Hopp til innhold

Sjå video: Dette er alt som er igjen av KNM «Helge Ingstad»

Fregatten til over 4 milliardar er kutta opp i tusenvis av bitar og er så godt som borte. No blir delar av skipet brukt på ny.

Bit for bit blir den norske fregatten KNM «Helge Ingstad» riven frå kvarandre.

Det som ein gong var eit stolt krigsskip skal bli til skrapmetall, resirkulert og brukast på ny andre stadar.

Fregatten, som kolliderte med lasteskipet «Sola TS» seint i 2018, har det siste året blitt plukka frå kvarandre på Norscrap West AS sitt anlegg i Hanøytangen på Askøy.

No kan vi for første gong sjå at krigsskipet er så godt som borte.

CYPRUS-SYRIA-NORWAY-UN-CONFLICT-CHEMICALS

Fregatten frå 2009 var på fleire oppdrag før den dramatiske ulykka. Her i Middelhavet den siste dagen i 2013.

KNM Helge Ingstad ved skadestedet i Øygarden 12.november

Den 8. november 2018 kolliderte fregatten med tankskipet «Sola TS» og sank nær land i Hjeltefjorden i Hordaland.

Helge ingstad på vei til hanøytangen

Fregatten vart slept frå Ågotnes i Øygarden til Hanøytangen på Askøy 8. februar 2021.

Helge Instad blir til skrap

Fregatten blir no tatt i frå kvarande på Norscrap West AS sitt anlegg i Hanøytangen i Askøy.

Rom med avgrensa tilgang

Frå før har 2500 delar frå fregatten blitt fjerna i eit hemmeleg bygg på Haakonsvern i Bergen.

Så vart skipet vart slept over fjorden der den dramatiske kollisjonen fann stad tre år tidlegare.

Restane av Helge Ingstad blir hogd opp

STORT: Metallet frå skipet veg kring 5000 tonn.

Foto: NRK-tipsar

I siste omgang vart det forsvaret kallar «skjermingsverdig utstyr» tatt ut, under hemmelege forhold.

Helge Ingstad hadde ikkje gradert materiell om bord då det kom til Askøy. Men Forsvaret vurderte 18 av romma på fregatten som skjermingsverdige, forklarar Magnus Hansvold frå Forsvarsmateriell.

Dei vart låst og berre autorisert personell fekk kome inn.

Det var og døgnkontinuerleg vakthald og kameraovervaking av fregatten.

I mai 2021 vart ein mann dømd for tjuveri etter å ha stole frå fregatten under tømminga av skipet.

Ikkje berre skrapmetall

Mykje av det som no er igjen av krigsskipet blir skrapmetall, men ikkje alt.

– Me skal gjenbruke nokre spesialstålplater som er vanskeleg å oppdrive. Ventilar og bruvindauge blir også reservedelar på andre fregattar, forklarar Hansvold.

Forsvaret har fire andre tilsvarande fregattar.

Skader på KNM Helge Ingstad

SÅR: Akkurat desse platene frå skipet kan nok ikkje brukast vidare, men spesialstålplater blir brukt opp att på andre fregattar.

Foto: Jon Bolstad / NRK

I tillegg skal gassturbinane brukast til utdanning i Marinen. Ein komplett mannskapslugar og ulike merkeskilt får æra av å stå utstilt på Forsvarsmuseet i Oslo.

– Museet vil fortelje om oppdrag fregatten «Helge Ingstad» har hatt, seier Hansvold.

Metallet frå skipet veg i overkant av 5000 tonn. I oktober i fjor var det forventa at Forsvaret kunne tena opp til 12 millionar kroner på salet av metallet.

Fregatten kosta kring 4,3 milliardar kroner å skaffa. Berginga kosta over 700 millionar.

Metallet frå skipet skal seljast på den europeiske marknaden.

Forsvarsmateriell eig restane av skipet til det er seld vidare eller deponert.

Etter planen skal destruksjonen vera ferdig innan utgangen av februar i år.