Hopp til innhold

Grønt lys til omstridd steinbrot får fleire til å steile

Regjeringa godkjenner eit omstridd steinbrot i Bremanger. Fleire fryktar det vil gå utover helleristningar og urørt natur.

Bildet syner Skorabotnvatnet. I bakgrunnen til høgre ser vi fjellet Aksla der det er vedteke å bygge nytt steinbrot.

PÅ EIN FJELLTOPP: Steinbrotet skal ligge på fjelltoppen på Aksla, som ligg til høgre.

Foto: Bremanger kommune

Kommunal- og distriktsdepartementet har godkjent eit nytt steinbrot på toppen av fjelltoppen Aksla.

Planområdet ligg på Dyrstadhalvøya utanfor Svelgen i Bremanger kommune, som allereie er heim til fleire industriverksemder.

I nærleiken ligg Vingen helleristingsfelt, som er det nest største helleristingsfeltet i Noreg og eit av dei største i Nord-Europa, med over 2000 figurar.

I tillegg til steinbrotet, er det planar om ei utskipingskai med utfylling i sjøområdet kor det skal leggjast eit knuseanlegg.

Departementet sitt ja får fleire til å steile.

Ny bok om Vingenfeltet

Vingen helleristingsfelt inneheld over 2000 figurar.

– For meg er det heilt absurd

For i tillegg til kulturminna og den urørte naturen er det fleire raudlista artar i området, mellom anna boreonemoral regnskog.

Tidlegare har både Riksantikvaren og Statsforvaltaren reist motsegn mot planane, og fått støtte frå Klima- og miljødepartementet.

Trond Andreas Klungseth Lødøen er førsteamanuensis ved avdeling for kulturhistorie ved Universitetet i Bergen. Han har vore engasjert i saka i over fleire år, og reagerer sterkt på vedtaket.

Det er fortvilande. For meg er det heilt absurd. Det er ikkje verkeleg, seier han.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen varsla i januar at han ikkje vil «vengeklippa» kommunane for å bremsa naturtapet.

Presiseringa kom etter auka press om å løfta meir av arealplanlegginga over på høgare plasserte forvaltningsnivå som kan ha eit meir heilskapleg og overordna blikk på naturvern.

NRK dokumenterte tidlegare i år at det har vore 44.000 inngrep i norsk natur dei siste fem åra.

– Vi er skuffa over at regjeringa vel å køyre over krystallklare innvendingar, og lurar på kva meir som eigentleg skal til for å verne verdsunik kystregnskog og urgamle helleristningar frå øydelegging, seier leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

Les også Kommunen vil ha steinbrot i same landskap dei vil frede over 2000 helleristingar

Vingen-feltet i Bremanger kommune.

– Stor allmennytte

I dei opphavlege planane var det teikna inn eit større anlegg på fjelltoppen. Men dette har blitt nedjustert med om lag 30 prosent, og storleiken på kaianlegget har blitt om lag halvert.

I si vurdering legg Kommunal- og distriktsdepartementet vekt på at omfanget er redusert, og at det er gitt føresegner for å avgrense dei negative miljøverknadene.

Det blir og lagt vekt på at prosjektet vil ha stor samfunnsnytte. Steinen som blir tatt ut er devonsk sandstein, som mellom anna blir nytta for å lage asfalt i Nord-Europa.

Til slutt konkluderer departementet med at prosjektet er godt nok risikovurdert med tanke på miljøvernutfordringane.

Kartet viser avstanden mellom Svelgen og fjelltoppen Aksla, der det er vedteke eit nytt steinbrot, og til Vingen helleristingsfelt.

Det har tatt altfor lang tid

Ordføraren i Bremanger seier ho er letta over at det endeleg er kome eit vedtak i saka.

Det har tatt altfor lang tid. Og det er også heilt i tråd med mineralstrategien til sitjande regjering å ha denne type eksport, seier ho.

Ho viser til at industrikommunen har mykje natur, «og den skal vi ta i vare», men at dei også må ha to tankar i hovudet på ein gong.

Ho har tidlegare skildra det eksistensielle dilemmaet som kommunen står overfor.

– Vi har ei svært negativ folketalsutvikling, og treng vekst, sa ho til NRK i fjor haust i samband med planane om ein ny ammoniakkfabrikk i kommunen.

Reguleringsplanen for steinbrotet blei for første gang vedteken i Bremanger kommune tilbake i 2010, og seinare i revidert format.

Det er venta at steinbrotet vil gje mellom 20 og 30 arbeidsplassar og føre til gode ringverknader for lokalsamfunnet.

Les også Skarpe reaksjonar på «sirkusløype» opp ikonisk norsk fjell

klatreanlegget i Hornelen

Planar om ny nasjonalpark

Parallelt som planane om steinbrotet blir godkjente, blir det vurdert å utarbeide Hornelen nasjonalpark.

Fjellet som er kjent for den bratte klippa på toppen, ligg rett over sjøen for steinbrotet.

Eit paradoks, seier Lødøen ved UiB.

Dette er det einaste området i ein ganske stor omkrets som ikkje har noko inngrep, ingen luftspenn, ingen vegar. Det er heilt intakt, heilt autentisk. Og så skal utsynet frå nasjonalparken vere at ein ser ned på eit steinbrot?

Strandsona ved Inste Bårdvikneset. Midt på biletet er elva frå Skorabotnvatnet synleg der den fell bratt ned fjellsida. Ytste Bårdvikneset ligg like utanfor høgre biletkant.

Her ser ein Strandsona ved Inste Bårdvikneset. I dette området er det raudlista regnskog.

Foto: NIKU

Les også Bergen droppar mål om å stanse naturtap

Bergen