Hopp til innhold

Nektar å fjerna barnevernsrapport Fylkesmannen vil ha vekk

Granskinga av barnevernet i Samnanger omtalar seksuelle overgrep og vald. Fylkesmannen i Vestland meiner rapporten er for avslørande. – Sanninga må fram, fastheld ordføraren, som nektar å fjerna rapporten.

Ordfører Knut Harald Frøland

OPPRØRT: – Det er viktig for oss å få synleggjort kva som har skjedd. Dei pårørande ønskjer dette, seier ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista) om debatten rundt offentleggjering.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

NRK har fortald historia til åleinefaren Edvin Bolstad, som opplevde at tre av barna i tur og orden blei henta frå heimen deira i Samnanger.

Ei omfattande gransking av tre barnevernssaker slår fast at barnevernet ikkje undersøkte godt nok før dei tok barna frå han.

Seksuelle overgrep, vald og medisinbruk

Kommunen vurderer no å saksøka sine tidlegare tilsette.

Politikarane har også vedtatt å publisera heile rapporten på sine nettsider.

Den omtalar mellom anna påstandar om seksuelle overgrep, vald, diagnosar, samlivsbrot, medisinbruk og opphald på institusjon.

Men nokre dagar etter vedtaket i førre veke kom telefonen frå Fylkesmannen.

Ei bekymringsmelding frå Bufdir bidrog til at Fylkesmannen kravde lovlegkontroll.

– Dette er veldig personsensitive opplysingar. Det kan vera i alle si interesse at det blir gjort ei vurdering av om ei slik publisering er rett eller ikkje, sa assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid til NRK fredag.

Stiller seg undrande

I tillegg kravde Fylkesmannen at rapporten måtte fjernast til lovlegkontrollen var gjennomført.

Det nekta ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista).

I si tilbakemelding etterlyste ordføraren lovheimel og bad Fylkesmannen, som har ei sentral rolle i barnevernssaker, vurdera sin eigen habilitet.

– Heile rapporten er anonymisert. Dette er dessutan ein sluttrapport. Delrapporten, som er bygd opp på same måte, har lege ute sidan i fjor. Eg stiller meg undrande til spørsmålet rundt denne, seier Frøland til NRK.

Advokat John Christian Elden.

ADVOKAT: John Christian Elden er engasjert av Samnanger kommune.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Vern av barnevernets dårlege arbeid

No har advokat John Christian Elden svart Fylkesmannen.

Advokaten har fått oppdraget med å vurdera om tilsette i kommunen kan stillast ansvarleg for barnevernssakene.

– Det er naturleg å bruka Elden når me først hadde eit engasjement med han. Det heng litt saman med det andre han no vurderer, seier Frøland om at Elden har fått oppdraget.

I eit brev sendt Fylkesmannen tysdag viser Elden til at «adgangen til å kreve avpublisert offentlig tilgjengelige opplysninger, er (...) svært begrenset».

Gunnar O. Hæreid, assisterande fylkesmann

ASSISTERANDE FYLKESMANN: Gunnar O. Hæreid, assisterande fylkesmann i Vestland, bad personleg om å setja i verk lovlegkontroll av vedtaket i Samnanger.

Foto: Kaia Viki / NRK

Advokaten viser elles til svar frå granskarane.

Dei meiner at anonymiseringa må vurderast som tilstrekkeleg utanfor Samnanger kommune. Det ville ikkje vera råd å anonymisera rapporten i ein slik grad at ingen i Samnanger kunne tenka seg til kven rapporten gjaldt, meiner dei.

Då måtte i så fall heile rapporten unntakast.

«Resultatet ville bli vern av barnevernets dårlige arbeid», skriv granskarane i brevet NRK har fått innsyn i.

Elden ber også Fylkesmannen om å oppgi bakgrunnen for at assisterande fylkesmann sjølve sette i verk lovlegkontrollen.

Stian Kviteberg og Aleksander Bolstad i Samnanger

ØNSKJER OFFENTLEGGJERING: Brørne Stian Kviteberg Bolstad (t.v.) og Aleksander Bolstad ønskjer at rapporten skal offentleggjerast. – Det er tøft og vondt å lesa, men håpet er at den kan vera ein augeopnar for andre, seier Stian Bolstad.

– Offera ønskjer publisering

Assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid seier Fylkesmannen i Vestland vil vurdera merknadene frå kommunen grundig.

– Me prioriterer saka og håpar å kunne konkludera i løpet av veka.

Vedtaket om å ta rapporten ned står ved lag.

Dermed ligg rapporten ute mot Fylkesmannen si klare befaling.

– Her har rapporten først blitt offentleggjort, så har me bede dei ta den ned medan saka blir vurdert. Me registrerer at kommunen er usamd i det.

– Kva konsekvensar får det at kommunen ikkje gjer som Fylkesmannen seier?

– Det får ingen direkte konsekvensar no. Me prioriterer som sagt saka, seier assisterande fylkesmann Hæreid.

For ordføraren er saka prinsipiell.

– Dei omtalte har sagt at dei ønskjer publisering. Eg meiner det er viktig for alle at me får synleggjort kva som har skjedd her, seier Knut Harald Frøland.