Hopp til innhold

Vil samle politiet på Nordfjordeid

Politiressursane i Nordfjord bør samlast i eitt felles lensmannskontor på Nordfjordeid. Det meiner Eid-lensmannen som no kastar seg inn i debatten.

Webjørn Moa

NATURLEG: Eid-lensmann Webjørn Moa meiner det er fleire gode grunnar til at eitt lensmannskontor i Nordfjord bør leggjast til nettopp Nordfjordeid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Debatten om korleis politiet i Norge skal vere organisert i framtida går no for fullt i heile landet.

I Sogn og Fjordane legg den såkalla Politianalysen opp til drastiske endringar. I tillegg til at politidistriktet kan bli nedlagt og lagt under Bergen, kan også 14 av 22 lensmannskontor i fylket forsvinne.

I Eid vil lensmann Webjørn Moa innlemme Nordfjord i eit nytt politidistrikt saman med Møre og Romsdal. Han ser også for seg eitt felles lensmannskontor i Nordfjord og meiner den naturlege plasseringa er Nordfjordeid.

– Då vil ein kunne utnytte ressursane på ein veldig god måte ved å ha eitt kontor, og vi kunne då også få bygd ut ei større eining i staden for å byggje ut ei eining i kvar ende, seier han til NRK.no.

Fleire har varsla kamp

Politidirektøren har støtta opp om forslaga i Politianalysen. Han vil fjerne 14 av 23 lensmannskontor i Sogn og Fjordane, og gjere Sogn og Fjordane politidistrikt del av eit større distrikt saman med Hordaland og Rogaland.

I Sogn og Fjordane har dei føreslåtte endringane i politiet si organisering ført til eit stort engasjement. Politikarar, kommunar og organisasjonar har varsla kamp, noko også politiet gjer. Der er det store forskjellar i meiningane.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

GEOGRAFI: Lensmann i Vågsøy og driftseiningsleiar i Nordfjord vil ikkje konkludere, men vedgår at Nordfjordeid er det naturlege valet ut frå geografi.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende
Lensmann i Gol og Hemsedal - Inger Lill Lanes.

STRYN: Inger Lill Lanes er i dag lensmann i Stryn.

Foto: Vegar Erstad / NRK
Sven Flo, ordførar i Stryn

NEI: Ordførar i Stryn, Sven Flo, er ikkje begeistra for forslaget til Eid-lensmannen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

I går fortalde NRK.no at leiaren i politiet si driftseining i Sunnfjord, Jan Egil Tvinde, var samd i at mange lensmannskontor må vekk. Han meiner større einingar vil kunne sikre innbyggjarane betre tenester.

I Bremanger meiner derimot lensmann Hans Rune Strandos at dagens ordning er god nok.

Difor meiner han Nordfjordeid peikar seg ut

No kastar også Eid-lensmann Webjørn Moa seg inn i debatten. Han listar opp fleire grunnar til at politiressursane i Nordfjord bør samlast på Nordfjordeid.

– Her har vi sjukehus, legevakt, psykiatrisenter, ruspost og Statens vegvesen. Skulle det bli ei forandring burde det vere Eid som blir bygd ut, seier Moa.

Tormod Hvattum som er leiar for Nordfjord lensmannsdistrikt meiner det er for tidleg å konkludere med noko. Men samtidig vedgår han at Nordfjordeid peikar seg ut dersom det blir berre eitt lensmannskontor i Nordfjord.

– Jo, det er heilt openbert at om ein må sjå på geografien, så er det Nordfjordeid som peikar seg ut, seier Hvattum.

Ordførar har ikkje sans for forslaget

Også lensmann i Stryn, Inger Lill Lanes, meiner det er for tidleg å konkludere, men antydar at Nordfjordeid er rette plassen dersom Nordfjord skulle ha berre eitt lensmannskontor.

– Geografisk er det kanskje det riktige. Iallfall om brua over Nordfjord kjem i Eid, seier Lanes.

Sven Flo, ordførar i Stryn, har derimot ingen sans for forslaget om å samle politiressursane på Nordfjordeid.

– Eit lensmannskontor er eit kontor for folket. Eg vil ikkje vere med å støtte opp i forhold til å snakke om eit lensmannskontor i Nordfjord, er den klare beskjeden frå han.