Risikerte livet 56 turar over Nordsjøen

I allslags vêr kjempa dei seg over Nordsjøen under krigen. 15. oktober 2021 døydde den siste som kunne fortelja kva dei 300 i «Shetlandsgjengen» gjorde.

Det er laurdag 4. oktober 1941. Jakob er på Toftekaien i Øygarden utanfor Bergen, der han vaks opp.

21-åringen er på dans. Men snart tek laurdagskvelden ei brå vending.

– Vi såg tyskarane okkupere landet vårt. Vi ungdommar fann ut at noko måtte gjerast, seier Strandheim.

I 2018 trefte NRK han heime på Nordås i Bergen. 98-åringen var frisk både til sinns og til beins, og serverte kaffi og tebrød.

Jakob var fram til han døydde 15. oktober 2021 den siste attlevande frå Shetlandsgjengen – den hemmelege operasjonsgruppa som heldt til ved Shetland, London og Skottland under andre verdskrigen.

Dei frivillige medlemmene frakta dokument, flyktningar og soldatar til og frå Norskekysten.

Jakob Strandheim

ATTLEVANDE: Jakob Strandheim (98) frå Torsvik i Øygarden var den siste attlevande frå Shetlandsgjengen.

Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK

Frå dans til krig

Jakob hadde tidleg etter at krigen braut ut planlagt å flykte til Shetland.

– Eg hadde vore på sesjon på Herdla, så det gjaldt å kome seg vekk før tyskarane kalla meg inn. Det var årsaka til at det hasta litt å kome seg av garde, fortel han.

Men sjølve utfarten blei svært spontant gjennomført.

Jakob, som den gongen gjekk under etternamnet Nilsen, var på dans saman med broren Mons. Søskenborna Magnus og Mons var også til stades.

Alle fire var kjende med båtlivet, og det fall naturleg for dei å bidra som motstandsmenn til sjøs.

Etter dansen såg dei fire at vêret var fint, og at det var stilt på sjøen. Då byrja dei å diskutere seg imellom: «Dette kunne jo vere kvelden å gjere det på». Forlate Noreg, og ta seg over til dei britiske øyar.

Familien eigde to brønnbåtar. Dei bestemte seg for å hente brønnbåten «Skjergard» til kaia utanfor danselokalet.

Då dei kom attende med båten, hadde det samla seg fleire folk på kaia. Og mange av dei gjekk med dei same tankane som Jakob, broren og søskenborna.

Innan avreise var dei blitt elleve menn om bord, og Jakob var skipper.

Dei tok turen heimom til Jakob og Mons for å hente kart over Nordsjøen. Foreldra visste nok kva som var på gang, men sa ingenting.

Så la dei ut på havet – med kurs for Shetland.

Fekk jobb i Handelsflåten

Etter å ha kome fram, tok det ikkje lange tida før Jakob og dei andre blei sende med tog til London. Her vart dei forhøyrde i ei veke om kva dei visste om tyskarane.

– Vi blei innlosjerte på hotell i London. Etter ei veke med forhøyr var vi frie. Men vi var no ikkje komne til London for å bu på hotell! Det var mange som ville i arbeid, minnest 98-åringen.

På dette tidspunktet var det kome så mange flyktningar frå Noreg til London at det ikkje var mogleg å sysselsetje alle i Marinen, der dei fleste ville. Jakob fekk jobb i Handelsflåten til å byrje med.

– Eg vart sett på ein båt som gjekk frå Vestkysten til Austkysten av England nedover til London. Vi tok lastar med krigsmateriell frå Statane frå båtar som romma 10.000 tonn, fortel Strandheim.

Det blei tidleg klart for Jakob kor stor fare mannskapet utsette seg for.

– Dei fylte opp fire slike båtar. Planen var at om vi mista to av båtane, ville to kome fram, fortel han.

Jakob Strandheim

IKKJE OPPTEKEN AV HEIDER: – Medaljane? Nei, dei veit eg ikkje kor er. Dei ligg vel i ei eller anna skuff, ein eller annan stad, seier Jakob Strandheim.

Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK

Fekk kurs i handvåpen og granatar

Men Jakob enda ikkje opp mellom dei mange som måtte bøte med livet i kampen mot tyskarane. Og snart skulle krigskarrieren hans til havs ta ei ny vending.

Etter fire månader i Handelsflåten kom Jakob til å høyre om Shetlandsgjengen.

– Eg møtte nokre av gutane frå Kompani Linge. Dei fortalde meg om ein operasjon som frakta materiell over Nordsjøen, minnest Strandheim.

Jakob hadde kystskipperskule og kunne navigere, noko som var attraktivt for dei allierte.

Sommaren 1942 fekk han bli med i Shetlandsgjengen, eller Norwegian Naval Independent Unit (NNIU), som var det offisielle namnet på operasjonen den gongen.

Då kjende han seg for alvor som ein aktiv deltakar i krigen.

– Eg vart send på ulike spesialkurs for å lære handvåpen, handgranatkast og liknande, fortel Strandheim.

Har flest turar over Nordsjøen

Jakob Strandheim er den med flest turar over Nordsjøen, med til saman 56 turar.

Sesongane for Shetlandsgjengen varte frå sein september og fram til mars/april. Andre tider av året var det for lyst ute for dei hemmelege operasjonane. Dei segla berre på nattetid for å gøyme seg frå tyskarane, som på denne tida hadde herredømme over Nordsjøen.

Sesongen 1942-43 baud på store utfordringar for Shetlandsgjengen: Av dei til saman 90 mennene som var med denne sesongen, omkom omtrent halvparten av dei.

Spesielt éin kveld peikar seg ut som eitt av dei verste minna frå krigen for Jakob sin del.

Jakob var blitt styrmann på fiskefartøyet MK «Andholmen». Ein kveld blei dei kalla ut som leitemannskap etter MK «Aksel», som Strandheim tidlegare var styrmann på.

Aksel vart utsett for flyangrep, og båten vart senka.

– Heile mannskapet forsvann. Vi vart sendt ut for å leite etter dei.

– Eg var fantastisk heldig

Posisjonen var nord av Skottland.

– Vi var klar over at Aksel hadde gått ned, men det kunne jo vere at det var oljeflekkar eller at mannskap var i livbåtar. Men vi såg ingenting, fortel Strandheim.

Leiteaksjonen heldt på i eitt døgn, før Andheim gjekk tilbake til Skottland for å rapportere om at det var nyttelaust å leite lenger.

Alle mann om bord i Aksel omkom.

Etter tragedien heldt Jakob fram på Andholmen. Der var dei heldige, og vart aldri angripne av tyske fly.

– Eg må berre seie at eg var fantastisk heldig. Vi såg flya, og vi opna eld ein gong. Men det såg ut til at dei hadde livet sitt kjært, dei «gutta» som sat i flya òg.

Vart skotne på av sine eigne

Etter mange tap med skøytene, klaga Shetlandsgjengen til London. Dei ville gjerne halde fram med farten, men ikkje med dei skøytene som blei brukte no.

I oktober 1943 fekk dei ubåtjegerane «Vigra», «Hessa» og «Hitra» sendt frå Statane. Etter dette gjekk ikkje eit einaste liv tapt.

«Hitra» var i hovudsak skipet Jakob segla med resten av krigen. På dette skipet var det Ingvald Eidsheim frå Lindås som hadde kommandoen. Og med tida byrja dei allierte å få større kontroll over Nordsjøen.

– Dei nye fartøya hadde betre fart og betre skyts, fortel Strandheim.

Men det skulle ikkje berre vere positivt at britane overtok kontrollen av Nordsjøen. Det var nemleg ikkje alltid dei såg skilnad mellom dei tyske og dei allierte skipa.

– Eit par gonger tok dei engelske flya feil og trudde vi var tyskarbåtar. Dei slapp bomber, men det gjekk heldigvis bra. I verste fall gjekk skipa lekk, men dei kom seg inn att til Shetland, seier Strandheim.

– Vi skulle hemne kameratane våre

Leif Larsen er kjend som det fremste symbolet på Shetlandsgjengen. Han og Jakob hadde fleire utfartar saman.

Båten «Shetlands-Larsen» var med på, fekk noko hardare medfart enn Jakob og «Hitra» – men Larsen kom seg alltid frå det i live.

– Det var mange «Larsen-ar» i den gjengen der, seier Strandheim.

Han fortel om ein kultur i Shetlandsgjengen der nærast ingen sa nei til oppdraga dei fekk tildelt, uansett kor farlege dei kunne framstå.

– Vi sa «okay, vi går ut!». Vi skulle hemne kameratane våre. For vi var så til dei grader ein kameratgjeng.

Medalje frå Dronning Elizabeth

Jakob Strandheim har fått mykje heider og ære for sin innsats under krigen. Men framstår alt anna ein ivrig etter å skryte av seg sjølv.

– Medaljane? Nei, dei veit eg ikkje kor er. Dei ligg vel i ei eller anna skuffe, ein eller annan stad ...

I skuffa ein eller annan stad ligg to eksemplar av Sankt Olavs medalje i Ekeløv, og heidersmedaljen han fekk av Dronning Elizabeth på Buckingham Palace i 2005.

Havet har alltid vore tiltalande for Jakob, og det er her han har halde seg gjennom heile karrieren si. Etter krigen tok han styrmannskule og skipparskule, og fekk jobb på brønnbåt.

Seinare flytta han og kona til Bergen, der Strandheim vart medeigar i eit skipsreiarlag med tolv båtar.

Trass i at krigen var ei tøff oppleving, kan røynslene derfrå samstundes vere med på å forklare kvifor han var yrkesaktiv til godt opp i 70-åra.

– Det nyttar ikkje å setje seg ned og surmule. Den dagen du set deg ned og synest synd i deg sjølv, då går det fort nedover. Det kunne vi i alle fall ikkje gjere i den farten der. Der måtte du vere optimist, seier 98-åringen.

Jakob Strandheim ung

MINNE: – Vi såg tyskarane okkupere landet vårt. Vi ungdommar fann ut at noko måtte gjerast, fortel Jakob Strandheim, her som ung.

Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK