Hopp til innhold

Regjeringa varslar seks tiltak for at Noreg skal spare straum

I ein budsjettlekkasje røper regjeringa fleire tiltak for å spare straum. – Alle må ikkje ha 22 grader på kontoret, seier energiministeren.

Byggeplass

MINDRE SLØSING: – Energieffektivisering er viktig for forsyningstryggleiken samtidig som det bidreg til lågare straumprisar og reduserte straumrekningar, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Støre-regjeringa legg torsdag fram forslag til statsbudsjett for 2023.

Så langt har det vore få lekkasjar om kva som er i vente, men tysdag morgon held regjeringa korta litt mindre tett til brystet.

Til NRK røper Olje- og energidepartementet at regjeringa vil leggje fram ein plan med seks punkt for å spare 10 TWh frå norske bygg innan 2030.

Det er nesten like mykje som all vindkraft produserer i løpet av eitt år (11,8 TWh i 2021).

På sekspunkt-lista er mellom anna ein instruks til Enova om å bruke 1,1 milliardar på sparetiltak i norske hus (sjå faktaboks).

Olje- og energiminister Terje Aasland flankert av en høyspentmast til venstre og en demning med lav vannstand til høyre.

– Vi ser allereie at folk sparer mykje på straumen. No vil vi stille opp for å bidra til ytterlegare sparing, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Foto: ØYSTEIN OTTERDAL / NRK / NTB

Energieffektivisering er viktig for forsyningstryggleiken

Bakom syng spørsmål om kraftforsyning og rasjonering, samt analysar frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som viser at norske bygningar kan redusere energibruken med 13 terawattimar (TWh).

Ifølgje Statnett er det inntil 20 prosent sjanse for at det kan bli rasjonering av straum til våren.

Medan ein ny rapport frå Miljødirektoratet viser at Noreg treng mellom 24–34 TWh ekstra kraft til det grøne skiftet.

Energieffektivisering er viktig for forsyningstryggleiken samtidig som det bidreg til lågare straumprisar og reduserte straumrekningar, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Han legg til:

– Alle må ikkje ha 22 grader på kontoret. Om vi skal spare 10 TWh, må vi ha gode energiløysingar både på arbeidsplassar og i heimane. Då har medvit mykje å seie. Eg trur vi alle kan tenkje gjennom korleis vi bruker lys og varme.

Overfører delar av midlane frå Enova til Husbanken

Vi hadde håpa at regjeringa var meir framoverlent, seier Tore Strandskog, som er direktør for næringspolitikk i landsforeininga Nelfo, som sorterer under NHO.

Han legg til:

Planen om å spare 10 TWh innan 2030 er eit gammalt mål frå 2016. Her bør regjeringa vise handlekraft og auka målsetjinga.

Ein ny rapport frå Sintef viser at berre kvar femte bustadeigar vel å energi-effektivisere husa ved oppussing.

Sintef-rapporten var utgangspunktet for at Ola Elvestuen (V) i august bad regjeringa om å lage ein tilleggsavtale med Enova for tilskot til «enkle Enøk-tiltak som varmepumper, jordvarme, etterisolering, solceller og batteri».

Enova er eit statsføretak som skal bidra til meir effektive energiløysingar i norske hus.

I alt etterlyste Elvestuen 3 milliardar kroner til Enøk-tiltak over dei neste tre åra.

I statsbudsjettforslaget svarer regjeringa med ein instruks til Enova om å bruke 1,1 milliardar.

I tillegg kjem ein ikkje-spesifisert sum til Husbanken, som får i oppdrag å støtte energitiltak for hushald med låge inntekter.

Det blir lagt opp til å finansiere ordninga gjennom å overføre delar av midlane som er øyremerkte Enova til Husbanken, har klima- og miljøminister Espen Barth Eide tidlegare varsla.

Solberg-regjeringa erta på seg miljørørsla

Solberg-regjeringa erta i fjor på seg store delar av den norske miljørørsla då Enova, med signing frå miljøminister Sveinung Rotevatn (V), kutta i støtta til varmepumper og solenergi for hushald.

Fortidsminneforeininga gjorde nyleg eit forsøk for å identifsere kva for utbetringar som gav mest valuta for pengane i gamle bygningar. Resultatet var følgjande:

  • Tetting av luftlekkasjar
  • Nye innevindauge eller å setja i stand dei du har
  • Etterisolering av loft og etasjeskiljarar
  • Varmepumpe