Hopp til innhold

No vil fylkespolitikarane kjempe hardt for politidistriktet si framtid

Fylkesutvalet, med fylkesordførar Åshild Kjelsnes i spissen, skjerpar no kampen for å behalde Sogn og Fjordane som eige politidistrikt.

Åshild Kjelsnes

KJEMPAR FOR POLITIET: Åshild Kjelsnes (Ap) og resten av fylkesutvalet går no i bresjen i kampen for å behalde politidistriktet.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Fylkesutvalet vedtok i dag ei fråsegn der dei krev at Sogn og Fjordane framleis skal vere eit eige politidistrikt. Utvalet er særleg uroa for at det kan gå utover tilliten til politiet dersom sentralisering fører til lenger utrykkingstid.

– Dette er ei stor sak som heile fylket står samla om, både fylkeskommunen, Fylkesmannen og kommunane. Eg vil særleg takke kommunane for det store engasjementet dei har vist. Saka er utruleg viktig for fylket, og eg vil følgje ho fram til ho er avgjort, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes i ei pressemelding.

Fylkesutvalet krev både at Sogn og Fjordane framleis skal vere eit eige politidistrikt, og at polititenestene i landet skal ha ein desentralisert struktur. Fråsegna til fylkesutvalet er eit svar på politianalysen som Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring.

Der føreslår departementet å gjennomføre ei strukturreform i politiet. Det vil blant anna innebere å gå frå 27 politidistrikt som i dag til seks i framtida. Dette er noko ikkje minst politiet her i fylket sjølv har reagert sterkt på.

– Vi er sterkt i tvil om eit større politidistrikt vil gje eit tryggare samfunn, og gjere politiet betre rusta til å førebyggje og kjempe mot kriminalitet. Vi meiner at tilgjengelege fakta syner noko anna, meiner fylkesutvalet og syner mellom anna til at Sogn og Fjordane politidistrikt sine tal for oppklaringsprosent.