Hopp til innhold

Høgare rop om makspris på straum

Grasrota i Senterpartiet og fleire LO-forbund vil ha makspris på straum. Statsministeren likar ikkje ideen, men opnar døra på gløtt.

Zakariasdammen er en demning som demmer opp Zakariasvatnet i Tafjord Møre og Romsdal. Overløp juli 2022

ZAKARIASDAMMEN: I dag dekkjer staten 80 prosent av straumprisen som overstig 70 øre per kilowattime. Krefter i Sp og Ap vil auke satsen til hundre prosent.

Foto: Remi Sagen / NRK

Hittil i år har krava om makspris på straum kome frå fløypartia Frp og Raudt. No kjem ropet også frå regjeringa sine allierte.

Sist ved fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp), som viser til «ekstreme prisvariasjonar» i sitt eige fylke.

I førre veke passerte straumprisen 4 kroner per kilowattime sør i fylket. Nord i fylket var den tilsvarande prisen om lag 2 øre.

– Eg er samd med Jon, seier Per Atle Kjøllesdal (Sp), som er ordførar i Stryn kommune.

Allereie i januar tok partikollega Olaf Lundteigen (Sp) initiativ til makspris, og i førre veke opna fylkesleiar i Møre og Romsdal Senterparti for at straumprisen er best tent med å bli politisk vedteke framfor marknadsstyrt.

– Vi må vi finne tiltak som treffer dei som treng det mest, uttalte Marit Nerås Krogsæter til Sunnmørsposten.

NRK har i tillegg vore i kontakt med stortingsrepresentantar frå Senterpartiet som «ikkje vil sjå bort frå bruk av makspris» (sjå faktaboks).

Ordførar i Etne kommune, Mette Heidi Ekrheim (Sp), foreslår ein mellombels maksimalpris på 45 øre per kilowattime til sluttbrukarane.

Dersom det er snakk om ein varig makspris, er det ei samansett problemstilling som må utgreiast grundig, seier ho til NRK.

Radøy-ordfører Jon Askeland viser Slagsvold Vedum og lensmann Kjell-Idar Vangberg fylkeskartet

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp) ber regjeringa innføre makspris på straum. Her saman med Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Tysdag auka presset ytterlegare

I dag dekkjer staten 80 prosent av straumprisen som overstig 70 øre per kilowattime (utan moms) – inntil eit forbruk på 5000 kilowattimar.

Ropet frå grasrota i Senterpartiet kjem på toppen av eit gryande opprør i Arbeidarpartiet. Tysdag ettermiddag vart fleire Ap-ordførarar invitert til eit digitalt møte med regjeringa.

Tidlegare på dagen auka presset ytterlegare då leiarane i to LO-forbund sa at regjeringa «først som sist» må innføre «totalpris» (ein nyanseforskjell frå makspris).

I juni sa LO-kongressen nei til pristak på straum.

Frankrike innførte ein slags makspris på straum i oktober i fjor. Det same har Storbritannia gjort.

Kjell Ingolf Ropstad (KrF) har teke til orde for ein makspris på 50 øre per kilowattime.

Dagens viktigste debatter, intervjuer og kommentarer direkte fra radiostudio.

Fellesforbundet og Industri Energi vil ha «totalpris» på straum.

Støre: – Vektige grunnar mot makspris

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) uttalte måndag at han berre aller nødigast vil gripe inn i kraftmarknaden.

Til NTB sa han at han «forstår at makspris kan verke forlokkande», men at det er «ganske tunge» og «vektige grunnar» til ikkje å innføre ei slik løysing.

Vi kan ikkje regulere kraftnæringa slik at vi kvar dag og kvar time kjem under ein makspris vedteke i Stortinget. Drifta av 1000 kraftmagasin påverkar prisane. Vi kan ikkje ha 1000 politiske vedtak om korleis desse skal styrast til kvar tid, sa Støre i midten av juli.

Statsminister Jonas Gahr Støre 22. juli 2022

– Vi kan ikkje regulere kraftnæringa slik at vi kvar dag og kvar time kjem under ein makspris vedteke i Stortinget, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

Også direktør i Konkurransetilsynet, Tina Søreide har åtvara mot følgjene av ein politisk definert pris på straumen. Blant argumenta er at selskap kan gå konkurs om utsalsprisen vert lågare enn innkjøpsprisen.

Ikkje desto mindre er makspris blant tiltaka som Olje- og energidepartementet har bede om at vert utforska. Utgreiinga skal vere klar seinare i august.

Makspris er eit av tiltaka som blir vurdert, med sine fordeler og ulemper. I tillegg må vi få på plass meir langsiktige tiltak for å sikre rimeleg kraft i Noreg i framtida, seier finanspolitisk talsperson for Sp, Geir Pollestad (heile svaret i faktaboks).