Hopp til innhold

Professor kritisk til sentralisering av politiet

Politiet i Sogn og Fjordane fungerer bra som det er. Det meiner professor ved Politihøgskolen, Paul Larsson, som er ein av mange som er kritiske til ei sentralisering av norsk politi.

Paul Larsson om sentralisernig av politiet

FUNGERER: Paul Larsson som er professor ved Politihøgskolen ser ingen grunn til å endre på organiseringa av politiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Montasje: Sondre Dalaker/Gunnar Mjaugedal

Skal vi få færre politidistrikt og lensmannskontor i framtida? Dette er eit heitt spørsmål fleire stader i landet for tida, også i Sogn og Fjordane.

Larsson er ein av dei som er kritiske til rapporten frå det regeringsutnevtne Politianalyseutvalet. Utvalet vil mellom anna redusere talet på politidistrikt frå 27 ti seks. Sogn og Fjordane politidistrikt er blant dei som vil forsvinne, og i framtida er tenkt innordna under Hordaland.

Larsson var i dag hos bystyret i Florø der sentraliseringa av politiet var tema. Slik han ser det fungerer politiet i fjordfylket bra som det er.

– Ut frå det eg har høyrt i dag, så er Sogn og Fjordane eit fylke som fungerer veldig bra. Norsk politi er langt betre enn det blir framstilt som i rapporten, seier politiprofessoren.'

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Dersom politianalysa vert banka gjennom, vert vestlandsfylka slått saman. Då vil nærpolitiet bli svekka, meiner politiadvokat i Sogn og Fjordane. Han peikar på at dei har ein av dei beste oppklaringsprosentane i landet.

– Litt merkeleg

Det første han tenkte når han las rapporten var ifølgje han sjølv at den var «litt merkeleg.»

- Her kjem ein med klare tilrådingar og seier at slik og slik må det vere med færre einingar, meir sentralisering og meir målstyring. Og det utan at det i det heile teke blir vist til internasjonal forsking på dette, eller ein har problematisert desse tinga sjølve, seier Larsson.

Med politiet er ikkje det einaste feltet der sentralisering er heitt tema, det same gjeld for både sjukehus og militæret nemner Larsson.

– Ein treng ikkje blir paranoid, men det finst andre måtar å tenkje rundt dette på enn slik det er gjort i rapporten, meiner han.

– På tide å skru på bremsene

Høyringsfristen for rapporten er 1. oktober, og Larsson meiner ein no må setje ein stoppar for den sentraliseringa den legg opp til.

– No er det på tide å skru på bremsene. Eg synest ikkje vi skal hoppe på dette.

At ei sentralisering av politiet vil føre til meir politifolk ute blant folk har han slett ikkje tru på.

– Der er forskinga ganske klar. Det frigjer omtrent ikkje ressursar. Det som i staden skjer er at det blir bygd opp meir administrasjon og byråkrati. Dessutan har ein hatt problem med flytting, ved at folk heller vil gjere andre ting enn å flytte på seg.

– Så det er ei rekkje ting som spelar inn, og det er ikkje så enkelt som at ein fjernar administrative stillingar og så får meir politifolk i gatene, seier Larsson.

(Artikkelen held fram under biletet)

Grete Faremo

TVERT OM: Grete Faremo avviser at ei endra organisering av politiet skal gå utover nærpolitiet.

Foto: STOYAN NENOV / Reuters

Meiner Norge bør sjå til England

Han viser i staden til England, eit land der dei har snudd det frå sentralisering til desentralisering.

– Argumenta som brukast for desentralisering der bør ein ha med seg i bakhovudet. Det eine er at auka sentralisering, den verste effekten av det er at ein mister lokalkunnskap.

– Politi utan lokalkunnskap blir nesten blinde, og dei greier ikkje jobbe spesielt godt førebyggande og blir også dårlegare på å oppklare lovbrot fordi dei ikkje har god nok kunnskap om kva som skjer, seier han.

– Ei anna side er dette med at ein heller ikkje får så god lokal styring på kva politiet blir brukt til. Det førte også til eit politisk krav om meir lokalt politi.

– Skal ikkje gå utover nærpolitiet

Med berre veker att til høyringsfristen går ut har Larsson ei oppmoding.

– Eg meiner det er veldig, veldig lite her som seier at vi skal gå for det dei føreslår. Eg vil oppmode politikarar og andre til å stikke kjeppar i hjula for dette, seier han.

I ein e-post svarar justis- og beredskapsminister Grete Faremo slik på kritikken.

– Endra organisering vil ikkje gå utover nærpolitiet – tvert imot skal det styrkast. Vi har forsterka politiet med 350 stillingar i 2013, og satsinga vil halde fram, også for påtalemakta.

– Politianalysen er no ute til ei brei høyring fram til 1. oktober. Vi lyttar til alle konstruktive innspel for å få ein best mogleg organisering, med eit sterkt og tilstadeverande nærpoliti, seier Faremo.