Hopp til innhold

Brukar påskeferien på å gå sabotørruta – hyllast av veteranar

Interessa for krigshistorie har ført kameratane i fotspora til nokre av dei mest kjende sabotørane frå andre verdskrig. Det betyr 60 mil på ski denne påska.

Iver Sagli Klovholt og Philip Brackenbury skal gå fluktruta til sabotørane under andre verdenskrig.

TØFFINGAR: Iver Sagli Klovholt og Philip Brackenbury går fluktruta til sabotørane under andre verdskrig denne påska.

Foto: Iver Sagli Klovholt

Mange set påske i samband med ski og hyttekos, påskekrim og brettspel.

18-åringane Iver Sagli Klovholt og Philip Brackenbury frå Skien har derimot ein heilt spesiell påsketradisjon.

Dei legg ut på strabasiøse turar, og årets prosjekt er ikkje noko unntak.

– Det er ganske tungt, innrømmer Klovholt på telefon frå Aurdal, der gutane er innom for å hamstre havregryn og bananar. Ei pølse har dei også unna seg.

Stemninga er det ingenting å seie på, trass fleire strabasiøse dagar i fjellet.

– Vi kjenner kvarandre veldig godt.

Iver Sagli Klovholt og Philip Brackenbury brukar påskeferien på å gå i fotspora til tungtvannssabotørane.

Iver Sagli Klovholt og Philip Brackenbury unner seg ei pølse i brød på bensinstasjonen i Aurdal.

Foto: Privat

Styrkeprøve

I fjor gjekk dei to Massiv-ruta til Turistforeningen i påska. Det er ei styrkeprøve på 350 kilometer gjennom dei fire store fjellområda Breheimen, Jotunheimen, Skarvheimen og Hardangervidda.

Denne påskeferien er det altså eit meir dramatisk bakteppe over ekspedisjonen deira.

«Operasjon Gunnerside» er ikkje eit barneskirenn. Tungtvannssabotørane kryssa halve Sør-Noreg på ski.

Gunnerside's fluktrute til Sverige

Kartet viser Gunnersida-gruppa si fluktrute mot Sverige.

Foto: FSK/HJK

Den 50 mil lange fluktruta til ein av dei mest kjende sabotasjeaksjonane under andre verdskrig var krevjande og risikabel. Totalt blir det 60 mil på ski for gutane denne påska.

Ruta er ikkje utan risiko no heller, men ein viktig skilnad er at 19-åringane ikkje har fiendane i hælane.

– Ein tenker jo på korleis det må ha vore. Vi har moderne utstyr og slepp følelsen av å bli jaga. Vi har verkeleg fått respekt for dei gutane der, seier Klovholt, som i tillegg til å studere kart, også har lese seg godt opp på den dramatiske historia frå 1943.

Det er stor interesse for guttas tur. Her er Ronny Opheim saman med Iver Sagli Klovholt og Philip Brackenbury. Han representerer historielaget i Aurdal, og lånte ut hytta si til gutane for gratis overnatting. 

Det er stor interesse for guttas tur. Her er Ronny Opheim saman med Iver Sagli Klovholt og Philip Brackenbury. Han representerer historielaget i Aurdal, og lånte hytta si til gutane for gratis overnatting. 

Foto: Privat

Men sjølv om utstyret er på topp, har dei utvilsamt møtt motstand undervegs.

Brackenbury måtte til dømes innom legevakta med ei skada arm i Nesbyen, men fekk lov til å gå vidare om han lova å vere litt forsiktig.

Nokre solide gnagsår har det også blitt.

– Det må ein nesten berre rekne med, seier Klovholt.

Det er ikkje fritt for at familie og venner er litt uroa for turen gutane har lagt ut på.

Klovholt gjekk til dømes åleine i 31 timar i strekk medan kameraten vart behandla.

– Då vart mamma litt uroa, altså.

Iver Sagli Klovholt og Philip Brackenbury går sabotørenes fluktrute i påskeferien.

Klovholt og Brackenbury brukar påskeferien på å gå sabotørane si fluktrute frå Vemork til Grenserøys 106.

Foto: Iver Klovholt

Høgt tempo

Klovholt og Brackenbury planlegg å bruke 16 døgn på skituren, for å unngå fråvær frå skulen.

Det er fleire dagar raskare enn tida sabotørane brukte i 1943. Men dei vil ikkje ha på seg at det er meir imponerande av den grunn.

– Det var noko heilt anna. Vi har jo tilgang på alt vi treng. Det hadde dei ikkje den gongen.

Iver Sagli Klovholt og Philip Brackenbury fra Skien går fluktruta til sabotørene under andre verdenskrig i påskeferien. Her er de i starten av ruta og ser ned på Vemork på Rjukan.

Frå starten av fluktruta til sabotørane, med utsikt ned til Vemork og Rjukan.

Foto: Iver Sagli Klovholt

Begge gutane har lyst inn i forsvaret etter vidaregåande, men ingen av dei bestod den medisinske testen.

For min del handla det ganske enkelt om nøtteallergi, men eg trur jo at vi kunne ha bidrege positivt likevel.

– Kor går turen neste påske?

– Det har vi ikkje rokke å tenke på. Vi har meir enn nok med turen vi er på no, flirer Klovholt, som ser fram til å nå målet om nokre dagar.

Grensepost 106, der sabotørane kryssa grensa til Sverige for 80 år sidan.

– Korleis skal de feire?

Med søvn. Mykje søvn, ler Klovholt.

Les også Patricia (84) var bare fire år da faren ble henrettet: – Friheten kommer ikke gratis

Sapper James Frank Blackburn var far til Patricia "Pat" Blackburn Cleveland.

– Bragd

I likskap med sabotørane har Klovholt og Brackenbury planlagt nøye. Dei er elevar på tredje trinn ved Skien vidaregåande skole.

Læraren deira kontakta Noregs veteranforbund for å få støtte og rettleiing før turen.

– Det er litt av ei bragd dei to skal gjennomføre, seier Bjørn Flogstad, leiar av NVIO Telemark.

Bjørn Flogstad, leder NVIO Telemark

Bjørn Flogstad, leiar NVIO Telemark.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Veteranforbundet tente på ideen deira og valde å støtte dei. Mellom anna har dei kontakta lokale butikkar for å sørge for proviant undervegs.

– Ruta er ei strabasiøs ferd, som heltane våre tok. Gutane startar på Vemork og går over juvet, berre det er ei utfordring. Så opp på toppen mot Krossobanen, der vi la sekkar og utstyr, fortel Flogstad.

Iver Sagli Klovholt og Philip Brackenbury skal gå i sabotørenes fotspor i påskeferien. Dette er fra deler av fluktruta.
Foto: Iver Sagli Klovholt

Veteranane meiner det dei unge vel å gjere er beundringsverdig.

– Det at dei har reflektert over at det var krig og at det var sabotørar, som bidrog til at dei ikkje fekk den atombomba, det er kjempesvært. Eg trur ikkje folk er klar over det. Når du får ungdom som vil vere med på dette, er det heilt fantastisk, synest Flogstad og ønskjer dei ein god tur.

  • Her kan du sjå TV-serien «Kampen om tungtvatnet»: