere opplysningane vi får om barnet.

Fordi Bufdir allereie har trekt løyva til dei fleste landa adopsjonsforeiningane samarbeider med, vil denne avgjerda få avgrensa effekt.

Det adopsjonar frå Colombia og Bulgaria som no blir vidareført. I tillegg har Sør-Korea fått eit avgrensa fornya løyve.

Tilbaketrekkingane er klaga inn til departementet som ikkje har konkludert enno.

Ventar i uvisse

Eitt av para som ventar på å få adoptere eit barn er Lina Langerud Heikkilä og Eldan Naftaly Nysveen.

Men landet dei har søkt om å få adoptere frå, Sør-Afrika, var blant landa som nyleg fekk trekt tilbake løyvet frå Bufdir. No veit dei ikkje kva som kjem til å skje

– Eg blei veldig lei meg. Vi kjente på ei sorg over noko vi ønskte så mykje og har jobba hardt for at vi skal få til, seier Heikkilä til NRK.

Ei kvinne og ein mann som sit ved sidan av kvarandre.
Foto: Trond A. Stenersen / NRK

Paret forstår at adopsjonane blir granska, men seier dei håper at det kan bli lagt til rette for ei etisk og trygg vidareføring medan granskinga skjer for å unngå negative konsekvensane ein full stopp kan innebere.

– Det er så utruleg mange barn som ventar i institusjonar på adopsjon, og desse barna vil jo då bli sittande der på ubestemt tid. Det er vondt å tenke på.

AKTUELT NÅ