Hopp til innhold

Ny rapport: Klimamålet er utanfor rekkevidde

Rapport slår fast at klimamålet for transportsektoren kan bli i overkant krevjande. På Stortinget spør fleire om målet er for ambisiøst.

Lyshorntunnelen

LYSHORNTUNNELEN, BERGEN: Transportsektoren står for rundt ein tredel av norske klimagassutslepp. Personbilar er den einaste utsleppskjelda i transportsektoren som har kutta utsleppa sine samanlikna med 1990.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I ein ny rapport skriv Avinor, Bane Nor, Jernbanedirektoratet, Kystverket, Nye Veier og Statens vegvesen at det blir «svært krevjande» å redusere klimagassutsleppa innan transportsektoren med 55 prosent innan utgangen av 2030.

I eit medfølgjande notat (side 13) går dei eitt steg vidare og signaliserer at 2030-målet er utanfor rekkevidde:

«Dei gjennomførte analysane viser at det ikkje er mogleg å nå klimamåla med realistiske tiltak og tilhøyrande nødvendig verkemiddelbruk innan 2030.»

Statens vegvesen har sidan uttalt at dei har formulert seg uklart og «noko motstridande».

– Bodskapen er at sektoren ikkje kan redusere klimautsleppa med 55 prosent med dagens verkemiddel, seier Kjell Solem, kommunikasjonssjef i Statens vegvesen, til avisa Altinget.

Never the twain shall meet

Never the twain shall meet. Rapporten viser at kursen og målet (den raude stolpen) ikkje treff kvarandre.

Foto: Håvard Nyhus

Det norske målet om 55 prosent kutt innan 2030 vart meldt inn til FN før klimatoppmøtet i Egypt.

Dette sender eit sterkt signal til andre land, og vi håpar fleire vil forsterke måla sine, uttalte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han la fram det forsterka målet.

Han la til at «det er ingen tvil om at det vil krevje mykje av oss».

Månaden i førevegen røpte «Grøn bok» at Noreg låg bak målet om å halvere utsleppa på sokkelen innan 2030, og at det i staden blir styrt mot 35 prosent kutt.

Norges klimagassutslipp og klimamål målt i millioner tonn CO₂-ekvivalenter
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

Målet er for hårete

Terje Halleland i Frp seier det er ein tendens til at kollegaer på Stortinget «solar seg i glansen av ambisiøse klimamålsetjingar» og at den nye rapporten kallar for «ein meir realistisk samtale» om forholdet mellom kart og terreng.

Jo nærare vi kjem 2030, jo synlegare blir det at klimamåla ikkje lèt seg realisere, seier han.

Frp sa i fjor at målet om 50 prosent kutt på sokkelen var «altfor hårete» og at «ei realitetsorientering» talte for å justere målet til 40 prosent.

Tilsvarande signal har komme frå parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, som har etterlyst ein «meir oppriktig» debatt om norske klimamål.

Dette er elefanten i rommet, sa ho i fjor.

Les også Energikommisjonen sår tvil om klimamåla

Strøm, strømpriser, kraft, elektrisitet

Blant opposisjonen på Stortinget blir høyttenkninga om å fire på klimamåla motteke som ei fallitterklæring.

Europa står framfor nok ein ny rekordvarm tørkesommar. Då kan ikkje Noreg starte med å slakke på klimakrava. Regjeringa og samferdselsministeren må sørgje for at transportetatane kjem med forslag til tiltak og verkemiddel som gjer at vi når klimamåla, seier Lars Haltbrekken (SV).

Sjå fleire reaksjonar på rapporten frå transportsektoren under.

Regjeringen holder pressekonferanse om klimatoppmøtet i Egypt

Det norske målet om 55 prosent kutt innan 2030 vart meldt inn til FN i november. – Dette sender eit sterkt signal til andre land, og vi håpar fleire vil forsterke måla sine, uttalte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han la fram det forsterka målet.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Må bety slutten for Hordfast

Sofie Marhaug i Raudt seier rapporten taler for å stanse «alle dei store og klimafiendtlege motorvegprosjekta i og rundt dei store byane».

Ho nemner Hordfast, E18 i Viken og E6 i Innlandet.

Det er mogleg å kutte nok utslepp frå transport. Problemet er at regjeringa og fagetatane eigentleg berre legg opp til å halde fram med dagens kurs. Då klarer vi det ikkje, seier ho.

Les også Noreg klarer ikkje halvere CO₂-utsleppa innan 2030

North Sea Giant

Blant tiltak ho nemner er «kraftig kutt» i kollektivprisane, å flytte passasjerar frå fly til tog, og å byggje eit ladenettverk for elektrisk tungtransport over heile landet.

Onsdag varsla Statens vegvesen at dei vil levere ein plan for ladestasjonar langs riksvegane for tunge køyretøy.

Bakgrunnen er at slike ladestasjonar blir rekna som ein føresetnad for at bransjen skal kunne ta i bruk elektriske lastebilar og vogntog.

Christina Bu, generalsekretær i Norsk elbilforeining, seier det er «altfor tidleg» å gi opp klimamålet til transportsektoren for 2030.

Ho legg til at regjeringa har vore «tafatte» når det gjeld å elektrifisere varebilane.

Det er i direkte strid med kva rapporten seier trengst. No har vi sju verdifulle år å satse og mykje kan skje om viljen er der. Elbilpolitikken for personbil viser at det er mogleg å få til store kutt dersom vi satsar over tid.

Hordfast

Sofie Marhaug i Raudt seier rapporten taler for å stanse «alle dei store og klimafiendtlege motorvegprosjekta i og rundt dei store byane», blant dei Hordfast (bilete).

Les også EU har vedtatt å innføre verdens første klimatoll

Stålverk i Kina