Helleristingane, som er rundt 7000 år gamle, blei første gong kjende for forskarar i 1912. Sidan den tid er det funne over 2200 helleristingar i området.
– Det er veldig unikt, det har nesten ikkje vore endringar her på 7000 år, seier arkeolog Trond Lødøen ved Universitetsmuseet i Bergen.
I fleire tiår har han studert bergkunsten frå eldre steinalder langs den avsidesliggande fjordarmen i Bremanger kommune. Arkeologane kallar det Vingen-feltet, lokalt kalla Vengane.
I nærleiken vil kommunen tillata eit steinbrot, noko fylkeskommunen og Fylkesmannen meiner er i strid med nasjonale interesser.
KVAR BLOKK: Ifølgje arkeolog Lødøen er det helleristingar på nærmast kvar einaste steinblokk i området. På dei sørvende bergflatane er det hjort, på dei nordvende er både hjort og menneske avbilda.
Foto: UIB/VirtuelleVingen.noFryktar forureining
Steinbrotet vil ligga godt synleg frå Vingen-feltet, og Lødøen meiner det vil øydeleggja kulturlandskapet.
– Eg reagerer på ein skal ha eit så brutalt steinbrot i eit veldig urørt natur- og kulturlandskap.
Steinbrotet vil ikkje bryta steinen i sjølve Vingen-feltet, men på eit fjell fem kilometer ute i fjorden.
– Det er nokre kilometer ut til steinbrotet, kvifor er dette så alvorleg?
– I tillegg til å øydeleggja heile utsynet, vil det bli ei rekkje tilfelle av slamforureining og store støy- og støvmengder, seier han.
I ARBEID: Ifølgje Trond Lødøen ligg det ei rekkje andre kulturminne i området, i tillegg til helleristingane. Både runesteinar, gravrøyser og gamle bustader er å finne langs den vesle fjordarmen.
Foto: UIB/VirtuelleVingen.noBremanger kommune vil ha begge deler. Dei ønskjer å ha steinbrotet langs fjorden, men har òg dei teke initiativ overfor FN om å få helleristingane på Unesco si verdsarvliste.
Men arkeologen meiner kommunen ikkje kan få i pose og sekk.
– Vi er glad for initiativet til å få Vingen-feltet på verdsarvlista, men det er ikkje snakk om å få det til når ein øydelegg dette urørte landskapet med eit steinbrot, seier Lødøen.
Har kome med redusert forslag
Både Fylkesmannen og fylkeskommunen har tidlegare nekta Bremanger kommune å tillata planen om å oppretta steinbrot på staden.
– Det er ei vanskeleg sak fordi det er sterke næringsinteresser og sterke miljø- og landskapsinteresser, seier Nils Erling Yndesdal, kommunaldirektør hjå Fylkesmannen i Vestland.
BETRE ENN Unesco: Arkeologen meiner Vingen-feltet er betre enn mykje på verdsarvlista: – Mange av dei er berga i siste liten, og har allereie ein god del inngrep. Dette her har ingen, seier Lødøen.
Foto: Leif Rune Løland / NRKDet belgiske selskapet bak steinbrotet har lansert eit redusert forslag, og fylkesmannrn har førebels verken sagt ja eller nei til dette.
– Vi blei einige med kommunen om at dei skal ta ein ny runde med tiltakshavar før vi igjen tar stilling til det, seier Yndesdal.
Han seier eit alternativ kan vera å ikkje ha utskipingshamn på nordsida, altså der Vingen ligg.
Ordførar i Bremanger Anne Kristin Førde seier kommunen vil gjere det fylkesmannen ber om.
– Og eg håpar og trur at steinbrotet ikkje vil vere eit hinder for å få Vingen-feltet inn på Unesco si kulturarvliste, seier ho.
Trond Lødøen og Universitetsmuseet i Bergen meiner forslaget framleis vil kome i konflikt med å få helleristingane på verdsarvlista.
– Vingen-feltet tilhøyrer alle, og er ein evig ressurs. Eit steinbrot er ikkje det.