Ekspertar var på veg for å prøve og redde fregatten. Idet dei kom fram vart den tippa over på sida

Skipssjefen på KNM «Helge Ingstad» fekk aldri vite om folka som var rett rundt hjørnet for å «gjenoppta havariarbeidet». Fleire ting på land svikta då fregatten gjekk tapt.

HER GÅR DEN TAPT: Klokka 10.27 krenga fregatten kraftig over på sida. Manøveren frå slepebåtane forverra situasjonen, meiner Havarikommisjonen.

Stian Sørum Røkenes/NRK

Mykje gjekk gale då KNM «Helge Ingstad» kolliderte med tankskipet «Sola TS» 8. november 2018.

Den siste rapporten tar for seg alt som skjedde frå sekundet fregatten kolliderte og fram til den var å sjå på som tapt. Den viser at det også etter kollisjonen vart gjort mange feil.

Fregatten kunne vore berga, om mannskapet hadde gjennomført ei nedstenging og lukka dører og luker på vasstette skott før dei evakuerte.

Men også på land svikta det. NRK har sett nærare på rapporten for å sjå korleis krisehandteringa fekk konsekvensar for forliset. Den viser mellom anna at:

  • mannskap med havarikompetanse var på veg for å vurdere å gå om bord og «gjenoppta havariarbeidet». Det fekk ikkje havarileiinga på staden vite. Ekspertane rakk ikkje fram før skipet vart dytta på land med vilje.
  • denne manøveren, som var eit forsøk på å berge fregatten, gjorde at skipet faktisk sokk.
  • fregatten vart gradvis «fylt med vann» i nesten fire heile timar før den krenga etter press frå slepebåtane.
  • krisestaben til Sjøforsvaret bestemte at all kommunikasjon til skipssjefen skulle gå gjennom dei. Det førte mellom anna til at informasjon frå teknisk kompetent personell i Forsvarsmateriell, ikkje nådde skipssjefen. Det var han frustrert over.
  • klasseselskapet DNV GL sin naudberedskap måtte vurdere stabiliteten til fregatten utifrå det dei såg på TV. Utrekningane deira om flyteevnen vart formidla til krisestaben, men nådde aldri skipssjefen på «Helge Ingstad».
Fregatten KNM Helge Ingstad står på land.

DYRT: Fregatten til 4,3 milliardar kroner forliste fjøresteinane i Hjeltefjorden og gjekk tapt for Forsvaret. I løpet av 2021 blir den hogga opp.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Klarte ikkje hjelpe frå land

Kort tid etter den første grunnstøytinga trudde brubesetninga at fregatten skulle gå ned. Dei vurderte alt vatnet som fossa inn som sopass omfattande at fartøyet var tapt.

Skipssjefen vurderte at det var for farleg å gå ned i skipet å forbetre nedstenginga før dei evakuerte.

Manglande opplæring, for lite trening og for dårleg kunnskap om fartøyet gjorde at situasjonsforståinga til mannskapet vart feil.

Havarikommisjonens rapport viser at krisestabane på land ikkje greidde å gi råd eller hjelp som endra denne forståinga.

«Manglende samordning mellom kriseplanverket i Sjøforsvaret og Forsvarsmateriell førte til at beslutningsstøtte ikke ble organisert og gitt tidlig nok etter grunnstøtingen», konkluderer Havarikommisjonen.

KV Bergen og KNM Helge Ingstad

LEIA ARBEIDET: Skipssjefen og resten av mannskapsleiinga på KNM «Helge Ingstad» evakuerte over i kystvaktskipet «Bergen» (i front). Derifrå leia dei og tok avgjerder for å prøve å berge fregatten.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Forsvaret senka sin eigen fregatt

Bileta av slepebåtane som dyttar fregatten opp mot land har brent seg fast på minnet til mange. Dette gjekk føre seg i fleire timar, fordi skipssjefen frykta fregatten skulle synka om den sklei av grunnen.

Til slutt gjekk det gale.

På den aller første pressekonferansen etter skipskollisjonen, fortalde leiinga i Sjøforsvaret at hensikta med bruken av slepebåtane var å sikre at fregatten ikkje skulle gå ned.

Kommandør Sigurd Smith forklarte at dei hadde bestemt seg for å setje fregatten «kraftig på grunn». Deretter var dei redde for at fartøyet skulle skli av og synke.

– Vi brukte slepebåtar for å prøve å trykke fartøyet på land for å justere på korleis fregatten låg, slik at det skulle bidra til å stabilisere situasjonen, sa Smith.

«Det at slepebåter skjøv fregatten sidelengs opp mot land førte til at situasjonen utviklet seg raskere», meiner Havarikommisjonen.

Store delar av den 45 meter lange flenga i skroget hamna til slutt under vatn grunna dyttinga frå slepebåtane.

Skipet krenga difor plutseleg over på styrbord side klokka 10.27. Akterskipet sank og aksling/ror sette seg på sjøbotnen.

– Rapporten inneheld ein djuptgåande analyse av korleis situasjonen vart oppfatta på ulukkestidspunktet og i det vidare arbeidet med å berge fartøyet. Smith sine uttalelsar må sjåast i lys av dette, seier kommunikasjonssjef Torill Herland i Sjøforsvaret.

Fregatten KNM Helge Ingstad står på land.

DYRT: Fregatten til 4,3 milliardar kroner forliste fjøresteinane i Hjeltefjorden og gjekk tapt for Forsvaret. I løpet av 2021 blir den hogga opp.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Fire timar frå evakuering til krenging

Avdelingsdirektør Dag Liseth i Havarikommisjonen presiserer at det likevel er den manglande nedstenginga av dører og skott som var nådestøyten for fregatten.

– Den ville etter kvart forlist uavhengig av om skadestaden vart dytta meir ned i vatnet av slepebåtane. Men det førte til at situasjonen utvikla seg raskare, seier Liseth til NRK.

Rapporten viser at det gjekk nesten fire heile timar frå den siste evakueringa 06.32 og fram til den avgjerande krenginga 10.27.

– I ettertid ser ein at det var handlingsrom i denne perioden. Kor lenge etter evakueringstidspunktet det hadde vore mogleg å ta seg om bord for å stenge ned aktuelle dører og luker har vi likevel ikkje undersøkt, svarar Liseth.

Havarikommisjonen presenterer delrapport 1 om kollisjonen mellom KNM Helge Ingstad og Sola TS

HAVARIKOMMISJONEN: Dag S. Liseth, avdelingsdirektør sjøfartsavdelinga (t.v.) og direktør William J. Bertheussen under presentasjonen av den første delrapporten om fregattulukka.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB

Frustrert

Havarikommisjonen er likevel klare på at ein kunne fått kontroll på alt vatnet som kom inn i fregatten, om ein hadde kjempa vidare med «med prioritering av riktige tiltak».

I dei fire timane var det store apparat i sving på land for å hjelpe til med bergingsaksjonen. Men det var fleire problem med det som vart gjort.

Folk som kunne hjelpe til med å vurdere situasjonen, kom for seint fram.

Skipssjefen koordinerte havariarbeidet frå kystvaktskipet «Bergen». Men han var den einaste som skulle gi tillating til å eventuelt gå om bord i fregatten.

Han fekk lite hjelp og råd frå dei som vurderte situasjonen frå land, noko han har uttrykka frustrasjon over til Havarikommisjonen.

Skipskollisjonen i Hjeltefjorden

Her er dei viktigaste tidspunkta etter at fregatten KNM «Helge Ingstad» kolliderte med tankskipet «Sola TS» natt til 8.november 2018.

  • Klokka 04.01.15
    Kollisjonen

    KNM «Helge Ingstad» kolliderer med tankskipet «Sola TS». Kollisjonen gir ei 45 meter lang flenge i skroget til det norske krigsskipet.

  • Klokka 04.11.16
    Grunnstøyting

    Mannskapet på fregatten opplever å ikkje ha kontroll på styring eller framdrift. Den grunnstøyter nord for Stureterminalen.

  • 04.31
    Krisestab blir varsla

    Vaktsjef Sjøforsvaret vart varsla om hendinga 04.15. I tråd med prosedyren vart det bestemt å setje krisestab, som skulle vere kontaktledd mellom fartøyet og landorganisasjonen. Alarmen gjekk ut til leiinga i krisestaben 04.31 (tale) og 04.34 (SMS).

  • Ca klokka 04.46
    Alvorleg vanninntrenging

    Det blir varsla om at girrommet er tapt/oversvømt. Maskinmesteren fryktar for stabiliteten og at skipet skal krenge over på sida med mannskapet ombord.

  • Klokka 04.51.08
    Første evakuering

    KNM «Helge Ingstad» melder på kanal 16 av dei evakuerer. Leiinga blir igjen på brua.

  • Klokka 06.32
    Resten av mannskapet evakuerer

    Leiinga evakuerer over i redningsskøyta. Fregatten er no utan mannskap.

  • Klokka 10.27
    Fregatten går tapt

    Medan taubåtane dyttar på fregatten, krenger den plutseleg over på styrbord side. Akterskipet synker og aksling/ror setter seg på sjøbotnen.

Havariekspertar var på veg

Medan det vart etablert ei tryggleikssone rundt havaristen, vart det på land samla folk med teknisk kompetanse hjå Forsvarsmateriell og Forsvarets logistikkorganisasjon for å få eit betre bilete av situasjonen.

I timen mellom 07.00 og 08.00 snakka dei med besetningsmedlemmar som gav eit godt overblikk om vassinntrenginga i skipet, samstundes som dei fulgde tv-bileta som rulla over skjermen.

Forsvarsmateriell meinte det var viktig å få ekspertar raskt ut til fregatten. Dei sende difor personell med skipsteknisk, dykk- og havarikompetanse til Stureterminalen, der dei kom samstundes med folk frå KNM Tordenskjold Sjøforsvarets sikkerhetssenter.

Då var klokka rundt 08.30. Først rundt klokka 10.00 vart dei skyssa ut mot havaristaden.

Målet deira var å «vurdere skipet sin tilstand og muligheten til å komme om bord og gjenoppta havariarbeidet, sikre og deretter berge fartøyet».

Men då dei kom fram var fregatten i ferd med bli dytta over på sida av slepebåtane.

Dei nådde altså ikkje fram i tide. Kvifor ikkje?

«At disse var på vei til havaristedet ble ikke videreformidlet og dermed ikke med i beslutningsgrunnlaget til skipssjefen», svarar Havarikommisjonen.

Nye bilder av fregattforliset i Hjetlefjorden.

VIDEO FRÅ FREGATTEN: Slepebåtane dyttar fregatten vidare opp på grunn etter evakueringa.

Viktig informasjon nådde aldri fram

Også andre tiltak som var på gang frå krisestabane på land var ukjent for havarileiinga på KV Bergen.

Lekkmatter og pumpeutstyr vart bestilt med tanke på å gå om bord for å starte lensing,

I tillegg gjorde naudberedskapen til klasseselskapet DNV GL utrekningar på stabiliteten til fregatten. Dei måtte først basere seg på bileta dei kunne sjå på TV, fordi det tok tid før dei fekk skildringar av skadeomfanget frå Forsvarsmateriell.

Utrekningane deira om at fregatten ville flyta med 17 grader slagside vart formidla til krisestaben, men nådde aldri skipssjefen.

Den viktigaste årsaka til det var at krisestaben til Sjøforsvaret hadde bestemt at all kommunikasjonen ut til skipssjefen på KV Bergen skulle gå gjennom dei.

Også Forsvarsmateriell sine vurderingar og tiltak for å berge fartøyet vart «i liten grad videreformidlet» til skipssjefen, fordi Forsvarsmateriell hadde forståing for at krisestaben skulle vera einaste kontaktpunkt.

Nådelaus dom

«Bedre kjennskap på havaristedet til alle tiltakene som var iverksatt for å berge fartøyet, kunne påvirket beslutningene om ikke å gå om bord fartøyet eller å skyve fartøyet mot land», er den nådelause dommen frå Havarikommisjonen.

Rapporten viser at skipsleiinga på havaristaden vart nøydde til å ta avgjerder utifrå den avgrensa informasjonen dei sjølv hadde.

«Undersøkelsen har vist at krisestaben ikke hadde tilstrekkelig kompetanse innen stabilitet. Forsvarsmateriell hadde kompetanse på stabilitet, men de kom sent på plass og var lite koordinert med krisestaben».

NRK har stilt fleire spørsmål på e-post til Sjøforsvaret om dei ulike funna, men dei viser til det som kjem fram rapporten frå Havarikommisjonen.

– Vår målsetting er å hauste mest mogleg lærdom av hendinga slik at vi kan unngå at tilsvarande hendingar skjer igjen, seier Herland i Sjøforsvaret.

Jostein Kjernaas og Anita Eide

Jostein og Anita opplevde dramaet på fregatten: – Som terapi å være tilbake

Jostein Kjernaas fikk strøm i seg da han reddet en kollega ut av en lugar.

Matros Pål André Gustavson (22) forteller om dramaet på KNM Helge Ingstad

Pål André klatra i sikkerheit, dynka i drivstoff: – Ekstremt fokus på å overleva

Pål André Gustavson kjempa for livet då marinens fremste krigsvåpen kolliderte i Hjeltefjorden. – Eg er ferdig med «Helge Ingstad».

Her kolliderer Sola TS og Helge Ingstad

Derfor kolliderte fregatten med tankskipet

En rekke forhold medvirket til kollisjonen mellom KNM «Helge Ingstad» og «Sola TS», ifølge Havarikommisjonen. Blant annet peker kommisjonen på opplæringen av brobesetning på fregatten.

Helge Ingstad på vei til siste stopp

Fregatten «Helge Ingstad» har nådd sin siste destinasjon

Fregatten «Helge Ingstad» har hatt si aller siste reise. Ferda gjekk over den same fjorden der fregatten kolliderte med eit tankskip.