Hopp til innhold

Vil at politidistriktet skal bestå

Innbyggjarane i Sogn og Fjordane er best tente med å vere eit eige politidistrikt. Det er den klare beskjeden frå politimeisteren i høyringssvaret om framtidas politiorganisering.

Ronny Iden

MÅ FÅ BESTÅ: Konstituert politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, meiner fylket også i framtida må få ha sitt eige politidistrikt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I den såkalla Politianalysen blir Sogn og Fjordane politidistrikt føreslått slått saman med Rogaland og Hordaland.

Konstituert politimeister Ronny Iden har no levert høyringssvaret frå Sogn og Fjordane. Der er han klar på at ei samanslåing ikkje er vegen å gå.

– Vi trur at eit politidistrikt med leiing i Sogn og Fjordane vil betre ta vare på, og kunne prioritere det som er risikoen og utfordringane for Sogn og Fjordane, seier Iden til NRK.no.

Vil ikkje godta samanslåing

I analysen som ligg på bordet er det derimot føreslått store endringar. Talet på politidistrikt er føreslått redusert frå 27 til seks.

Iden meiner også det er feil å organisere alle distrikta likt.

– Vi meiner at det ikkje er teke omsyn til geografi og avstandar i tilstrekkeleg grad, seier politimeisteren.

Analysen ligg framleis ute på høyring, og Justis- og beredskapsdepartementet har tidlegare sagt at endra organisering ikkje skal gå ut over nærpolitiet.

Professor ved Politihøgskolen, Paul Larsson, er blant dei som er skeptiske til ei sentralisering. Han meiner det er lite som tyder på at ei sentralisering til føre til meir politifolk ute blant folk.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Dersom politianalysa vert banka gjennom, vert vestlandsfylka slått saman. Då vil nærpolitiet bli svekka, meiner politiadvokat i Sogn og Fjordane. Han peikar på at dei har ein av dei beste oppklaringsprosentane i landet.

Avhengig av styrka bemanning

I sitt høyringssvar skriv Iden at Sogn og Fjordane politidistrikt berre kan haldast oppe om distriktet får styrka bemanning og ein går inn for at politimeistrane står fritt til å organisere eige distrikt.

Om det derimot blir lagt til grunn ein del kriterium om kva som skal vere minstemål på ulike fagområde, og krev at alle politidistrikt skal vere organisert likt, vil Sogn og Fjordane politidistrikt derimot få det tøft..

- Om det til dømes blir lagt til grunn at det må vere 60 personar på ein operasjonssentral, 20 stykk i ei organisert krimeining, og 20 stykk på kriminalteknisk, og det blir eit krav. Så vil ein ikkje vere tente med å byggje det opp i Sogn og Fjordane. Det vil ta alt for store ressursar i forhold til behovet, seier Iden til NRK.no.

– Er Sogn og Fjordane politidistrikt eit eige politidistrikt om fem år?

– Vi har iallfall prøvd å argumentere for det, så får vi sjå korleis det går, seier Iden.

Sogn og Fjordane er åleine om å ønskje fylkesmodellen med 18 politidistrikt.