Hopp til innhold

Veit ikkje korleis forslag om samanslåing påverkar rekruttering

Forslaget om å slå saman Sogn og Fjordane politidistrikt med Hordaland og Rogaland, kan påverke tilgangen på utdanna politi.

Knut Broberg

SPENT: Konstituert politimeister i Sogn og Fjordane, Knut Broberg, er spent på kva forslaget om samanslåing av politidistrikt vil ha å seie for rekruttering til politiet i fylket i tida framover.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Sogn og Fjordane politidistrikt går ei uviss tid i møte. I den såkalla politianalysen som vart lagt fram før sommaren blir det lagt opp til at politidistriktet skal bli del av eit større distrikt på Vestlandet, og lokalt blir det kjempa for å stogge desse endringane.

I går vart det klart at også politidirektøren vil ha fleire politidistrikt. Han støttar opp om politianalysen og vil redusere talet politidistrikt frå 27 til seks.

– Politidirektøren har gitt politiet sin uttale etter å ha henta inn utsegn frå alle politidistrikta. Politidirektøren sitt syn er eit anna enn vårt, og det må vi ta til etterretning, seier konstituert politimeister, Knut Broberg.

Står samla i kampen

Etter at den såkalla politianalysen vart lagt fram før sommaren har både politiet og politikarar i Sogn og Fjordane rusta seg til kamp. For framtidas politiorganisering kan bli betydeleg annleis for vår del meiner mange.

I framtida kan det bli berre seks politidistrikt mot dagens 27, det blir vist til behovet for større og meir robuste einingar.

I høyringssvaret frå politimeisteren i Sogn og Fjordane var beskjeden klar, Sogn og Fjordane politidistrikt må få bestå.

– Vi trur at eit politidistrikt med leiing i Sogn og Fjordane vil betre ta vare på, og kunne prioritere det som er risikoen og utfordringane for Sogn og Fjordane, sa konstituert politimeister Ronny Iden om høyringssvaret i midten av september.

Men sterke krefter går i mot

Men Sogn og Fjordane er åleine om å ønskje fylkesmodellen med 18 politidistrikt i framtida. I går la politidirektøren fram politidirektoratet sitt høyringssvar. Odd Reidar Humlegård vil ha seks politidistrikt i framtida, og vedgår at det kan høyrast radikalt ut.

– Det som kan stå fram som ei veldig radikal og omfattande omstilling, har i stor grad støtte lokalt, argumenterte Humlegård.

Men i Sogn og Fjordane har både politiet sjølv og politikarar frå alle parti vore i mot. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) sa i går at ho frykta at politidirektøren si meining i saka vil bli vekta tungt når ei avgjerd skal takast.

– Det er vel ein fare for at hans meining vil bli tungt vektlagt, han er ein viktig person i denne samanhengen, sa Kjelsnes til NRK.no.

Spente på rekruttering i tida framover

Konstituert politimeister Knut Broberg seier dei må halde seg ut frå det som blir bestemt, og ut frå det jobbe for å få til best moglege resultat.

Med ei tid der Sogn og Fjordane politidistrikt går ei uviss tid i møte er han spent på om forslaget om nedlegging av politidistriktet vil påverke rekrutteringa.

I desse dagar er politidistriktet på jakt etter politiinspektør, politiadvokat og seniorkonsulent. Kor enkelt det vil bli å få tak i slike fagfolk no veit ikkje Broberg.

– Vi er veldig spente på det. I nokre tilfelle kan det hende det kan bli vanskeleg å rekruttere, i andre tilfelle er det ikkje gitt at det vil by på problem.

– Når det gjeld juristar i påtalemakta, er det ingen grunn til å tru at påtalestyresmakta si avdeling vil bli lagt ned, så der trur eg ikkje det vil bli vanskeleg, seier Broberg.