Dei grove barnevernssakene splittar kommunen: – Den verste saka på mine 21 år

SAMNANGER (NRK): Torsdag vedtar småkommunen å opna historisk sak mot sin tidlegare toppleiar. Opposisjonen fryktar for kommunen sitt omdøme.

Øyvind Røen, vararordfører Samnanger

SPLITTA: Samnanger er splitta, seier varaordførar Øyvind Røen (Sp).

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Eit knappast mogleg fleirtal sa i formannskapet ja til å førebu eit søksmål mot den tidlegare barnevernsleiaren i Samnanger kommune.

Det skjer etter ei gransking av tre omstridde barnevernssaker på 2000-talet.

I den mest alvorlege slår granskarane fast at eit av barna blei «fullstendig fratatt sin barndom gjennom uforstandig offentlig omsorgsovertakelse».

Torsdag er det venta nok ei avstemming som deler kommunestyret i den vesle kommunen i to.

Varaordførar Øyvind Røen (Sp) er inne i sin sjette periode i kommunestyret.

Ingenting kan måla seg med temperaturen og striden i barnevernssakene, meiner han.

– Dette er den verste saka eg har behandla. Saka har splitta bygda. Og splitta politikarane.

– Blei rekna som bråkmakarar

Fleire gongar har politikarane i vestlandskommunen behandla saker om sitt eige barnevern.

I 2013 blei barnevernsleiaren først suspendert i eitt kommunestyremøte, før vedtaket blei oppheva i det neste.

Fleirtalet fekk likevel gjennomslag for ei gransking (sjå faktaboks).

Resultatet av granskinga blei lagt fram i ein rapport i desember 2013 og førte til at barnevernsleiaren slutta nokre månader seinare.

– Det var me på vår side glade for, sjølv om me likevel sat med ei kjensle av at denne første granskinga ikkje hadde gått grundig nok inn i handsaminga av familiane. Me høyrde pårørande i desse familiane, som me kjende og rekna som pålitande folk.

Tysse i Samnanger kommune

SAMNANGER: Den vesle kommunen i Vestland står i ein alvorleg situasjon.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Men administrasjonen og politisk leiing hadde heile vegen hatt tillit til barnevernsleiinga.

– Stemninga var amper og det var steile motsetningar. Me blei rekna som bråkmakarar som i det heile stilte spørsmålsteikn ved dette.

– Eg hugsar uttrykket «gatas parlament» blei nytta i kommunestyet. Det var ordføraren sin ordbruk mot dei som ønskte gransking. Eg oppfatta det som eit anna uttrykk for å vera ein uansvarleg mobb.

– Korleis ser du det i lys av konklusjonen i den nye granskingsrapporten?

– Det seier vel seg sjølv. Det er sjølvsagt tilfredsstillande at me har fått rett, men samstundes sørgjeleg med tanke på det som har kome fram, seier Røen.

NRK har presentert kritikken for tidlegare ordførar Marit Aksnes Aase. Ho vil ikkje uttala seg om saka.

Gruppeleiar Shirin Kvernes Khadoor i Samnanger Ap

STEMMER MOT: Gruppeleiar Shirin Kvernes Khadoor i Arbeidarpartiet vil stemma mot innstillinga.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Fryktar for omdømet

Men fleire av politikarane i den vesle kommunen er uroa for at søksmålet kan skada kommunen sitt omdøme.

Advokat John Christian Elden har allereie slått fast at kommunen kan gå til såkalla regressøksmål mot den tidlegare barnevernssjefen.

– Det er grunn til å vere bekymra for at signaleffekten av denne saka allereie har fått negative konsekvensar. Samnanger er ein liten kommune, med små fagmiljø. Me er avhengige av å tiltrekkja oss kvalifisert personell og halda på gode fagfolk, seier gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Shirin Kvernes Khadoor.

I tillegg er opposisjon redde for at kommunen kan pådra seg store kostnader i eit ukjend juridisk terreng.

– Det vil truleg innebera fleire rundar i retten, til betydelege kostnader og med uvisst resultat. I tillegg til det at sjølvsagt reiser ein del prinsipielle spørsmål, seier Øyvind Strømmen i MDG.

I staden føreslo Strømmen mellom anna at kommunen skulle be regjeringa setja ned eit uavhengig, nasjonalt granskingsutval for å gjennomgå og betra barnevernet.

– Rapporten om barnevernssakene bør etter mitt skjønn få verknad langt utanfor Samnanger kommune sine grenser, seier representanten.

Ordførar Knut Harald Frøland i Samnanger

ORDFØRAR: Knut Harald Frøland.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Sender eit viktig signal

Jusprofessor Jan Fridthjof Bernt har lita tru på at eit slikt søksmål vil vinna fram.

Ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista) spør seg kvifor det ikkje er gjort før.

– Viss me kan gå opp ein veg og gjera det tryggare for andre å koma etter, tenker eg det sender eit viktig signal.

Dersom kommunestyret vedtar innstillinga, skal advokatfirmaet Elden innan september utarbeida grunnlaget for eit søksmål mot den tidlegare barnevernsleiaren.

I tillegg blir han beden om å vurdera grunnlaget for eit søksmål mot staten ved Barne- og familiedepartementet og Domstoladministrasjonen.