Hopp til innhold

Plan om 1500 vindturbinar i Nordsjøen vekkjer uro hos fiskarar

Norske fiskarar er framleis uroa, sjølv om regjeringa denne gongen ikkje «gløymde» å nemne fisken då dei la fram havvind-satsinga.

Hywind Tampen

SLØVÅG, GULEN: Frå september vil Equinor-installasjonane Snorre og Gullfaks (utanfor Florø) få straum frå Hywind Tampen. Dette er det største, og einaste, havvindprosjektet i Noreg per i dag.

Foto: Johnny Engelsvoll/© Equinor

CO₂ i atmosfæren
418,8 ppm
1,5-gradersmålet
+1,09 °C
Les mer  om klima

Onsdag varsla regjeringa at dei vil ha 1500 vindturbinar i norske havområde innan 2040.

Ambisjonen er at havvind skal produsere like mykje kraft som norske vassturbinar.

Til det vert det opna eit areal som svarar til fem til seks gonger Sørlege Nordsjø II (sjå kart).

Disse feltene utenfor Norge vurderes til flytende havvind

TOMT: I dag er det to område utanfor kysten av Noreg som er opna for utbygging av havvind: Sørlege Nordsjø II, som ligg i havområdet mellom Noreg og Danmark, og Utsira nord, utanfor Haugesund.

Olje- og energiminister Terje Aasland understreka at utbygginga skulle vere «skånsam» og «i samspel med fiskeri og andre viktige interesser».

– Mellom kvar tildelingsrunde vil vi evaluere konsekvensane for fiskeri og andre havnæringar, sa han.

Kan hende var han klok av skade. Under den førre pressekonferansen om havvind, i februar, vart ikkje «fisk» eller «fiskeriinteresser» nemnt med eitt einaste ord.

«Alarmen bør gå i fiskebåtane», konkluderte Fiskeribladet.

Denne gongen var difor fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) meir på alerten.

Vi ønskjer god sameksistens mellom havnæringane. Difor må vite meir om korleis nye og eksisterande næringar påverkar kvarandre og økosystema, sa han til NTB.

I dag er han i Stjørdal for å delta på eit seminar om «sameksistens mellom fisk og havvind».

Eg vil stole på Støre, men er skeptisk

I fiskerinæringa vert likevel havvind-satsinga motteke med uro.

Vi er sterkt uroa for det store omfanget. Både når det gjeld arealbruken, men også fordi det er usikkerheit rundt konsekvensane for økosystema i havet, seier Odd Kristian Dahle i Fiskebåt, som er Havfiskeflåtens organisasjon.

Regjeringa gir 10 millionar ekstra til Havforskingsinstituttet i revidert nasjonalbudsjett. Midlane skal brukast til å styrkje kunnskapen om effektane både vindkraft og havbruk til havs har på fiskeria.

Vi er skeptiske til om forskingsinnsatsen er nok til å avdekke dei negative sidene ved massiv utbygging, skriv Fiskeribladet på leiarplass.

For to veker sida la Havforskingsinstituttet fram ein studie som viste at magnetfelt frå kablane til havvindanlegg ikkje påverkar tobis, som er ein viktig art i økosystemet i Nordsjøen.

Eg vil gjerne stole på Støre, men er skeptisk, seier leiar i Noregs Fiskarlag, Kåre Heggebø.

Han viser til at «areal er ein knapp ressurs» og at både botnfaste og flytande turbinar «trivast best» på grunne område. Også dei beste fiskebankane og gyteområda er på grunne område.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap), finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) på pressekonferanse om ny satsing på havvind.

SAMSPEL: Onsdag varsla regjeringa at dei vil ha 1500 vindturbinar i norske havområde innan 2040. Olje- og energiminister Terje Aasland understreka at utbygginga skulle vere «i samspel med fiskeri og andre viktige interesser».

Foto: NTB

Det er håp

Heggebø er likevel ikkje heilt utan håp – om regjeringa ikkje vert freista til å bevege seg utanfor det skisserte totalarealet på 4900 kvadratkilometer.

Dersom viktige gyte- og fiskeområde blir unngått, vil det innan eit slikt totalareal kunne la seg gjere å oppnå god sameksistens, seier han.

På vindkraftforeininga Norweas «sameksistens-konferanse» i april uttalte Giles Dickson, som er leiar i Wind Europe, at «EUs mål for offshore vindkraft vil leggje beslag på 7 prosent av heile EU sitt sjøareal».

Han la til:

Det er mykje når det eksisterer andre interesser som er nøyaktig like interessert i å bruke desse havområda. Vi er nøydde til å streve etter ein lykkeleg sameksistens.

Torsk i kar.

STERKT UROA: – Vi er sterkt uroa for det store omfanget, seier Odd Kristian Dahle i Havfiskeflåtens organisasjon.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr

Fiskeriinteressene må få stor vekt

28. april fatta Vest Noregs Fiskesalslag følgjande vedtak under årsmøtet sitt:

«Årsmøtet er innstilt på at fiskerinæringa må dele havrommet med andre næringar, men ser med bekymring på dei storstilte utbyggingsplanane for havvind (...).»

Til å innleie møtet inviterte dei stortingsrepresentant Olve Grotle (H) frå kystkommunen Bremanger.

Fiskeri- og miljøinteressene må få stor vekt ved val av plassering av havvindparkar og utforming av desse, seier han til NRK.

Tidlegare i år la han fram ein nullvisjon for dødsulykker til sjøs.

God sameksistens er heilt avgjerande skal vi lykkast. Vi kan ikkje ende opp med ein situasjon kor fiskarane ikkje blir høyrt og ikkje får tilstrekkeleg gjennomslag for synspunkta sine, seier han.

Neste veke samlast toppleiarar i Europa til stormøte i Danmark for å bli samde om «ein felles visjon for utbygging av havvind i Nordsjøen.»

Noreg er ikkje invitert, melder Energi og Klima.

Det internasjonale energibyrået (IEA) har anslått at den globale havvindmarknaden vil vekse med 13 prosent kvart år, og at det vil ha ein samla installert kapasitet på 560 GW i 2040.