Hopp til innhold

Skarpe reaksjonar på «sirkusløype» opp ikonisk norsk fjell

Ei tilrettelagd klatrerute opp Europas høgaste sjøklippe vert kalla det hittil verste dømet på «tivolifiseringa» og «disneyfiseringa» av norsk natur.

klatreanlegget i Hornelen

STEILE FRONTAR: Frontane er like steile som fjellveggen etter at bygginga av denne klatreruta byrja denne veka.

Foto: iVest Consult

Denne veka starta bygginga av ei klatrerute opp Hornelen i Vestland. Hovuddelen av arbeidet skal vere ferdig i oktober.

Planane om ein via ferrata (italiensk for «jernveg») opp Europas høgaste sjøklippe har vore omstridde i ei årrekkje, og «eventyrar og turmann» Stein P. Aasheim uttaler at vi «i serien av vulgær tivolifisering av norske fjell er i ferd med å få ein ny leiar».

«Hornelen rykkjer forbi både brua over Vøringsfossen og Romsdalsgondolen på Åndalsnes når det gjeld omforming av norsk natur til kommersielle underhaldningsparkar», skriv han på Facebook.

Dette er eit sirkustiltak på eit nasjonalt viktig naturmonument som vi burde vore spart for, seier Stein Tronstad, som er president i Noregs klatreforbund.

Han legg til at han ikkje er kategorisk motstandar av via ferrataar, sherpatrapper, løypestrenger og sykkelstiar, men at denne typen tilrettelegging «helst bør skje på stader som er tilrettelagde for turisme frå før».

Det handlar ikkje om enkelttiltaka, men om summen av alle inngrep og det natursynet som ser ut til å breie seg i turistbransjen: At natur må leggjast til rette som «destinasjonar», seier han.

Hornelen i Bremanger

Hornelen er eit kjent landemerke som reiser seg bratt opp frå havet og når opp til 860 meter over havet.

Foto: Mats Grimsæth

– Kva blir det neste? Rekkverk på Preikestolen?

Påstandar om tivolifisering og «disneyifisering» av norsk natur har i tillegg versert i forbinding med byggjeprosjekt ved Vettisfossen, Vøringsfossen (sjå video under), Andersnatten og Nesaksla.

Det springande punkt i alle tilfelle er kva det kostar å veksle det urørte inn i større tilgjengelegheit og tryggleik.

Ein via ferrata inneber at vanlege turgåarar kan følgje ein fast klatresti, utan å gjere bruk av eigne tau, kiler og andre sikringsmiddel. Risikoen er slik sett mindre enn ved tradisjonell fjellklatring og rappellering.

– Kva blir det neste? Rekkverk på Preikestolen? spurde Vigdis Vandvik, som er professor i økologi ved Universitetet i Bergen.

På klatrenettstaden Klatring.no omtalar fjellførar og tinderettleiar Sigurd Felde den planlaga klatreruta i Nordfjord som ei «sirkusløype».

Hornelen burde fått meir respekt, seier han.

Europas høgaste sjøklippe har vore gjenstand for mytologisering, og i soga om Olav Tryggvason heiter det at kongen skal ha klatra opp den loddrette veggen, festa skjoldet sitt på toppen, for deretter å bere ned ein hirdmann som hadde gått seg fast.

Toppen er også omtalt i verket «Norrigia Illustrata» (1651) der det vert referert til ein «svært forfærdelig høi Klippe, som Ingen kand komme op paa».

Djevlesvart, vill som ein trollkatedral, sundriva, morkna og grå, er korleis Sunnfjord-diktar Jakob Sande skildrar fjellet.

Stein Tronstad

– Dette er eit sirkustiltak på eit nasjonalt viktig naturmonument som vi burde vore spart for, seier Stein Tronstad, som er president i Noregs klatreforbund.

Foto: NKF

Vi må skape «a reason to go»

Hornelen ligg i Bremanger kommune, som skal eige, men ikkje drive anlegget.

I eit folkemøte i juni forklarte kommunedirektør Tom Joensen at prosjektet er godt forankra i det lokale næringslivet og at dei kommunale kostnadane (7 millionar kroner) er ein del av strategien om auka satsing på turisme som næringsveg.

– Det skal vere attraktivt å besøkje Bremanger. Vi må sørgje for å skape «a reason to go», sa han.

Bakgrunnen for møtet var kritikken som var reist mot prosjektet, blant anna frå Nordfjord Klatreklubb som omtalar prosjektet som «ein tabbe».

«Vi forstår ønsket om aktivitet. Likevel kunne vi ønskt at initiativtakarane undersøkte korleis dette prosjektet ville passe inn i den norske klatretradisjonen», skriv dei i eit lesarinnlegg i Fjordenes Tidende.

Ordførar i Bremanger kommune, Anne Kristin Førde (Ap), seier til NRK at ho er «glad for at vi endeleg er i gang med arbeidet».

Dette vil vere med å gje turistnæringa vår i alle delar av kommunen eit løft.

Ho legg til:

Så forstår eg at det er ulike meiningar om denne etableringa. Slik vil det alltid vere. Engasjement er berre bra, og skjerpar oss på kontroll og kvalitetssikring.