Hopp til innhold

Desse lensmannskontora kan forsvinne

Over halvparten av lensmannskontora i Sogn og Fjordane kan kome til å forsvinne i løpet av få år.

Hyllestad lensmannskontor

KAN FORSVINNE: Hyllestad er eitt av lensmannskontora i Sogn og Fjordane som kan forsvinne i løpet av dei neste åra.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Framleis er ingenting bestemt, men den såkalla Politianalysen legg opp til store endringar av måten politiet i Norge er organisert på.

I Sogn og Fjordane har politikarar, kommunar og organisasjonar engasjert seg sterkt, og kjempar med nebb og klør for å behalde eige politidistrikt. Analysen legg opp til å redusere tal politidistrikt frå 27 til berre seks, og Sogn og Fjordane er føreslått slått saman med Hordaland og Rogaland.

Politianalysen vil også kutte drastisk i tal politistasjonar og lensmannskontor, i alt er det snakk om ein reduksjon frå dagens 354 til 203. Ifølgje VG slepp landets nordlegaste politidistrikt, Aust-Finnmark, billegg unna. Der er det berre eitt lensmannskontor som står i fare for å forsvinne.

Desse står på kuttlista

På Vestlandet og på Sørlandet kan derimot over halvparten av politistasjonane og lensmannskontora gå inn i historia, skriv VG som har presentert kuttlista på nett. I Sogn og Fjordane er det desse kontora som står på kuttlista.

  • Askvoll
  • Aurland
  • Balestrand
  • Bremanger
  • Eid
  • Fjaler
  • Gaular
  • Hyllestad
  • Jølster
  • Leikanger
  • Selje
  • Vanylven
  • Vik
  • Årdal

Politidirektøren presiserer at oversikta over kontor som blir føreslått nedlagt er ein modell ut frå definerte kriterium, men at det samtidig gir ein indikasjon for å vise potensialet.

– Politidistrikta må difor jobbe vidare med modellen ut frå lokal kunnskap og sine behov, seier Odd Reidar Humlegård til avisa.

Politimeister ville kutte ti av 23

NRK har tidlegare fortalt at det er store skilnader på kor mange lovbrot lensmannskontora i Sogn og Fjordane handterer i løpet av eit år. I Hyllestad hadde lensmannen ni lovbrot i heile 2012, medan kollegaen i Førde hadde 566.

Tidlegare politimeister i Sogn og Fjordane, Johan Brekke, har også teke til orde for å redusere kraftig i talet lensmannskontor i fylket.

Brekke sa at lensmannskontor med tre eller færre politifagleg tilsette ikkje er berekraftige og såg for seg at ti av dei 23 lensmannskontora i fylket vil forsvinne.