Hopp til innhold

Europeisk kriseplan vil tvinge folk til å spare energi

Ny plan vil påleggje europeiske land å kutte i energibruken for å kome seg «trygt gjennom vinteren».

8T_7yn239uQ

HALVERT: Det siste halvåret er Russlands andel av den europeiske gassmiksen halvert frå 40 til 20 prosent. Det får følgjer.

Foto: Issei Kato / Reuters

Bortfallet av russisk gass gjer at EU-kommisjonen i dag presenterte ein kriseplan for å komme seg «trygt gjennom vinteren».

Nettstaden Politico omtaler energiplanen som den hittil mest inngripande signert «teknokratane» i Brussel («their most far-reaching power grab yet seen in 2022»).

I praksis betyr planen at Brussel kan påleggje medlemslanda å kutte i forbruket i perioden august – mai. Det er ikkje sett noko grense for kva desse kutta kan innebere.

Dette betyr at situasjonen no er mykje meir dramatisk enn nokon kunne forvente. Det vil skyte prisen på gass i vêret med etterfølgjande konsekvensar for straumprisane, seier Brussel-kjennar Paal Frisvold.

Kraftanalytikar i StormGeo, Sigbjørn Seland, tek meir atterhald.

Dette var i stor grad allereie «fordøydd» av marknadsaktørane, og betyr isolert sett ikkje så mykje for kraftprisane i Noreg. Men det viser kor alvorleg EU vurderer situasjonen, og dersom dette i verste fall fører til at kraftkablane frå Tyskland og Nederland blir stengde for eksport til sørvestlandet, kan det potensielt få mykje å seie for kraftprisane utover vinteren, seier han.

Jonas Gahr Støre og Olaf Scholz, som begge er sosialdemokrater, gratulerte hverandre med regjeringsovertakelse etter at de begge vant valg i fjor høst. Scholz fremhevet det nære samarbeidet mellom Norge og Tyskland, både økonomisk og som Nato-allierte.

DÅ HAN MØTTE HAN: I januar møtte statsminister Jonas Gahr Støre den tyske forbundskanslaren for å få han til bruke norsk gass i ein overgangsfase til grøn energi.

Foto: MARKUS SCHREIBER / AP/NTB

Situasjonen kom brått på

Kriseplanen kjem etter at Russland har strupa gassleveransane til kontinentet som følgje av det EU-kommisjonen kallar eit «forsettleg og ønsket («deliberate») forsøk på å bruke energi som eit politisk våpen».

I alt har 12 av EU sine 27 medlemsland fått russiske gassleveransar stengt eller drastisk redusert.

EU har tidlegare vedteke å frigjere seg frå russisk gass, men då med 2027 som tidshorisont.

Den siste omdreiinga har derfor komme brått på.

– Det er ingen grunn til å tru at dette mønsteret vil snu. Det er derimot fleire signal som peikar mot at dette vil halde fram og forverre gassforsyninga i Europa, heiter det i dokumentet frå EU-kommisjonen.

Kommisjonen konkluderer med at det er stort sannsyn («a sizeable risk») for at russarane vil kutte all gass til Europa innan året er omme, og at dette krev eit resolutt og koordinert svar.

Vil påleggje redusert oppvarming

Akkurat no er gasslagera i Europa omtrent 64 prosent fulle. Ifølgje BBC kan det bli vanskeleg å nå målet på 80 prosent fylling.

Blant tiltaka som vert foreslått er sparekampanjar retta mot hushald. Kommisjonen vil også påleggje redusert oppvarming av offentlege bygg, kontor og næringsbygg.

I tillegg vert det foreslått eit bindande forbruksreduksjon for delar av industrien, og ei oppmoding om å «flytte vareproduksjonen til regionar som er mindre utsette for forsyningsmangel».

Planen inkluderer også ein «solidaritetsmekanisme» som befaler at dei europeiske landa må hjelpe kvarandre for å sikre dei mest sårbare gruppene.

EU-president Ursula von der Leyen om sanksjoner mot Russland

Internt i EU er det sterke krefter som ønsker boikott av russisk gass, men det er det ikkje fleirtal for. Så langt har EU-landa berre samla seg om å innføre oljeboikott.

Seks dagar på seg

I eit avsnitt som verkar mynta på Tyskland foreslår kommisjonen at planar om å fase ut kjernekraft blir utsett. Angela Merkel vedtok i 2011 å avvikle all atomkraft innan 2022, men tre kjernekraftverk i Tyskland er framleis aktive. Til så lenge.

Målet er at medlemslanda godkjenner planen innan 26. juli, under det ekstraordinære energiministermøtet i Brussel om seks dagar.

Det held at forskrifta blir vedteken med kvalifisert fleirtal. I praksis vil derfor ikkje enkelte land, til dømes Ungarn, kunne leggje ned veto.