Hopp til innhold

Rekordhøg petroleumsaktivitet skaper uro for havvind-satsinga         

«Raudglødande» aktivitet på norsk sokkel gjer at arbeidarar ved norske verft ferierer i puljar for å halde trykket oppe.

Hywind Tampen

SLØVÅG, GULEN: Frå september vil Equinor-installasjonane Snorre og Gullfaks (utanfor Florø) få straum frå Hywind Tampen. Dette er det største, og einaste, havvindprosjektet i Noreg per i dag.

Foto: Johnny Engelsvoll/© Equinor

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Europa skrik etter gass, og i mai melde olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) at dei norske gassleveransane til kontinentet i år vil vere på 122 milliardar standard kubikkmeter.

Det er 8 prosent høgare enn i 2021. Dei norske felta dekkjer i dag 20–25 prosent av gassbehovet i EU og Storbritannia.

Aasland la til at han «vil leggje til rette for at selskapa kan halde oppe produksjonen» og understreka at «selskapa har ei stor oppgåve framover når det gjeld å føre vidare høg og stabil gassproduksjon».

I praksis betyr det at aktiviteten på norsk sokkel no er så høg at arbeidarane må feriere i puljar for å halde trykket oppe.

På same tid har Noreg og EU vorte samde om at Noreg skal halde fram med å vere «ein stor gassleverandør til Europa også lenge etter 2030».

Terje Aasland

– Selskapa har ei stor oppgåve framover når det gjeld å føre vidare høg og stabil gassproduksjon, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Foto: Lise Åserud / NTB

Vil føre til ei svakare havvindsatsing

I eit skriftleg spørsmål til energiministeren spør Rasmus Hansson (MDG) korleis den «rekordhøge petroleumsaktiviteten» harmonerer med havvind-satsinga og kva regjeringa vil gjere for å «unngå at mangel på arbeidskraft i norsk leverandørindustri fører til at den norske havvindsatsinga først og fremst gir oppdrag til utanlandske verft?»

NRK har tidlegare vist til utrekningar som seier at petroleumsnæringa treng 17.500 nytilsette fram mot 2026.

Vi fryktar at mangel på arbeidskraft på norske verft vil føre til ei svakare havvindsatsing, seier Hansson til NRK, og samanliknar situasjonen med å «knyte saman skolissene på startblokka».

Gruppeleiar i Vestland fylkesting, Marthe Hammer (SV), seier at knivinga om den same arbeidskrafta er «ei kjend problemstilling som vi har teke opp fleire gonger».

Ho legg til at situasjonen er «betydeleg forverra» som følgje av oljeskattepakken som vart hasteinnført i 2020 (sjå faktaboks). Erna Solberg (H) har sidan uttalt at pakken var «feil» og «stimulerte for hardt».

Historisk oversikt over norsk olje- og gassproduksjon

Historisk oversikt over norsk olje- og gassproduksjon.

Foto: Oljedirektoratet

Risikerer eit kapasitetsproblem som driv opp kostnader

Direktør ved Bergen Offshore Wind Centre, Finn Gunnar Nielsen, fortel at deler av bransjen er uroa for at offshore-kompetansen vert bunde opp i petroleumsaktivitet og difor ikkje tilgjengeleg for havvindutbygginga.

Vi kan risikere eit kapasitetsproblem som driv opp kostnader og flyttar ny verksemd til utlandet, seier han.

I sitt svar til Stortinget viser Aasland til at byggjeperioden truleg vil starte i andre halvdel av 2020-talet og at «det vil ta tid før denne aktiviteten når ein skala som er samanliknbar med etterspurnaden etter petroleumsretta tenester.»

Stortinget vurderer no å gå bort frå ordninga med friinntekt og skattefrådrag i oljeskatten, til ein rein kontantstraumsskatt.

Leverandørbedriftene og verfta treng først og fremst føreseielegheit for å kunne investere og byggje opp kapasiteten som havvindsatsinga treng, seier leiar i Norwegian Offshore Wind, Arvid Nesse.

Han fortsett:

Derfor er det aller viktigaste no at vi får på plass ei tydeleg tidslinje over framdrifta, slik at vi ikkje hamnar i den situasjonen som fleire fryktar, der utanlandske aktørar får oppdraga til dei norske prosjekta.

Equinor vil byggje havvindpark utanfor Bergen

Equinor og partnarane Petoro, TotalEnergies, Shell og ConocoPhillips i Troll- og Oseberg-fellene, har igangsett ein studie og ser på moglegheita for ein flytande havvindpark i Troll-området om lag 65 kilometer vest for Kollsnes i Vestland.

Foto: Equinor

Vil levere ekstra kraft til Bergensregionen

I juni varsla Equinor at dei greier ut moglegheita for ein flytande havvindpark i Troll-området om lag 65 kilometer vest for Bergen. Målet er at «Trollvind» skal påskunde havvindsatsinga i Noreg og levere ekstra kraft til Bergensregionen.

Spørsmålet om havvind er viktig fordi Noreg har forplikta seg til å kutte utsleppa med 50–55 prosent innan 2030.

At det er bra trykk no betyr ikkje at ordrebøkene er fulle i overskodeleg tid, seier Ove Trellevik frå Høgre.

Han viser til den pågåande monteringa av havvind-turbinar i Sløvåg der industrien er «bekymra for at det kan bli eit gap mellom det som skjer no og det som kjem lengre framme.»

Faren for at havvindkompetansen blir arbeidsledig er truleg større enn at den blir ein knappfaktor, seier han.

Forbundsleiar i Industri Energi, Frode Alfheim, trur overgangen vil gå endå smoothare:

Eg var nyleg på Aker Solutions-verftet på Stord. Der var dei strålande fornøgde med arbeidet dei har fått som følgje av oljepakken, sidan det sikrar at dei klarer å halde på arbeidskraft ved verftet fram til det blir meir arbeid innan havvind om nokre år.