Hopp til innhold

Full strid om Noreg bør byggje nye gassrøyr til Europa

Høgre vil byggje nye gassrøyr til kontinentet. Motstandarar svarer at partiet bruker ei akutt energikrise som brekkstong til å drive gjennom gamal politikk.

Gassrør

MEIR AV DETTE: For å «sikre stabile gassleveransar frå Noreg» foreslår Høgre å investere i ny infrastruktur for gasstransport,

Foto: Terje Mortensen / VG

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Strategien til Høgre vart presentert i ein seanse torsdag formiddag der partiet la fram ei «tilleggsmelding», og slik kom regjeringa si eiga tilleggsmelding i førkjøpet.

Det er varsla at Støre-regjeringa kjem med si eiga melding neste veke.

Høgre grunngjev strategien med at energiforsyninga i Europa er pressa ettersom russisk gass er i ferd med å forsvinne ut av likninga.

EU har uttalt at dei vil kvitte seg med to tredjedelar av all russisk gass innan utgangen av 2022.

For å «sikre stabile gassleveransar frå Noreg» foreslår Høgre å investere i ny infrastruktur for gasstransport, i første omgang frå Barentshavet (Alke og Goliat) til Kirkenes.

I «trinn to» vil dei byggje røyr vidare til Aasta Hansteen-feltet utanfor Lofoten, og slik knytte an til det europeiske røyrsystemet.

I dag blir gassen frå Alke og Goliat injisert tilbake i havbotnen, som eit biprodukt.

Berre her er det om lag 25 milliardar standard kubikkmeter gass som heller burde vore eksportert til EU, seier Ove Trellevik til NRK.

Trellevik legg til at han vil sende blått hydrogen frå «Barents blue» via det same røyrsystemet.

Høgre vil byggje nye røyr og eksportere meir gass til kontinentet.

NIKOLAI ASTRUP: Strategien til Høgre vart presentert i ein seanse torsdag formiddag der partiet la fram ei «tilleggsmelding», og slik kom regjeringa si eiga tilleggsmelding i førkjøpet.

Foto: Heiko Junge / NTB

– På grensa til umoralsk

Norske felt leverer gass til Europa gjennom eit omfattande gasstransportsystem. Unntaket er Hammerfest LNG/Snøhvit der gassen vert sendt på skip. I dag dekker dei norske felta 20–25 prosent av gassbehovet i EU og Storbritannia.

Trellevik legg til:

Vi må også leite meir ved å gjennomføre 26. konsesjonsrunde.

SV fekk i fjor haust med regjeringspartia på å sette nemnte konsesjonsrunde på pause ut 2022.

Tidlegare i mars signaliserte Olje- og energiminister Terje Aasland at det framleis er for tidleg å seie om vert gjennomført ein 26. konsesjonsrunde i løpet 2023.

Lars Haltbrekken (SV) seier at det er «på grensa til umoralsk» når Høgre bruker Ukraina-krigen og den akutte energisituasjonen i Europa til å grunngje sin egen politikk, når politikken «er gammal og løysingane som skisserast likevel ikkje er realiserbare før om 10–15 år».

Forslaget om å leite etter meir gass inneber ein stor risiko for Noreg. Europa har etter alle solemerke komme seg vidare innan Høgre har noko på plass. Då risikerer vi å produsere masse gass som Europa ikkje vil ha, seier han til NRK.

SVs energi- og miljøpolitiske talsperson Lars Haltbrekken.

UMORALSK: Lars Haltbrekken (SV) seier at det er «på grensa til umoralsk» når Høgre bruker Ukraina-krigen og den akutte energisituasjonen i Europa til å grunngje sin egen politikk.

Foto: Kristian Skårdalsmo / NRK

Dette løyser ingenting

Vi er skeptisk til alle grep som handlar om å forlenge og utvide fossil produksjon. Ny leiting er feil veg å gå, og vil heller ikkje avhjelpe den akutte situasjonen Europa står i, seier Sigrun Aasland, som er leiar i miljøstiftinga Zero.

Ho legg til at ho gleder seg over signala om «raskare og høgare ambisjonar for havvind», som Høgre la fram på den same pressekonferansen.

Energipolitisk talsperson i Senterpartiet, Ole André Myhrvold, seier at det å lyse ut ein 26. konsesjonsrunde «har inga praktisk betydning for dei kortsiktige gassleveransane til kontinentet».

Det vil ta mange år før eventuelle funn her vil vere i produksjon. Det viktige er å fortsette leitinga i modne område, slik regjeringa gjer med TFO-rundane, der vi allereie har etablert infrastruktur og god kjennskap til forholda.

Olje- og energidepartementet fatta i mars vedtak om «justerte produksjonstillatelser» for Oseberg, Troll og Heidrun.

Equinor varsla samstundes at vedtaket gjer det mogeleg å sikre produksjonen på same nivå gjennom sommarmånadene og fram til 30. september.

Dermed får Europa 1,4 milliardar kubikkmeter gass ekstra frå Noreg, nok til å dekke gassbehovet til rundt 1,4 millionar hushald i løpet av eit år.

Terje Aasland foran regjeringens blå vegg

KAN IKKJE SEIE: Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) svarer at det er for tidleg å seie om det vert gjennomført ein 26. konsesjonsrunde i løpet 2023.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Innrømmer at eigen politikk er utilstrekkeleg

Det er interessant at Høgre legger fram eit tillegg til sin egen Energimelding. Det er vel ein slags innrømming av at eigen politikk er utilstrekkeleg, seier Rødt-representant Sofie Marhaug.

Ho legg til:

– Noreg leverer og skal fortsette å levere gass til Europa. Men vi må ikkje gløyme at vi står overfor ei klimakrise. FNs generalsekretær har allereie uttalt at han fryktar at krigen fører til auka bruk av fossilt brensel. I Noreg gir dette seg utslag i sterkare press på sårbare område

Tidlegare olje- og energiminister Tina Bru (H) la fram stortingsmeldinga Energi til arbeid i fjor sommar.

Eg deler Høgre sin meining om å framskynde 26. konsesjonsrunde, seier energipolitisk talsperson i Frp, Terje Halleland.

Han legg til:

Vi ønsker at Noreg setter seg ned og forhandlar gode løysingar med EU for ein stabil gassleverandør framover. EU vil vere avhengig av norsk gass i mange tiår framover.