Hopp til innhold

Kina skaper press på meir gruvedrift i Noreg

Kinesisk dominans gjer at Høgre vil få fart på den norske gruvedrifta. Andre åtvarar mot «mineralutvinning på speed».

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Med Engebøfjellet i Førdefjorden som kulisse lanserte Høgre fredag ein ny mineralstrategi for å setje fart på norsk bergverksdrift.

Ifølgje Høgre svarer strategien på tryggingspolitiske omsyn og «sikker råvaretilgang for Vesten».

Den geopolitiske situasjonen gjer at mineralnæringa står framfor viktige år. Mineral er i ferd med å bli mangelvare, seier stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Olve Grotle (H).

Per i dag kontrollerer Kina 98 prosent av sjeldne jordartar som Europa treng til det grøne skiftet. I tillegg har kinesarane bukta og begge endene i fleire av verdikjedene.

Les også Norge må ut av dragens klør

Statsminister Erna Solberg avsluttet Kina-besøket i 2017 med å møte president Xi Jinping i Folkets store hall i Beijing.

Speler på lag med dei gamle forureinande kreftene

I strategien skriv Høgre at Fensfeltet har «størst potensial for å bryte den kinesiske avhengnaden», og at prosessen med å starte utvinning frå feltet i Telemark må inn i eit hurtigspor for produksjon før 2030.

Mineralutvinning på land krev i dag behandling hos tre ulike styresmakter, som ser på sakene i tur og orden («sekvensielt»). I praksis betyr det at konsesjonsprosessane kan ta opptil 15 år.

Engebø-kulissen hadde slik ein symbolsk valør.

Her har arbeidet med å få lov til å vinne ut rutil (titanoksyd) gått føre seg sidan 2006, førebels med prøveboring og mange klage- og ankerundar å vise til.

Lars Haltbrekken (SV) er blant dei som merka seg symbolikken:

Høgre speler på lag med dei gamle forureinande kreftene i gruveindustrien når dei går til eit prosjekt som kan øydeleggje Førdefjorden for å presentere mineralstrategien sin, seier han.

Les også Vil selge kull-rettigheter på statens grunn til Russland og Kina

Svalbard, Longyearbyen få dager før mørketiden

Haltbrekken legg til at forslaget om å «presse gjennom raskare utbyggingar» er ein oppskrift på nye store miljøkonfliktar, og at behandlinga av gruvesaker «kan berre gå raskare om styresmaktene er villige til å stille strenge miljøkrav frå starten av».

Engebø

Staten har gitt gruveselskapet Nordic Mining løyve til å drive ope dagbrot i Engebøfjellet.

Foto: Oddmund Haugen / NRK
Engebø

Kina kontrollerer 98 prosent av sjeldne jordartar som Europa treng til det grøne skiftet. I tillegg har kinesarane bukta og begge endene i fleire av verdikjedene.

Foto: Oddmund Haugen / NRK
Engebøfjellet

I tillegg til «primær-argumenta» hevdar saksøkjarane at sjødeponiet er i strid med forureiningslova (paragraf 11) og Grunnlova (paragraf 112). Dei vil i tillegg leggje vekt på at det finst eit betre alternativ til sjødeponi: såkalla underjorddrift.

Foto: Oddmund Haugen / NRK
Engebø

– Den geopolitiske situasjonen gjer at mineralnæringa står framfor viktige år. Mineral er i ferd med å bli mangelvare, seier stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Olve Grotle (H). Her saman med Høgre-kollega Bård Ludvig Thorheim.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Høgre bommar med symbolikken

Høgre bommar hundre prosent med symbolikken, seier Sofie Marhaug (Raudt).

Ho viser til at rutil er eit fargestoff som blant vert brukt til fiskebollar.

Her dreier det seg om det kvite skiftet, ikkje det grøne. Det er sikkert lønnsamt nok for utbyggjarane, men det har fint lite med tryggleik å gjere.

Titan (rutil) har figurert på den europeiske lista over strategisk viktige mineral sidan 2020.

Marius Dalin, som er gruppeleiar i Sunnfjord MDG, har vore ein høgrøysta motstandar av gruvedrift i Engebøfjellet sidan byrjinga for 17 år sidan.

Å bruke utvinning av kvitt pigment som døme på essensiell mineralindustri er rett og slett komisk, seier han.

Engebø, som blir den første nye gruva i Noreg på fleire tiår, har varsla produksjonsstart i andre halvdel av 2024. I tillegg finst potensielt 10 nye gruveprosjekt i Noreg dei neste åra (sjå under).

Regjeringa varslar ny mineralstrategi

I planen skriv Høgre at dei vil «intensivere det internasjonale samarbeidet for å realisere meir av norske mineralførekomstar».

Høgre har rett i at vi må utvikle det europeiske samarbeidet for kritiske mineral. Men då har dei valt ein rar stad for lanseringa. Rutil er ikkje eit kritisk mineral, seier Ola Elvestuen (V).

EU-kommisjonen la nyleg fram (16. mars) forslag til ei ny forordning om kritiske råvarer. Hovudformålet er å gjere Europa meir sjølvforsynt. I tillegg skal reglane sikre at utvinning og prosessering skjer på ein mest mogleg berekraftig måte.

Næringspolitisk talsperson for MDG, Rasmus Hansson, seier at Høgre «har fått mineral- og energipanikk av det grøne skiftet».

Vi treng ny mineralutvinning i Noreg, og det finst spennande moglegheiter. Men vi skal ha ei edru planlegging. Ikkje gruvedrift på speed.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) varsla før jul ein ny mineralstrategi, under dette fem tiltak som skal påskunde aktiviteten.

Det er venta at strategien er klar seinare i mai.

Brønnøy Kalk - Akselberg dagbrudd

I januar melde det statseigde svenske gruveselskapet LKAB at dei hadde gjort Europas største funn av sjeldne jordartsmetall (Rare Earth Elements, REE), ein time frå grensa til Nordland. Ifølgje Sintef står Kina for 80 prosent av produksjonen av REE på verdsmarknaden. På bilete: Brønnøy Kalk.

Les også Skarpe reaksjonar på gruvedrift-planar under sjøen

mineralutvinning på havbunnen