Hopp til innhold

Ordførarane står samla i kampen for politidistriktet

Region- og partitilhøyringhet blir lagt litt til side når ordførarane i fylket no samlar seg til felles kamp for politidistriktet.

Montasje

STÅR SAMAN: Bengt Solheim-Olsen i Florø, Jarle Aarvoll i Sogndal og Morten Hagen i Vågsøy seier det er viktig å stå samla.

Foto: Montasje

Politianalysen vil slå Sogn og Fjordane politidistrikt saman med Rogaland og Hordaland, men ordførarane i fylket seier nei.

Høgre-ordførar i Vågsøy, Morten Hagen, seier ein felles høyringsuttale gir meir slagkraft enn om dei hadde sendt inn ein uttale frå kvar region eller kvart parti, seier

– Når det gjeld publikum sine tilgang til polititenester, så er det ikkje verken partipolitikk eller kommunestrukturar som skal bestemme det. Her i Sogn og Fjordane skal vi ha gode polititenester framover også, og difor må vi gå saman for å vise at vi i Sogn og Fjordane er samde om det, seier Hagen.

Han seier det er mange fordeler med å stå samla og sende ei felles fråsegn.

– Om vi skulle send kvar vår høyringsfråsegn på alle moglege ting, så vil det alltid bli ein del nyansar som kan tolkast i ulike retningar, og difor er det viktig at vi står samla, seier Høgre-ordføraren.

Fryktar dårlegare tilbod

I ordføraroppropet er beskjeden klar: Sogn og Fjordane må bestå som eige politidistrikt.

I politianalysen blir det lagt om til store endringar i organiseringa av politiet i Norge. Det blir føreslått å redusere talet politidistrikt frå 27 til seks, for Sogn og Fjordane sin del er det føreslått å slå politidistriktet saman med dei to vestlandsfylka sør om oss.

Ordførarane fryktar at ei samanslåing med Hordaland og Rogaland vil gje dårlegare polititenester til innbyggjarane i fylket.

– Ressursane vil bli konsentrert rundt dei store byane der det trass alt skjer mest kriminalitet. Det vil seie at den kriminalitet som vi i dag har moglegheit til å etterforske og bruke ressursar på i Sogn og Fjordane, og som vi opplever som for alvorleg, det vil bli nedprioritert. Det vil gje oss ein dårlegare polititeneste i Sogn og Fjordane, seier Hagen.

Håper det ikkje er for seint

Også i Sogndal trur Ap-ordførar Jarle Aarvoll at sentrale styresmakter vil lytte når fylket og ordførarane står samla.

– Når det er ting som vedkjem innbyggjarar i heile fylket, så kan vi ikkje operere kommune kvar for seg når vi i utgangspunktet er samde, seier Aarvoll.

Med ei ny regjering på trappene, med Høgre i førarsetet, håpar Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen at det framleis ikkje er for seint å stoppe prosessen.

Som vertskommune for politimeisteren, politijuristar og operasjonssentral er det mykje som står på spel for Høgre-ordføraren

– Denne prosessen har kome ganske langt under den raudgrøne-regjeringa, og no er det ei anna regjering som skal ta over. Eg trur det er viktig at vi let all politikk ligge, og heller kjempar for å fremje dei gode argumenta for å også ha eit politidistrikt i Sogn og Fjordane i framtida, seier Solheim-Olsen.

Som vertskommune handlar det om arbeidsplassar, men ordføraren seier det også gjeld tryggleiken til innbyggjarane i heile Sogn og Fjordane.

– Den støtta vi får frå andre kommunar er veldig flott å sjå, seier Solheim-Olsen.