Hopp til innhold

Her bruker fastpris-kundar dobbelt så mykje straum som dei andre

Kommunestyret i Lærdal vart i førre veke informert om at innbyggarane med fastprisavtale har 95 prosent høgare straumforbruk enn dei som betaler spotpris.

Lærdal

LÆRDAL: Innbyggjarane i Lærdal fekk i fjor tilbod om ein fastprisavtale på 50 øre per kilowattime av Okken kraft som er heileigd av kommunen.

Foto: Sognefjord Adventure

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dagleg leiar i Okken kraft, Knut Skår, var førre veke invitert til kommunestyret i Lærdal for å informere om bruken av fastprisavtalar.

Innbyggjarane i kommunen fekk i fjor tilbod om ein fastprisavtale på 50 øre per kilowattime.

Dei same kundane får framleis straumstøtte, og hadde gått i pluss om det ikkje var for nettleiga.

Framfor kommunestyret fortalde Skår at fastpris-kundane i januar brukte 95 prosent meir straum enn dei som betaler spotpris.

– Om lærdølane held fram med å bruka så mykje straum, så bør vi vurdera kva vi skal gjera, seier Sæmund Stokstad (SV) til Sogn Avis.

Oversikta viste også at fastpris-kundane hadde 43 prosent høgare straumforbruk enn på same tid i fjor.

På nasjonalt nivå har nordmenn byrja å bruke mindre straum det siste året.

«Nedgangen i forbruket tyder på at straumkundane responderer på prisane», skriv Statnett i årsrapporten for 2022.

Audun Mo

– Det er klart at vi må evaluere denne ordninga. Om det er slik at folk misbruker ho, så må vi vere ansvarlege og vurdere ho, seier Lærdal-ordførar Audun Mo (Ap).

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Vi må evaluere ordninga om folk misbruker ho

Lærdal-ordførar Audun Mo (Ap) seier til NRK at det ikkje er grunnlag for å teikne eit bilete av ein kraftsløsande kommune, og at «det blir litt eple og pærer».

Han viser til at det er ein overvekt av hytteeigarar blant dei som har sagt nei til fastprisavtalane, og at det er «naturleg at desse har lågare straumforbruk enn vanlege husstandar».

Han legg til at ein enkeltmånad (januar) er «eit spinkelt grunnlag for å trekkje forhasta konklusjonar».

Men det er klart at vi må evaluere denne ordninga. Om det er slik at folk misbruker ho, så må vi vere ansvarlege og vurdere ho.

NRK har vore i kontakt med fleire kommunestyrerepresentantar i Lærdal, som uttrykkjer eit visst ubehag over det som kom fram under møtet (sjå under).

Arbeiderpartiets landsstyremøte

På sine eigne nettsider skriv regjeringa at «det er mange ulemper knytt til makspris» og at dei «ikkje trur dette er eit treffsikkert tiltak».

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Folk bruker mykje meir om straumen er billig

Dette stadfestar at viss straumen er billig, så bruker folk mykje meir, seier Rasmus Hansson (MDG).

– Vårt forslag er å la straumprisen vere det han faktisk er, men vi deler ut igjen heile ekstraoverskotet til staten frå straumpris over 50 øre, delt opp i ein like stor sum til kvar borgar.

Det siste året har det vore debatt om forholdet mellom prisnivå, «sløsing», Enøk-tiltak og incitament for å spare på straumbruken.

I ei ny undersøking frå Opinion svarer halvparten (52 prosent) at dei kan spare meir straum enn dei gjer i dag.

Fellesforbundet, Industri Energi, Huseierne har fleire gonger teke til orde for ein makspris eller totalpris på straum.

Les også Høgare rop om makspris på straum

Zakariasdammen er en demning som demmer opp Zakariasvatnet i Tafjord Møre og Romsdal. Overløp juli 2022

Det same har fleire opposisjonsparti (KrF, Raudt og Frp), deler av Senterpartiet, og 79 prosent av dei spurde i ei meiningsmåling utført for Klassekampen.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har like mange gonger svart at han «forstår at makspris kan verke forlokkande», men at det å overstyre marknadsmekanismane kan gi stor skade og «føre til kraftkollaps».

Då Arbeidarpartiets energiutval la fram ein rapport sist veke, vekte det derfor merksemd då dei – i motsetning til statsministeren – ikkje avviste tiltaket.

Tysdag uttalte Støre at «kravet om både meir og mindre får overskrifter, anten det er frå opposisjonen eller eigne partilag i partiet vårt», som vart lese som eit stikk til leiar i Nidaros sosialdemokratiske forum, Trond Giske.

Den tidlegare Ap-nestleiaren har dei siste månadene kritisert regjeringa og uttrykt at han har ambisjonar om å få gjennomslag for ein ny straumpolitikk under Ap-landsmøtet i mai.

Tysdag fekk Nidaros sosialdemokratiske forum ein avleggjar i Bjørgvin sosialdemokratiske forum.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,84 kr
Dyrest kl. 08 1,2 kr

– Låg fastpris er usosialt samanlikna med målretta støtte

Det er mykje betre for kommunen å gi innbyggjarane støtte til å gjennomføre energitiltak enn å subsidiere billig straum, seier Bård Baardsen.

Han er rådgjevar i Norsk Varmepumpeforening, som vil ha fleire varmepumper i den norske energimiksen.

Han legg til at det er hushald med høg inntekt som har det høgaste straumforbruket.

Derfor vil ein subsidiert låg fastpris vere usosialt samanlikna med å gi støtte meir målretta til hushald med låg og middels inntekt.

Les også Regjeringa varslar seks tiltak for at Noreg skal spare straum

Byggeplass

Regjeringa varsla i oktober seks tiltak for at Noreg skal spare straum, men har sidan fått kritikk frå opposisjonen for å trekkje beina etter seg.

I ein ny analyse frå Sintef konkluderer forfattarane med at Noreg «ikkje er i rute» med målet om å redusere energibruken i bygg.

Kari Nessa Nordtun, utvalgsleder AP - rapport fra Arbeiderpartiets energiutvalg

Tysdag skreiv NRK om eit gryande straumopprør internt i regjeringspartia, symbolisert ved «skarpe resolusjonar» og krav til regjeringa frå fleire fylkesårsmøte. På bilete: Kari Nessa Nordtun, leiar i Arbeidarpartiets energiutval.

Foto: Martin Fønnebø / NRK

Det er ikkje hushalda som er problemet

Norske hushald viser stor vilje og evne til å spare energi, seier Linda Ørstavik Öberg i Huseiernes Landsforbund.

Ho viser til at energiforbruket i norske hushald har sokke og at Statnett forventar ei utflating og forsiktig reduksjon i forbruket i hushalda.

Utfordringane i det norske straumsystemet er knytt til overgangen frå fossile til fornybare energikjelder. Det er ikkje hushalda som utgjer problemet.

Les også Sp-grasrotas smertegrense: Strømpris på 60 øre

Statsministeren leder møte i regjeringens kontaktutvalg med partene i næringslivet