Hopp til innhold

Noreg gir mindre i straumstøtte enn nesten alle andre i Europa

Noreg er på 20.-plass i europeisk oversikt over straumstøtte. Den tyske støtta er dobbelt så stor som den norske per innbyggjar.

Kraftlinjen inn mot Kjøllefjord på Nordkyn.

NEI: Regjeringa vil ikkje utvide straumstøtta. På Stortinget rasar debatten om støtta er «raus» eller ikkje.

Foto: Eirik Sørenmo Påsche / NRK

Oppdatering: Tittelen til denne saka burde vore meir forbeholden, og NRK burde presisert at påstanden står for Bruegel si rekning. Modellen som den belgiske tankesmia legg til grunn for utrekningane sine er diskutabel, og har vorte kritisert i Nettavisen, Journalisten og Europower. Kritikken handlar mellom anna om at det norske BNP-talet er «kunstig høgt» og at grensedragninga mellom «straumstøtte» og «energisubsidiar» er uklar.

I midten av januar utvida regjeringa straumstøtta til å omfatte folkeregistrerte på hytta.

Sidan har regjeringa signalisert at ordninga er god som ho er, og ikkje gjenstand for vidare dragkampar, trass tiltakande press frå fleire kantar:

  • Eit felles opprop frå Fellesforbundet, Fagforbundet og Industri Energi om at straumstøtteordninga må forbetrast før lønnsoppgjeret.
  • Industriklubbar som varslar politisk streik for å markere misnøye mot «mangelen på handlekraft frå regjeringa».
  • Bøn frå NHO om at energitilskotsordninga blir vidareført ut mars.
  • Nye prognosar for straumprisen som viser at staten kan spare 2 av 3 kroner i den budsjetterte straumstøtta. I statsbudsjettet for 2023 reknar regjeringa med at straumstøtta vil koste 44,7 milliardar kroner.
  • Noregs Hytteforbund (NHF) jobbar framleis for at hytteeigarar skal vere ein del av straumstøtte-ordninga.
  • Spørsmål frå KrF om manglande straumstøtte til Den norske kyrkja er i strid med Grunnlova.
  • Spørsmål frå Frp om korleis «den påstått rause straumordninga» står seg i eit europeisk perspektiv.

Tal frå tankesmia Bruegel i Brussel viser at Noreg gir mindre i straumstøtte som del av BNP enn 20 andre europeiske land.

7 land er bak Noreg på den same lista.

Oppdatering: I ein tidlegare versjon av denne saka vart finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) sitert på at han «avviser» å justere straumstøtta. Han har ikkje uttala seg så kategorisk.

Robert Habeck og Jonas Gahr Støre PK

Visekanslar og tyske energiminister Robert Habeck vitja NHOs årskonferanse tidlegare i januar. Der viste han til at Tyskland må ta opp store statslån for å finansiere støtteordningane, medan Noreg slepp billig unna.

Foto: Martin Fønnebø / NRK / Martin Fønnebø / NRK

Den tyske støtta er dobbelt så stor per innbyggjar

Breugel bruker tal frå september 2021, og tek vidare med foreslått straumstøtte til hushalda i 2023 (men droppar å ta med støtte til landbruk og det frivillige i 2023). Tala er sist oppdatert i november.

For Noreg utgjer dette 8,1 milliardar euro.

Til samanlikning skal Tyskland bruke 264 milliardar euro på ulike energisubsidiar.

All den tid Tyskland har 16 gonger så mange innbyggjarar som Noreg, blir den tyske støtta dobbelt så stor per innbyggjar.

Eit poeng visekanslar og energiminister Robert Habeck ikkje lét vere å gjere merksam på då han gjesta NHOs årskonferanse tidlegare i januar.

Les også Slik løser de energikrisen i Europa

UTEN SLIPS: Og med minst 27 grader inne om sommeren i Pedro Sanchez' Spania.

Der viste han til at Tyskland må ta opp store statslån for å finansiere støtteordningane, medan Noreg får enorme ekstrainntekter – hovudsakleg frå gasseksport – som følgje av Ukraina-krigen.

NRK har spurt statsråden om ein kommentar til den belgiske oversikta.

Departementet seier i respons at dei vil svare Frp, som har stilt same spørsmål, før dei kommenterer tala. Svaret er varsla å kome 6. februar.

Medan andre europeiske land berre opplever tap som følgje av energikrisa, har Noreg store gevinstar. Ein skulle tru at Noreg i ein slik situasjon gav meir i straumstøtte enn nabolanda våre, ikkje mindre, seier Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

På Malta har regjeringa gitt den statseigde energileverandøren mandat til å fryse prisane på 2014-nivå.

– Den belgiske oversikta bør brukast til å realitetsorientere ei regjering som trur dei leverer den beste bistanden i verda, seier Marius Arion Nilsen (Frp).

I eit svar til forfattar Jan Kjærstad skriver statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at den norske straumstøtteordninga er «den mest omfattande i Europa».

Strømstøtte, Europa

Tal frå tankesmia Bruegel i Brussel viser at Noreg gir mindre i straumstøtte som del av BNP enn 20 andre europeiske land.

Foto: Bruegel

Forholdet mellom straumstøtte og rentenivå

Eit springande punkt i debatten om storleiken på straumstøtte er korleis og kor mykje han påverkar rentenivået.

Med tilvising til data frå SSB og Finansdepartementet er påstanden til KrF at ein fastpris på 50 øre vil redusere prisveksten.

I eit skriftleg svar til Stortinget går Vedum med på at eit slikt grep «på kort sikt vil dempe inflasjonen», men legg til:

På lengre sikt vil auka bruk av oljepengar bidra til auka aktivitet og press på prisar, lønningar og valutakurs, skriv han.

Les også Ny EU-avgift aukar presset mot Noregs straumprofitt

Osebergfeltet i Nordsjøen

Ifølgje Financial Times har europeiske land til saman brukt meir enn ein halv billion euro i ulike straumstøtteordningar sidan september 2021, då Russland byrja å knipe igjen gasskranene.

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Lei av påstandar om at den norske straumstøtta liksom er så raus

Det er alltid bra med kunnskap om korleis dei ulike europeiske landa jobbar for å komme gjennom energikrisa, men norske politikarar må til sjuande og sist ta avgjerder ut frå heilskapen her heime i Noreg, seier forbundsleiar Industri Energi, Frode Alfheim.

Han ønskjer seg ein «enklare, meir forståeleg og meir føreseieleg» straumstøtte:

Sett ein maks totalpris, så veit alle kva vi har å ta omsyn til.

Les også No skal dei som bur på hytta få straumstøtte

Gramstølen

I dag dekkjer staten 90 prosent av den månadlege snittprisen over 70 øre per kilowattime (utan moms).

Eg er lei av at regjeringa stadig vekk påstår at den norske straumstøtta liksom er så raus, seier Sofie Marhaug i Raudt.

Ho viser til at om lag 90 prosent av vasskrafta er offentleg eigd, at desse «går så det grin» og at «den sterke offentlege eigarskapen taler for at mykje, mykje, mykje meir bør komme folk og bedrifter til gode».

Sofie Marhaug (Rødt)

– Eg er lei av at regjeringa stadig vekk påstår at den norske straumstøtta liksom er så raus, seier Sofie Marhaug i Raudt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Ein bløff at straumstøtteordninga er raus

Vi har lenge vore skeptiske til regjeringa si eiga framstilling av den norske straumstøtteordninga som raus. Det er villeiande og regelrett bløff, seier Linda Ørstavik Öberg, som er energipolitisk rådgivar i Huseierne.

Les også Strømprisen faller kraftig – regjeringen sparer milliarder

Strømmast, Hakadal

Sjølv føreslår ho ein makspris på 50 øre per kilowattime.

Det er på tide å anerkjenne at vi som nasjon ikkje opplever tap som følgje av energikrisa, og at vi er i ei særstilling som andre europeiske land berre kan drøyme om.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr