Hopp til innhold

NS-ministeren sat med giftpillene i handa, men greidde ikkje å svelgje dei

I 35 år har det ikkje vore lov å referere frå intervjuet med NS-minister Sverre Riisnæs. No kan du få høyre hans versjon av frigjeringsdagen. Då han forskansa seg og var klar til å ta livet sitt.

Sverre Riisnæs, Jonas Lie og Henrik Rogstad utanfor Skallum gård i Bærum i mai 1945.

MOT UNDERGANG: Nazistleiarane Sverre Riisnæs, Jonas Lie og Henrik Rogstad utanfor Skallum gard. Biletet er teke i tidsrommet 8. til 10. mai 1945 av ein Milorg-mann som knipsa det i samband med at han forhandla med NS-folka om at dei skulle overgje seg. Lie og Rogstad hadde berre timar igjen å leve.

Foto: Hans K. Amodt / Bærum bibliotek Bærumssamlingen

Oppdatert 10.mai: Endra biletetekst.

– Statspolitisjef Henrik Rogstad gjekk inn i rommet ved sida av og skaut seg, fortel Sverre Riisnæs. Stemma er roleg.

Etterpå følgde Riisnæs etter, rette pistolen mot hovudet til kameraten, og trekte av.

Slik dei hadde avtalt.

– Eg hadde lova han å gjere det for å vere sikker på at han var død.

Historia om statspolitisjefen og Sverre Riisnæs, som var justisminister i Vidkun Quislings regjering, er ein del av eit ti timar langt intervju som Riisnæs gjorde mot slutten av livet.

Av ulike grunner har det ikkje vore lov å gi att intervjuet.

Før no.

Denne våren vart klausulen om at det ikkje er lov å sitere frå intervjuet oppheva.

Dermed kan vi endeleg få høyre Riisnæs sjølv fortelje om kva som skjedde den 8. mai for 75 år sidan – då han, politiminister Jonas Lie og statspolitisjef Henrik Rogstad forskansa seg på Skallum gard i Bærum.

Medan heile landet var i lykkerus fordi krigen var over, sat dei livredde inne i huset. Dei var omringa og visste kva som venta.

Alle tre hadde gjort ting under krigen som dei visste det ikkje fanst nåde for.

Oppgjerstimen var nær. Det var like godt å ta regien på eiga hand, og to døgn seinare var både Rogstad og Lie døde.

Men ikkje Riisnæs.

I staden kom han ut med eit kvitt lommetørkle over hovudet og overgav seg.

Kven var han, og kvifor ombestemte han seg?

Og kvifor venta det likevel inga dødsstraff for ministeren som berre tre månader tidlegare hadde vore med då 28 nordmenn vart avretta på Akershus festning?

Svar finst, men dei er godt gravlagde. Og dei startar med barndomen.

Skarpskyttarar på vakt utanfor Skallum gård 9. mai 1945.

SKARPSKYTTARAR PÅ VAKT: Skallum gard var omringa av folk frå heimestyrkane. Her ser vi norske soldatar som passar på at ikkje nazistane skulle greie å rømme.

Foto: Jon Dørsjø / Bærum bibliotek Bærumssamlingen

Rasist til fingerspissane

Riisnæs vart fødd i 1897 og vaks opp i Vik i Sogn. Foreldra var nasjonalistiske og tyskvenlege.

Seinare studerte han juss i Tyskland og vart sidan statsadvokat.

Juni 1940 melde han seg inn i Nasjonal Samling, og i september same år utnemnde Quisling han til justisminister. Gjennom heile krigen var Riisnæs ein av Quisling sine næraste medarbeidarar.

Som ideologisk leiar i Germanske-SS Noreg spelte han ut heile sitt antisemittiske register.

Både før og under arrestasjonen av jødane hausten 1942 var Riisnæs ein pådrivar. Han tok òg initiativ til at fleire tusen norske menn skulle kjempe under tysk kommando på austfronten. Eit initiativ han ikkje lukkast med.

Norske vakter ved innkjørselen til Skallum gård 8. mai 1945.

VED INNKØYRSELEN TIL SKALLUM GARD: Væpna norske vakter passa på at ikkje uvedkomande kom seg inn til Skallum gard der tre stornazistar hadde forskansa seg.

Foto: Bærum bibliotek Bærumssamlingen

Deltok under avrettingar

I 1945 spelte han ei sentral rolle i det som vert omtala som ei av dei mest grufulle hendingane i Noreg under den andre verdskrigen.

8. februar vart sjefen for NS sitt tryggingspoliti, Karl Martinsen, drepen av motstandsfolk.

Svaret frå myndigheitene var like resolutt som det var brutalt. For å sende eit tydeleg signal vart 28 nordmenn avretta på Akershus festning.

Riisnæs var involvert på to vis. For det fyrste hadde han vore med å forme lovverket som vart brukt til å dømme nordmennene til døden.

Og for det andre deltok han sjølv under avrettingane – med sitt eige tenestevåpen.

Når saka mot han ville kome for retten etter krigen, visste Riisnæs difor godt kva som var i vente.

Så snart kona og sonen hadde reist frå huset i St. Edmunds veg i Oslo i 11-tida på føremiddagen 8. mai 1945, og han var åleine i det store huset, skulle han difor ta saka i eigne hender.

Han skulle avslutte livet.

– Eg sat i stova med eit par gifttablettar som eg hadde fått av dokteren, fortel Riisnæs i intervjuet, som det no er lov å referere frå.

Han fortsett:

– Eg akta å sluke pillene så snart eg merka at motstandarane våre kom. Ein frontsoldat ville vere heime saman med meg, men eg avslo.

Gifttablettane hadde han fått av dokter Hans Eng, som var Vidkun Quisling sin private lege, og som var til stades under fleire avrettingar under krigen.

Men så banka det på døra.

Der sto frontkjemparen Olaf Lindvig, som kom køyrande i ein lastebil.

– Lindvik fortalde at eg var venta på Skallum gard, fortel Riisnæs.

Vel framme på Skallum gard støytte Riisnæs på ei rekkje NS-folk og eit heilt kompani med frontsoldatar.

Då han stakk hovudet inn døra, såg han både politiminister Jonas Lie, statspolitisjef Henrik Rogstad og den kjende frontkjemparen Egil Reichborn-Kjennerud.

– Men då det kom beskjed via telefon om at Vidkun Quisling hadde kapitulert, dimitterte vi kompaniet. Jonas Lie var veldig sint, fortel Riisnæs.

Spekter

RASANDE SINT: Politiminister Jonas Lie vart rasande sint då det for 75 år sidan kom melding om at Vidkun Quisling hadde kapitulert. Dette fortel Sverre Riisnæs i eit nyleg frigitt lydopptak. Bak ser vi tyske Heinrich Himmler.

Foto: NRK

Inngjekk sjølvmordspakt

Etter kvart var det berre Lie, Rogstad og Riisnæs igjen på Skallum gard.

– Vi var først samde om å kjempe vidare, men til slutt vart Jonas Lie så frå seg at han tok ein handgranat og ville kaste på oss. Då kasta eg meg over han, tok handgranaten og bar han inn i eit rom ved sida av, fortel Riisnæs.

Han tek ein pause.

– Rogstad fortalde at han ikkje ville i fengsel. Så tok han pistolen sin, gjekk inn i rommet ved sida av og skaut seg.

I eit anna rom låg Jonas Lie. Truleg hadde han døydd av ei overdose Benzafenyl kombinert med store mengder alkohol.

På eit bord låg eit avskjedsbrev: «Vår død er ein protest mot den uverdige behandling som NS-folk har blitt utsett for de siste dagar».

Nedst på brevet stod namna til Riisnæs, Lie og Rogstad. Alt tyder difor på at det må ha vore gjort ein avtale om kollektivt sjølvmord.

Men slik gjekk det altså ikkje. I staden gjekk Riisnæs ut igjen med eit kvitt lommetørkle over hovudet og let seg arrestere av heimefronten.

«Guds hand heldt meg tilbake», forklarte Riisnæs i politiavhøyret etterpå.

Tidlegare NS-minister Sverre Riisnæs i juli 1945.

FANGE PÅ MØLLERGATA 19: Sverre Riisnæs vart den 11. mai 1945 ført til ei celle på Møllergata 19 i Oslo. Dette fangebildet er teke i juli same år. Sogningen vart aldri dømd for brotsverka han stod bak.

Foto: Justismuseet

Hadde alskens fantasiar

I alt 37 nazistar vart avretta under rettsoppgjeret etter krigen. 12 av desse var tyskarar. 60 personar fekk livsvarig fengsel.

Sverre Riisnæs, på si side, vart ikkje dømd for noko som helst. Korleis kunne det skje?

Riisnæs var nervøs og skjelvande då han vart undersøkt av fengselslegen på Møllergata 19 den 11. mai, går det fram i boka «Gal mann til rett tid» av Nils John Ringdal frå 1989.

Den tidlegare ministeren ropte og skreik og hadde alskens fantasiar, heiter det vidare.

Og då han i slutten av oktober fekk vite at Quisling var avretta, vart alt endå verre. Riisnæs mista forstanden fullstendig, seier dei psykiatriske rapportane.

Fleire gonger prøvde påtalemakta å køyre saka hans for retten, men tilstanden til Riisnæs gjorde at dei kvar gong måtte utsetje.

Sverre Riisnæs bæres inn i retten.

GAL ELLER SKODESPEL? Sverre Riisnæs vart boren inn i rettssalen av fire uniformerte politimenn i juni 1947. Det store spørsmålet er om han var gal eller om han simulerte for å sleppe dødsstraff.

Foto: Faksimile: Bladet Aktuell (1945-1974)

Det enda med at Riisnæs i 1947 vart overført til Reitgjerdet sjukehus i Trondheim. Året etter kom den skriftlege erklæringa om at den tidlegare ministeren var gal.

På det gamle kriminalasylet i Trondheim vart han sitjande heilt fram til sommaren 1958.

Likevel var han framleis under oppsyn av psykiatrien. Saka mot han var ikkje formelt avslutta. Ikkje før i 1973.

Då vart straffesaka mot han forelda.

Var han gal eller spelte han?

Saka mot Sverre Riisnæs har vore gjenstand for mykje diskusjon etter krigen.

Forfattar Nils Johan Ringdal meiner han spelte sjuk for å sleppe å bli avretta. Mange historikarar har støtta dette synet, og støtter seg mellom anna på at statsadvokat Riisnæs var kjend med kva som skulle til for å bli kjend strafferettsleg utilrekneleg.

Heller ikkje gruppesjef i Milorg, Jens Wulfsberg, som tok imot Riisnæs då han overgav seg på Skallum, er i tvil om at Riisnæs spelte.

– Riisnæs fortalde ope om det som hadde skjedd på Skallum. Han hadde sine eigne planar og hadde ikkje tenkt å ta livet sitt. Eg meiner også at han seinare spelte sinnssjuk, sa Wulfsberg til NRK på 1980-talet.

Men sikker kan ingen vere.

Fekk ros av svigerdottera

Vel ute fekk Riisnæs hjelp av broren og flytta til eit småbruk i Solør. Der vart han buande i fleire år og fekk mykje besøk av både tidlegare NS-folk og dei fire barnebarna sine.

«Han ofra seg 150 prosent for dei, arrangerte skirenn og hopprenn, og gjekk til gullmerke med dei», fortel svigerdottera.

På midten av 1970-talet fekk han passet sitt tilbake og drog til Wien for å treffe gamle nazivener. Der vart han buande i 10 år.

Han konverterte også til katolisismen og budde ei stund på eit kloster på Sicilia.

Beundra Quisling til det siste

Likevel viste han ingen anger for det han hadde gjort. I det nyleg frigitte intervjuet fortel han at han «høgakta og beundra» sin gamle sjef Vidkun Quisling, fordi han var så «heiderleg som person».

Ein dag vil NS-leiaren bli samanlikna med dei norske kongane Olav den heilage og Olav Tryggvason, meinte han.

– Også dei fall for ein fiendeflokk som mest bestod av deira eigne landsmenn.

På slutten av livet flytta Riisnæs tilbake til Noreg der han døydde i 1988, 90 år gamal.

NRK har vore i kontakt med barnebarna til Sverre Riisnæs, men dei ønskjer ikkje å fortelje om forholdet til bestefaren.

Video Rettssaken mot Vidkun Quisling

SAMANLIKNA MED OLAV DEN HEILAGE: Sverre Riisnæs samanlikna Vidkun Quisling med Olav den heilage i det nyleg frigitte intervjuet. Biletet er teke under rettssaka mot Quisling som var avretta etter å ha vorte kjend skuldig i landssvik.