Hopp til innhold

Difor går dei i tottane på kvarandre

Ordførarane i Eid og Vågsøy kranglar no om lensmannsstrukturen i Nordfjord.

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, og ordførar i Vågsøy, Morten Hagen.

USAMDE: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (til venstre) og Vågsøy-ordførar Morten Hagen går no i tottane på kvarandre.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Eid-ordførar Alfred Bjørlo frå Venstre har signalisert at eit felles lensmannskontor for regionen bør vere på Nordfjordeid, om det skulle bli nedleggingar.

Heilt feil, seier Høgre-ordførar Morten Hagen i Vågsøy.

– Eg synest dette er ein merkeleg måte å gå ut på, og det baserer seg på heilt feil premiss slik eg ser det, seier Hagen til NRK.no.

Frå full semje til open krangel

Debatten om korleis politiet i Norge skal vere organisert i framtida går no for fullt i heile landet. I Sogn og Fjordane legg den såkalla Politianalysen opp til drastiske endringar. I tillegg til at politidistriktet kan bli nedlagt og slått saman med Rogaland og Hordaland, kan 14 lensmannskontor bli lagt ned.

Ordførarane i Vågsøy og Eid har gått frå tilsynelatande full semje til open krangel om framtidig lensmannsstruktur i Nordfjord.

Både Nordfjordrådet, fylkeskommunen, KS og dei enkelte kommunane har alt gitt høyringsuttalar der dei vil ha ein desentralisert struktur og bevare mange kontor og politidistriktet.

Men for ikkje lenge sidan gjekk Eid-ordførar Alfred Bjørlo ut i Fjordabladet og tok til orde for eitt felles lensmannskontor på Nordfjordeid, om det skulle bli slik at strategien med å bevare flest mogleg kontor ikkje fører fram sentralt.

– Argumentasjonen hans er ikkje riktig

Vågsøy-ordførar Morten Hagen kom frå jobben som politimann i kommunen. Utspela til ordførarkollegaen hans lenger inne i fjorden får han til å reagere.

– Argumentasjonen med å sentralisere alt til Eid, er den same argumentasjonen vi får når det er snakk om å sentralisere ting til Førde eller til Bergen – det er for å få eit større fagmiljø, seier han.

Hagen seier at om lensmannskontoret i Måløy vert lagt ned, risikerer kysten frå Florø i sør til Ulsteinvik i nord å bli ståande utan lokalt politi. Dette i motsetnad til den midtre aksen med lensmannskontor frå Sandane via Eid til Volda/Ørsta i nord, om desse kontora vert opprethaldne.

Politianalysen legg opp til å legge ned kontoret på Nordfjordeid.

– Han brukar argumentasjonen med små kompetansemiljø i Måløy og Stryn, og då må han sjå på kva politianalysen legg opp til. Då er det ikkje små kompetansemiljø i Stryn og Måløy. Faktisk blir det større kompetansemiljø, bortimot det dobbelt av det som er i dag på kvart av kontora.

– Argumentasjonen hans er slik eg ser det ikkje riktig, og den er iallfall uryddig i forhold til det vi har blitt samde om, både i Nordfjord og i Sogn og Fjordane, seier Hagen.

politi

KAN BLI KUTTA: Politianalysen legg opp til å kutte 14 av lensmannskontora som i dag er i Sogn og Fjordane.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Bjørlo: – Uforståeleg kritikk

Politianalysen legg opp til at lensmannskontoret i Eid skal leggjast ned, og at kontora elles i Nordfjord skal ta seg av Eid kommune i midten. Bakgrunnen er avstandskriterier til nærmaste politi, og at det er fleire hendingar som involverer politiet i Vågsøy og Stryn samanlikna med Eid.

Men ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, meiner Hagen må tole at han kjem med utspel om felles lensmannskontor i Nordfjord.

– Det er ein heilt uforståeleg kritikk, seier Bjørlo og held fram:

Vil unngå «irrasjonell struktur»

– Vi har sagt at vi står hundre prosent bak det at det bør vere ein desentralisert lensmannsstruktur.

– Men vi har vidare sagt at om det blir pressa på ei sentralisering ovanfrå, slik det er skissert i politianalysen, så vil det vere meiningslaust om det blir gjort på ein måte der du ikkje har eit sterkt kontor midt i regionen.

– Eit kontor der du kan nå mange på kort tid, og der du har samhandling med statlege etatar som sjukehus, rusbehandling, psykiatri, skattevesen, tingrett, jordskifterett, vegvesen og mange av dei andre statlege funksjonane som ligg samla på Eid. Det ville ha gitt ein ekstremt irrasjonelt struktur, seier Bjørlo.

Held fram kampen

Denne veka har vi også høyrt at Eid-lensmann Webjørn Moa meiner at eitt felles lensmannskontor i Nordfjord bør lokaliserast i Eid.

Men Morten Hagen meiner også Måløy har statlege funksjonar som kan samlokaliserast med politi.

– Eg vil sjølvsagt kjempe for at Vågsøy held på sitt lensmannskontor. Vi kan uansett ikkje kjempe på den måten at ein vil legge ned nabokontor for å behalde sitt eige.

– Om vi ser på miljøet i Måløy, med Fiskeridirektorat, Tollvesen, Mattilsynet, skattevesen og politi, så er det meir naturleg å kunne samlokalisere det for å skaffe større kompetansemiljø gjennom at dei alle handhevar forskjellige regelverk og har felleskontrollar på mange område.