Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vil ha «ein del fleire» vindmøller til lands.
Han medgir at forslaget er omstridt og at «det vart gjort mange feil i den første fasen», men meiner det er politisk mogeleg gitt «grundigare prosessar» og større lokal medverknad.
– Eg vel å tru at eit langstrekt land som Noreg har nok natur til at vi kan gjere dette på ein skånsam måte, seier han til NRK.
Bodskapen vart gjenteke av den nye olje- og energiministeren, Terje Aasland (Ap), i Debatten på NRK1 tysdag kveld.
Bakgrunnen for utspela er den norske kraftforsyninga og Ukraina-krigen som har gjort at Europa har sett opp tempoet med å frigjere seg frå «det russiske gassgrepet».
Norsk vindkrafthistorie er ei forteljing om skiftande vindar, og på Stortinget får signala frå regjeringa blanda mottaking.
– Eg trur dette er altfor tidleg, og at ikkje mange kommunar vil fremje slike planar på noverande tidspunkt, seier Terje Halleland, som er energipolitisk talsperson i Frp.
– Verken Ap eller Sp gjekk til val på fleire vindturbinar på land. Det er ikkje dette folk vil ha, seier Sofie Marhaug (Rødt), som er andre nestleiar i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
Samstundes er det indre motsetnader i regjeringa etter at Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i Klassekampen sa at han ikkje lenger kan stå inne for å elektrifisere sokkelen med landstraum.
– Eg skal ikkje kome med karakteristikkar av Gjelsvik, men det er eit klart brot med Hurdalsplattforma, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).
– Pausen bør ikkje bli for lang
Etter eit omstridd utbyggingskart, massive protestar og vardebrenning mot vindkraft, var det politisk konsensus om å «setje ein fot i bakken» i 2019.
Den hittil tre år lange pausen i vindkraft-godkjenning kom etter fleire år med «byggjeboom».
– Folk i vindkraft-bransjen gjekk frå å vere heltar i 2010 til å vere skurkar i 2020, sa tidlegare Sp-leier og energiminister Åslaug Haga under Energidagane i oktober.
I dag leiar ho interesseorganisasjonen Norwea, som ynskjer seg jamnare utbyggingstempo, og mindre «ketchupeffekt» og «rykk-og-napp-utbyggingar».
Det er Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som behandlar søknader om konsesjon til å bygge og drive vindkraftverk.
– Vi har no hatt to og eit halvt år med stopp i vindkraft-saker. Om det er eit ønske om meir vindkraft på land i Noreg, bør ikkje denne pausen bli for lang, har NVE-direktør Kjetil Lund sagt.
I Høgre og blant industritoppar vert signala frå Støre positivt motteke:
– Vi støtter dette. Vindkraft på land er den raskaste vegen til kraftoverskot og lågare straumprisar på kort sikt. Det er Støre-regjeringas styringsevne som no avgjør kor raskt det går, seier Bård Ludvig Thorheim, som er energipolitisk talsperson i Høgre.
– Står opp for vindkrafta i beste Gerhardsen-ånd
Hovudlinjene i det nye konsesjonsregimet seier at det skal vere meir lokal innflytelse, og at kommunane skal behandle søknader gjennom Plan- og bygningsloven (ikkje Energiloven, som tidlegare).
– Det er herleg å sjå Støre stå opp for vindkrafta i beste Gerhardsen-ånd, seier Robert Kippe, som er kommunikasjonsansvarleg i Norwea.
Han legg til:
– Når vi endeleg kjem i gang igjen med ny vindkraft på land, så skal bransjen gjere det saman med kommunane. Om regjeringa i tillegg sørger for å skattleggje vindparkane slik at kommunane får ein større andel av inntektene, så blir dette veldig bra.
I Hurdalsplattformen skriv Støre-regjeringa at dei vil «sikre at lokalsamfunn som stiller sine naturressursar til disposisjon for utbygging, får meir att for det», mellom anna gjennom endra skattlegging av vindkraft.
I sitt siste statsbudsjett føreslo finansminister Jan Tore Sanner (H) ei avgift på landbasert vindkraft. Avgifta er berekna til å gi 165 millionar kronar i året.
– Altfor lite, meiner Eivind Salen.
Han er styreleiar i organisasjonen Motvind, som har sitt utspring i motstanden mot «dei brutale utbyggingane av vindkraft landet rundt».
– Meir att til kommunane har så langt vist seg i ei avgift på 1 øre per kWh. Det står i kontrast til kor mykje kraftprodusentane får, seier han.
Han legg til
– Såkalla grundige prosessar vert gong på gong sett til side til fordel for hastevedtak, fordi det er skapt ei usann førestilling om det er så lite tid.