Hopp til innhold

Høgre vil legge ned lensmannskontor

Høgre meiner det må bli færre lensmannskontor. Politianalysen føresler ein å fjerne 14 lensmannskontor i Sogn og Fjordane. Også kontor i senter som Årdal og Eid.

Hyllestad lensmannskontor

FÆRRE LENSMANNSKONTOR: Lensmannskontoret i Hyllestad

Foto: Stig Indrebø / NRK

Fylkesleiar Arve Mjømen trur det blir færre kontor i framtida. Men meiner samstundes at Politianalysen legg opp til at for mange kontor blir lagt ned.

Arve Mjømen

VIL HA FÆRRE LENSMANNSKONTOR: Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg trur nok ein frå enkelte kontor godt kan forvalte mange kommunar. Det har jo heldigvis skjedd ein del på kommunikasjonssektoren sidan alle desse kontora vart oppretta.

Mjømen meiner ein må ta i bruk dei nye verktya som ligg i kommunikasjons- og informasjonsteknologien.

– Slik ligg det jo til rette for at endringar skal skje. Det trur eg ikkje er mogleg å diskutere seg klar av. Ting må kunne endrast, med effektive politidistrikt og effektive lensmannskontor, som har fått ei god vurdering. Det trur eg landet er tent med, seier Mjømen.