Sverre Riisnæs
Foto: NTB scanpix / NTB scanpix premium

Ministeren som skaut under avrettingar

Hadde ikkje Sverre Riisnæs frå Vik i Sogn vorte kjend sinnssjuk, ville han fått dødsstraff. Som justisminister skaut han med sitt eige våpen under avrettingar.

Livshistoria til Sverre Riisnæs (1897–1988) frå Vik i Sogn er truleg den aller mest spesielle og dramatiske av alle Vidkun Quisling sine statsrådar under andre verdskrig. Frå å sympatisere med Arbeidarpartiet, snudde den framgangsrike juristen brått om i juli 1940 og melde seg inn i Nasjonal Samling (NS). Reichskommissar Josef Terboven utnemnde Riisnæs til justisminister den 25. september 1940, ein posisjon han hadde under heile krigen. Riisnæs stod fram raskt som sterkt tyskvenleg og ein ihuga nazist.

Sverre Riisnæs

Sverre Riisnæs og familien fotografert i barnedåpen til sonen Hogne i 1927. Sverre sit lengst til venstre saman med kona Aslaug. Bak foreldra til Riisnæs, Petra Hansine Maria og Harald Johan Riisnæs saman med sokneprest Sverre Daae. Foto: O.P. Fosse.

Foto: Privat / Allkunne

– Tyskland har gått til åtak på oss, seier mange, og vi har i dag tysk okkupasjon vi. Men skal det verkeleg vere nødvendig evig å måtte slå fast at Tyskland har ikkje angripe landet vårt, sa Sverre Riisnæs mellom anna i ein av dei mange radiotalane han heldt under krigen.

Nasjonalistisk oppvekst i Vik

Sverre Riisnæs vart fødd i november 1897 og vaks opp i Vik i Sogn. Han var son av politimeister Harald Johan Riisnæs som både var utprega nasjonalist og tyskvenleg.

Sverre Riisnæs

Sverre Riisnæs med forbildet Adolf Hitler hengande på veggen bak.

Det store høgdepunktet for familien Riisnæs var då tyske Keisar Wilhelm var på sine årlege sommarferiar i Sogn tidleg på 1900-talet. Då stilte dei seg opp og vinka til keisaren då han køyrde forbi. Etter middelskule i Bergen og landsgymnas i Volda, tok Riisnæs juridikum i Kristiania hausten 1919, gifta seg i 1920 og fekk i 1927 ein son. Etter dette jobba han tre år som dommarfullmektig på Sunnmøre og i Sogn, og 12 år som politifullmektig, først i Kristiansund og frå 1925 i Oslo. 1934 vart han statsadvokat i Buskerud og Oppland.

Skal det verkeleg vere nødvendig å evig måtte slå fast at Tyskland har ikkje angripe landet vårt.

Sverre Riisnæs
Justisminister og nazist Sverre Riisnæs.

NS-minister Sverre Riisnæs nummer to frå venstre. Til høgre ved sida av Riisnæs sit politiminister Jonas Lie. Riisnæs og Lie forskansa seg i tre døgn på Skallum gard i Bærum då Tyskland kapitulerte i mai 1945. Lie døydde, medan Riisnæs overgav seg.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

Heldt kontakt med heimbygda

Sjølv om Riisnæs for lengst hadde flytta til Oslo og vart fullt oppteken med jobben i regjeringa saman med Quisling, heldt han kontakt med folk frå heimbygda Vik. Han hadde mellom anna hyppig brevveksling med NS-lensmannen i bygda, John Olsen Vikøren. I eit av breva skriv Riisnæs om kor glad han er over at lensmannen er ein god NS-mann. Samtidig påpeikar han kor trist det er at store delar av det norske folk ikkje støttar NS og tyskarane.

Lensmannen stolt av Riisnæs

Lensmann Vikøren skriv tilbake at han er stolt og glad over at Vik gjennom Riisnæs på ein heidersfull måte vil bli omtalt i Noreg si framtidige historie.

Riisnæs-tale rfrå 1943

I dette brevet går det fram at Sverre Riisnæs ikkje hadde sans for dei demokratiske verdiane.

Foto: Rettsdokument / Riksarkivet

Riisnæs var oppriktig glad for støtta han fekk frå lensmannen i heimbygda, og heldt stadige talar der han prøve å overtale massane til å støtte NS og tyskarane.

– For første gong på 1000 år gjeld kampen igjen for det norske folk og for rasen vår, sa Riisnæs mellom anna.

Var ved austfronten

Saman med politiminister Jonas Lie var Riisnæs ein periode i 1941 med Waffen-SS på Balkan. Der arbeidde han som krigskorrespondent for NRK radio og avisa Fritt Folk. Riisnæs var også ein periode i Finland, saman med mellom andre Karl Marthinsen, sjefen for det norske tryggingspolitiet. Riisnes føreslo også å sende tusenvis norske unggutar til austfronten for å kjempe saman med tyskarane mot russarane. Heldigvis vart ikkje forslaget hans sett ut i praksis.

For første gong på 1000 år gjeld kampen igjen for det norske folk og for rasen vår.

Sverre Riisnæs

Vart heidra

For innsatsen som visekorporal i Waffen-SS vart Riisnæs tildelt æresgraden SS-Standartenführer. Det var uvanleg å tildele så høge gradar til ikkje-militært personell. Riisnæs vart også tildelt krigsfortenestekorset med sverd. Riisnæs var oppteken av uniformer, og gjekk under krigen ofte i uniform med tilhøyrande høge lêrstøvlar, enkelte gonger i hirduniform, men som regel i Germanske-SS Noreg-uniforma.

Sverre Riisnæs

Sverre Riisnæs helsar på soldatar ved Leningrad i mai 1942. Den norske justisministeren laga mellom anna radioinnslag for NRK frå austfronten.

Foto: Tysk propagandaavdeling / Riksarkivet

Nazifiserte rettsapparatet

Som justisminister var Riisnæs ansvarleg for nazifiseringa av rettsapparatet. Han fekk

Quisling-regjeringa

Her ser vi NS-regjeringa samla under krigen. Ministerpresident Vidkun Quisling sit ved langbordet lengst bak. Nummer tre på venstre med andletet mot oss er Sverre Riisnæs.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

sett inn nazivenlege høgsterettsdomarar, og var hovudmannen bak politiet sin særdomstol, som vart oppretta i samband med saka mot politimannen Gunnar Eilifsen i august 1943.

Det enda med at Eilifsen etter press frå tyskarane vart dømd til døden og dagen etter avretta. Dette fordi han hadde nekta å arrestere tre jenter som ikkje hadde møtt til arbeidsteneste.

–Spesiell personlegdom

Erland Pettersen, historikar og underdirektør ved Riksarkivet, har sett seg grundig inn i saka om Sverre Riisnæs.

Nazitoppar samla

Nazitoppar med Vidkun Quisling i spissen samla etter ein tale ved justisminister Sverre Riisnæs.

Foto: Riksarkivet / Riksarkivet

– I dei rettspsykiatriske rapportane blir Riisnæs framstilt som svært intelligent, men med unormale sosiale trekk. Han skal ha vore skrøpeleg og engsteleg som barn. Han blir framstilt som utprega påverkeleg og tilbøyeleg til heltedyrking. Det går også fram at han var påfallande barnsleg i vaksen alder, fortel Pettersen.

Frå 1. januar i år er alle landssviksaker i utgangspunktet opne for innsyn, men i Riisnæs-saka får vi framleis ikkje sjå alle dokumenta. Dette fordi saka har ein så spesiell karakter, fortel Pettersen.

– Det er mellom anna ein del brev Riisnæs har send sin eigen familie som framleis ikkje er opne for innsyn, seier han.

Vidkun Quisling

Dette bildet er teke under eit NS-møte. Nummer to til høgre for ministerpresident Vidkun Quisling er Sverre Riisnæs.

Foto: Riksarkivet / Riksarkivet

Pådrivar under arrestasjonen av jødane

Både før og under aksjonen mot jødane hausten 1942, var Riisnæs ein pådrivar. Av dei 771 jødane som vart deporterte frå Noreg, var det berre 34 som overlevde. Han var sjølv overtydd antisemitt og var ei drivkraft og ideologisk leiar i Germanske SS Noreg.

– For første gong på 1000 år gjeld kampen igjen for det norske folk. Det gjeld det same for heile rasen vår, for alle europas folk, sa Riisnæs mellom anna i ein radiotale.

Riisnæs-brev om jødane

I dette brevet går det tydeleg fram at justisminister Sverre Riisnæs ikkje likte at ikkje alle dei norske jødane var arresterte.

Foto: Rettsdokument / Riksarkivet

Kravde hemn etter likvidering

8. februar 1945 vart sjefen for NS sitt tryggingspoliti, Karl Marthinsen, likvidert av folk frå heimestyrkane. Riisnæs, som var ein nær ven av Martinsen, reagerte kraftig. NS og tyskarane kravde hemn. Som svar på likvidasjonen vart 28 nordmenn avretta på Akershus festning. 20 vart drepne den 9. februar. Dei åtte siste dagen etterpå.

Skaut sjølv under avretting

Det har vore påstått at Sverre Riisnæs deltok sjølv under avrettingane og at han skaut med sin eigen tenesterevolver. No viser det seg at Riisnæs sjølv har fortalt om denne gruvekkjande hendinga til psykiatrane. Han har også vedgått dette i politiavhøyr som NRK har fått tilgang til i Riksarkivet. Samtidig nektar han for at han sikta på offera då han skaut.

Avrettinga

I politiforklaringa vedgjekk Sverre Riisnæs at han deltok under avrettingane på Akershus festning. Han grunngav deltakinga i at han som justisminister hadde det moralske ansvaret for avrettingane. Han meinte han støtta dei andre som stod klare for å skyte ved sjølv å fyre av skot under avrettingane.

Foto: Rettsdokument / Riksarkivet
Politiforklaring

Riisnæs fortel at han hadde dei dødsdømde rett framføre seg og at han bevisst skaut for ikkje å treffe. Riisnæs forklarte seinare at han var sterkt rusa då han deltok under avrettingane.

Foto: Rettsdokument / Riksarkivet

Forskansa seg

Fallet frå makta var brutalt for Sverre Riisnæs. Ved frigjeringa 8. mai 1945 forskansa han seg i nesten fire døgn saman med politiminister Jonas Lie og statspolitisjef Henrik Rokstad på Skallum gard i Bærum. Huset dei oppheldt seg i var fullt av våpen og sprengstoff, og dei var omringa av styrkar frå heimefronten.

Greidde ikkje å ta livet sitt

Jens Wulfsberg var sjef for Milorg-aksjonen mot dei tre norske nazipolitikarane. Slik opplevde han det som skjedde då Riisnæs endeleg overgav seg, fortalt til NRK radio i 1989.

Erland Pettersen

Historikar ved Riksarkivet, Erland Pettersen, har studert rettsdokumenta i Riisnæs-saka. Han viser til at Riisnæs fortalde om ein vanskeleg barndom i dei rettspsykiatriske rapportane.

Foto: Bård Siem / NRK

– Riisnæs kom ned til vaktene våre med eit kvitt tørkle over hovudet. Han fortalde at Jonas Lie døydde for ein time sidan, at Rokstad hadde skote seg og at han sjølv valde å stå til ansvar for det han hadde gjort. Han fortalde opne om det som hadde skjedd på Skallum. Riisnes hadde sine eigne planar og hadde ikkje tenkt å ta livet sitt. Eg meiner også at Riisnæs seinare spelte sinnssjuk, sa Wulfsberg.

Sverre Riisnæs kom ned til vaktene våre med eit kvitt tørkle over hovudet. Han fortalde at Jonas Lie døydde for ein time sidan, at Rokstad hadde skote seg og at han sjølv valde å overgje seg.

Jens Wulfsberg

Stod fram som sinnssjuk

Riisnæs var fullt klar over at dei grove brotsverka han hadde gjort deg skuldig i, ville føre til dødsstraff. Då saka kom opp for retten stod Riisnæs fram som komplett sinnssjuk.

Sverre Riisnæs bæres inn i retten.

«Da rettsforhandlingene ble åpnet den 3. juni og Riisnæs skulle møte opp i tiltaleboksen for å stå til rette for sine handlinger, var han så redd at han under stønn og dyriske hyl måtte bæres inn i rettslokale.» skrev bladet Aktuell om rettsaken mot Riisnæs i 1945.

Foto: Faksimile: Bladet Aktuell (1945-1974)
Germanske SS

Sverre Riisnæs var antisemitt og propagandaansvarleg for Germanske SS Norge.

Foto: Riksarkivet

Han viste ein bisarr oppførsel i fengselet og ikkje minst i retten. Dette fortalde no avdøde Nils Johan Ringdal som har skrive biografien "Gal mann til rett tid". Historikaren Ringdal lét seg intervjue av NRK radio på 1980-talet.

Visste korleis sinnssjuke oppfører seg

Ringdal konkluderer med at Riisnæs i stor grad var ein spelar og kalkulert simulant.

– Når ein les aviser frå den tida får ein inntrykk av eit makabert skodespel. Riisnæs skreik, ropte og spelte, samtidig som han innimellom hadde forunderleg gode juridiske poeng.

Ifølgje Ringdal var det av avgjerande betydning at Riisnæs som statsadvokat før krigen hadde skaffa seg veldig god kunnskap om faget rettspsykiatri, og at han visste kva som skulle til for å kunne bli kjend sinnssjuk og dermed sleppe straff.

Når ein les aviser frå den tida får ein inntrykk av eit makabert skodespel.

Nils Johan Ringdal
Nils Johan Ringdal

Historikar og forfattar Nils Johan Ringdal meiner Sverre Riisnæs hadde dei beste føresetnader for å spele sinnssjuk.

Foto: Borgen, Ørn E. / Scanpix

– Sjølvsagt spelte dette ei avgjerande rolle både under observasjonen og under sjølve rettssaka. Han hadde inngåande kunnskap og psykiatri og juss. Dermed hadde han det beste utgangspunkt for å spele godt.

Ringdal påpeika vidare at Riisnes hadde utvikla eit nært forhold nettopp til dei psykiatrane som i landssviksaka kunne avgjere om han skulle få leve eller døy.

Sperra inne på sinnssjukehus.

Det enda med at Riisnæs vart plassert på Reitgjerdet sjukehus i Trondheim for observasjon. I 1948 vart det konkludert med at han var for sjuk til å kunne stillast for retten. I motsetning til dei fleste andre, vart Riisnæs friskare av å vere innesperra på Reitgjerdet.

Fekk kontakt med barnebarna

Etter å ha vore på Reitgjerdet i 12 år, vart Riisnæs i 1958 utplassert på eit lite småbruk på Fosen i Trøndelag. Han vart derimot ikkje friskmeld. Då kunne saka mot han bli teken opp igjen.

Pasientsenger på Reitgjerdet

Her på det no nedlagde Reitgjerdet sjukehus var Sverre Riisnæs innlagt i 12 år.

Foto: NRK

Etter kvart flytta Riisnæs til eit lite småbruk i Solør. På småbruket fekk han besøk av tidlegare frontkjemparar. Også barnebarna var på besøk hos Riisnæs. Vi har vore i kontakt med Riisnes sine barnebarn, men dei ønskjer ikkje å uttale seg NRK.

Reiste til utlandet

I 1973 var saka mot Riisnæs forelda og han fekk passet sitt attende. I 1974, 76 år gamal, reiste han til Italia. Riisnæs konverterte til katolisismen og budde i eit kloster på Sicilia.

NS-møte.

Nazihelsing på denne måten var obligatorisk for justisminister Sverre Riisnæs og andre nazistar då ministerpresident Vidkun Quisling dukka opp.

Foto: Riksarkivet / Riksarkivet

Året etter drog han til Wien og vart buande der heilt fram til 1985.

I dei rettspsykiatriske rapportane blir det også omtalt at vanskelege forhold i barndomsheimen i Vik har prega Riisnæs resten av livet.

– Riisnæs fortalde mellom anna om mykje uro i heimen, der faren drakk seg full og laga skandale i heimbygda Vik, fortel Pettersen.

Skulle ta sjølvmord

Hans Fredrik Dahl, ein av Noregs fremste krigshistorikarar, har sett seg godt inn i Riisnæs-saka. I eit tidlegare radiointervju med NRK kom han med følgjande refleksjonar.

Historiker Hans Fredrik Dahl

Professor Hans Fredrik Dahl meiner Sverre Riisnæs i heile sin psykiske struktur var ein spelar.

Foto: Margret Helland / NRK

– Sverre Riisnæs skulle gjere sjølvmord ved frigjeringa i 1945, men gjorde det ikkje. Han vart stilt for retten og ville opplagt fått dødsstraff dersom saka hans hadde vorte ført. Sett i det perspektivet er det påfallande at Riisnæs av alle Quisling sine ministrar var den som overlevde, sa Dahl.

Riisnæs var i heile sin psykiske struktur ein spelar, ein person som heilt på kanten av stupet utnytta alt, før han trekte seg attende igjen.

Hans Fredrik Dahl

Dei fleste andre ministrar døydde under krigen, vart avretta etter krigen eller døydde etter å ha sona fengselsstraff.

– Riisnæs var i heile sin psykiske struktur ein spelar, ein person som heilt på kanten av stupet utnytta alt, før han trekte seg attende igjen, sa Dahl.

Møtte opplagt Riisnæs i Wien

Stein Ugelvik Larsen

Stein Ugelvik Larsen møtte Sverre Riisnæs i 1984 i Wien.

Foto: Privat / Privat

Historikar Stein Ugelvik Larsen møtte Sverre Riisnæs i 1984 i Riisnæs sitt husvære i Wien, der han budde saman med ei kvinne.

– Riisnæs var ein person som var ved sine fulle fem og som var frisk og opplagt, fortel Ugelvik Larsen.

– Så det var ingen teikn eller symptom på at Riisnæs var sinnssjuk?

– Det var ikkje noko i det heile som vitna om det. Han verka roleg og bestemt.

Svarte ikkje på om han spelte sinnssjuk

– Mange har hevda at Riisnæs spelte sinnssjuk for å sleppe dødsstraff. Kva sa han om dette?

– Han fortalde med eit underleg smil at han hadde studert psykologi og at han kjende til symptoma på sinnslidingar. Samtidig påpeika han kva forferdeleg press han var under like etter frigjeringa i 1945.

– Vedgjekk han at han spelte sinnssjuk?

– Det svara han ikkje direkte på. Han sa det på ein slik måte at han både kan ha spelt sinnssjuk og at han verkeleg var sinnssjuk.

Slik som dei andre sentrale nazistane, framstod Riisnæs som ein vanleg person som var i eit system som var forferdeleg.

Stein Ugelvik Larsen

Viste ingen anger

– Viste Riisnæs noko form for anger for det han hadde gjort under krigen?

– Nei, det kom ikkje fram noko signal i løpet av samtalen som tyda på at han angra. Han fortalde at NS-regjeringa hadde styrt landet bra under svært vanskelege forhold.

– Korleis var det å ha dette møtet med nazisten Riisnæs som hadde gjort så mykje frykteleg under krigen?

– Som krigshistorikar har eg snakka med fleire av dei mest sentrale norske nazistane etter krigen. Som dei andre nazistane, stod Riisnæs fram som ein vanleg person som var i eit system som var forferdeleg.

Mange trur dei stod fram som bødlar som det nærmast lynte frå. Slik var det ikkje, seier Ugelvik Larsen.

Riisnæs fortalde med eit underleg smil at han hadde studert psykologi og at han kjende til symptoma på sinnslidingar. Samtig sa han at det psykiske presset hadde vore enormt.

Stein Ugelvik Larsen

Sverre Riisnæs flytta attende til Norge i 1985 og døydde tre år seinare på Hovseterhjemmet i Oslo, 90 år gamal.