Hopp til innhold

Slik vil Europa kome seg ut av gassgrepet til Russland

Det internasjonale energibyrået har lagt fram ti tiltak for å gjere Europa mindre avhengige av russisk gass.

Europa kan bli mindre avhengig av russisk fossilgass

MINDRE AV DETTE: Det internasjonale energibyrået IEA vil gjere det europeiske kontinentet mindre avhengige av russisk gass. På Stortinget vert planen tatt til inntekt for eigen politikk.

Foto: NTB/Scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Gassrøyrleidninga vil gjere Tyskland «til eit gissel for Russland», sa USAs president Donald Trump i 2019.

Etter invasjonen i Ukraina har forbundskanslar Olaf Scholz sagt at dei ikkje lenger vil samarbeide med russarane om gassrøyrleidninga Nord Stream 2, og no gjer EU og Tyskland fleire grep for å kome ut av Putins gassgrep.

Torsdag la leiar i Det internasjonale energibyrået IEA, Fatih Birol, fram ein plan med ti punkt for å gjere det europeiske kontinentet mindre avhengige av russisk gass. I dag kjem 38 prosent av gassen i Europa frå Russland.

Nettavisa Energi og Klima samanfattar dei ti punkta slik:

  1. Ikkje inngå nye gasskontraktar med Russland.
  2. Meir gass frå Noreg og Aserbajdsjan.
  3. Krav om minimum gasslager for å møte sesongmessige svingingar.
  4. Auke satsing på vind- og solkraft.
  5. Meir bioenergi og atomkraft.
  6. Sette i verk tiltak som vernar forbrukarane mot høge energiprisar.
  7. Forsere å skifte ut gasskjeler med varmepumper.
  8. Auka satsing på energieffektivitet i bygningar og industri.
  9. Senke gjennomsnittstemperaturen i bygg frå 22 grader til 21 grader.
  10. Auke tiltak for å diversifisere og dekarbonisere kjelder for straumforsyning.
Jonas Gahr Støre og Olaf Scholz, som begge er sosialdemokrater, gratulerte hverandre med regjeringsovertakelse etter at de begge vant valg i fjor høst. Scholz fremhevet det nære samarbeidet mellom Norge og Tyskland, både økonomisk og som Nato-allierte.

DÅ HAN MØTTE HAN: I januar møtte statsminister Jonas Gahr Støre den tyske forbundskanslaren for å få han til bruke norsk gass i ein overgangsfase til grøn energi.

Foto: MARKUS SCHREIBER / AP/NTB

Ønsker planen varmt velkommen

Det er veldig gode nyheiter at IEA konkretiserer kva som kan gjerast for å speede opp utfasinga av fossil energi. Eg ønsker denne planen varmt velkommen, seier Arild Hermstad, som er nestleiar i MDG.

Energipolitisk talsperson i Ap, Terje Aasland, kallar det ein «viktig plan» som «svarer på den akutte situasjonen Europa står i, samtidig som han peiker ut ein tydeleg veg mot det grøne skiftet».

Så skal vi i Noreg gjere det vi kan for å bidra, og framleis vere ein stabil og føreseieleg gassleverandør, seier han.

I januar møtte statsminister Jonas Gahr Støre den tyske forbundskanslaren for å få han til bruke norsk gass i ein overgangsfase til grøn energi. «Er ikkje det dobbeltmoralsk?», spurte ein reporter.

– Nei, fordi vi trur gass med karbonlagring vil spele ein viktig rolle i overgangen til fornybar energi, svarte Støre ifylgje Aftenposten.

Sofie Marhaug

PUNKT SEKS: Rødt-representant Sofie Marhaug seier til NRK at ho er «særleg interessert» i punkt seks, om regulering av straumprisane.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

Vil ha ny konsesjonsrunde for olje og gass

Tyskland meldte denne veka at dei påskundar planane om å gå over til fornybar energi. Det nye målet er å vere hundre prosent grøne innan 2035. Tidlegare var målet «godt før 2040».

Denne rapporten bekreftar at det viktigaste bidraget frå Noreg er å legge til rette for meir gasseksport og få fart på havvind-satsinga, seier Bård Ludvig Thorheim, som er energipolitisk talsperson i Høgre.

Han legg til:

Det som kanskje manglar i planen er satsing på hydrogen, ammoniakk og betre batteri.

Frp og Høgre tok i Politisk kvarter onsdag til orde for at regjeringa «så snart som mogeleg» kunngjer ei ny konsesjonsrunde for olje og gass.

Støre-regjeringa gjorde før jul ein avtale med SV om å utsette den 26. konsesjonsrunden til 2023.

Denne planen viser at stabile gassleveransar frå Noreg vil vere avgjerande for om EU kan klare ein omstilling bort frå russisk gass, seier energipolitisk talsperson i Frp, Terje Halleland.

EU-kommisjonens president Ursula Von der Leyen mener RT og Sputnik sprer "giftige løgner".

TEK GREP: – Kvar kilowattime elektrisitet Europa genererer frå sol, vind, vasskraft eller biomasse reduserer vår avhengigheit av russisk gass, sa president i EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen tidlegare i veka.

Foto: JOHN THYS / AFP

Meiningslaust å leite etter meir fossil gass

SV og Venstre kallar meir leiting etter gass på norsk sokkel for «ei avsporing» og eit «meiningslaust» tiltak.

Det vil ikkje gi energi i form av ny gass før om 10–15 år, og vi må løyse EUs avhengigheit av russisk gass før det, seier Lars Haltbrekken i SV.

Alfred Bjørlo er stortingsrepresentant for Venstre.

Tyskland forserer planane om overgang til fornybar energi. Då er det fullstendig meiningslaust å leite etter meir fossil gass som tidlegast kan bli klar for leveranse rundt år 2030.

Ursula von der Leyen varsla tidlegare i veka at EU-kommisjonen «snart» vil legge fram forslag til korleis Europa kan gjere seg «heilt uavhengig av russisk gass så snart som mogeleg».

Rødt-representant Sofie Marhaug seier til NRK at ho er «særleg interessert» i punkt seks, om regulering av straumprisane.

Det kan altså bli aktuelt å regulere marknadsprisane endå strengare, utan at det er i strid med gjeldande lover og regler. Det tyder at diskusjonen om makspris ikkje er over, seier ho.

Kjell Ingolf Ropstad (KrF) sit i energikomiteen på Stortinget

Eg trur energipolitikken vil pregast av Russland si krigføring i lang tid framover. Då er det viktig at Noreg er ein trygg leverandør av gass, seier han.