Nektar gi seg utan kamp

Politianalysen går inn for å leggje ned Sogn og Fjordane politidistrikt. Men tillitsvald for politijuristane i fylket er blant dei som ikkje vil gje seg utan kamp.

Politianalysen går inn for å leggje ned Sogn og Fjordane politidistrikt. Men tillitsvald for politijuristane i fylket gir seg ikkje utan kamp. I dag fekk han treffe dei som står bak nedleggingsforslaget.

GIR IKKJE OPP: Tillitsvald for politijuristane i Sogn og Fjordane politidistrikt, Jørn Lasse Refsnes, gir ikkje opp kampen for å behalde eit eige politidistrikt.

Sogn og Fjordane politidistrikt er blant distrikta som kan forsvinne om forslaget i den såkalla politianalysen går gjennom. Forslaga er no ute på høyring og under eit høyringsmøte i Florø i dag fekk Jørn Lasse Refsnes møte dei som står bak nedleggingsforslaget.

Han er tillitsvald for politijuristane i fylket og har ikkje tenkt å gje seg utan kamp.

– Det viktige vi som fagpersonar kan gjere er å få fram fakta. Vi må sørge for at dei som skal ta avgjerda har eit godt nok grunnlag, og at dei ikkje ukritisk byggjer på politianalysen og dei berekninga som er gjort der. Den har etter mitt syn vesentlege svakheiter på mange område, seier Refsnes til NRK.no.

Kjempar for politidistriktet

Etter at rapporten vart lagt fram før sommaren har både politiet og politikarar i Sogn og Fjordane rusta seg til kamp. For framtidas politiorganisering kan bli betydeleg annleis for vår del meiner mange.

I politianalysen blir det lagt opp til å redusere talet på politidistrikt frå 27 til seks. Det blir vist til behovet for større og meir robuste einingar.

Sogn og Fjordane politidistrikt blir føreslått slått saman med Rogaland og Hordaland. Blant dei som har protestert er konstituert politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden.

– Vi trur at eit politidistrikt med leiing i Sogn og Fjordane vil betre ta vare på, og kunne prioritere det som er risikoen og utfordringane for Sogn og Fjordane, sa Iden etter at han for litt sidan leverte inn sitt høyringssvar.

– Vi har levert langt betre resultat

Og politimeisteren er slett ikkje åleine om å vere skeptisk. Jørn Lasse Refsnes som er tillitsvald for politijuristane trur ikkje større distrikt betyr eit betre tilbod til innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

– Hovudargumentet mot nedlegging av Sogn og Fjordane politidistrikt er etter mitt syn at når ein ser på resultata vi har levert, så har vi på dei måleparametera som er aktuelle, levert langt betre enn dei to andre distrikta på Vestlandet, seier han til NRK.no.

– Eg synest det er grunn til å stille store spørsmål ved kor sannsynleg det er at folk i Sogn og Fjordane vil få eit tryggare samfunn og ei betre politidekning om vi blir slått saman med dei to store distrikta.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høyringsmøte for politianalysen i Florø

MØTE: På eit høyringsmøte for politianalysen i Florø fredag fortalde Jørn Lasse Refsnes om sin skepsis til forslaget frå utvalet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi blir ein mygg i den store samanhengen

Refsnes trur heller det motsette, at innbyggjarane i Sogn og Fjordane risikerer å bli nedprioriterte i eit så stort politidistrikt.

– Vi vil bli ein mygg i den store samanhengen. Det blir vanskeleg for politimeisteren i ein framtidig stor vestlandsregion, med ein million innbyggjarar, å finne rom til å prioritere den typen kriminalitet som vi har i dag, og som vi med dagens organisering har ressursar til å prioritere, seier han vidare.

– Styrker og svakheiter

Frede Hermansen som er utvalsmedlem i politianalyseutvalet var fredag i Florø for å snakke om arbeidet. Han seier responsen dei har fått frå alle kantar av landet i hovudsak har vore positiv.

– Den overordna responsen er veldig positiv. Vi har sett fingeren på eit veldig viktig tema og fått fram at det er eit stort endringspotensial i norsk politi, seier Frede Hermansen.

Men politiet i Sogn og Fjordane stiller altså store spørsmål ved delar av analysen og meiner utvalet har sett heilt vekk frå positive sider ved mindre distrikt, slik det er i dag.

– Vi ser mange styrkar ved å ha små politidistrikt slik det er i dag, samtidig så har det ein del svakheiter. Og utvalet si overordna vurdering er at vi for å sikre spesialistkompetanse og kraftige fagmiljø nært der utfordringane er så er det nødvendig med noko større distrikt slik at dei blir berekraftige, seier Hermansen.

– Slik det er i dag er distrikta for svake, og for avhengige av bistand frå særorgan for å handtere meir kompliserte saker og ekstraordinære hendingar som skjer fort, seier han vidare.

Håpar å nå fram med innvendingane

Jørn Lasse Refsnes er på si side klar på at han og kollegaene ikkje ønskjer ei framtid utan eit eige politidistrikt i Sogn og Fjordane. Politianalysen legg også opp til endringar på til dømes operasjonssentralen i Florø.

– Erfaringane våre viser at store hendingar har blitt handtert godt av operasjonssentralen. Politianalyseutvalet føreslår ein vesentleg reduksjon av tal operatørar og operasjonsleiarar som skal bemanne 112 og 02800-nummera i vår region. Og det blir då lagt til grunn at ein får ei betre teneste.

– For meg er det ingen logikk i at ein ved ei halvering av operatørar skal få ei betre teneste, seier Refsnes.

Han håpar no at dei mange innvendingane mot politianalysen når fram til dei som skal ta den endelege avgjerda.

– Eg håpar dei sentrale avgjerdstakarane får auga opp for innvendingane og ikkje ukritisk legg til grunn politianalysen. Eg håpar dei også kan sjå at det er mange ubesvarte spørsmål og mange problemstillinga rein ikkje har sett på, og at ein ikkje må forhaste seg og bestemme seg utan ein gjennomgang av dette, seier han til NRK.no.