Hopp til innhold

Elden opnar for at Samnanger kan saksøka tidlegare barnevernstilsette

John Christian Elden meiner eit søksmål mot tidlegare tilsette vil skapa store politiske debattar, men opnar for søksmål i éi av dei tre barnevernssakene i Samnanger.

Knut Harald Frøland og John Christian Elden

SAMNANGER-SAKA: Ordførar Knut Harald Frøland ville ha ei rettsleg vurdering om kommunen kunne saksøka tidlegare tilsette i barnevernet. John Christian Elden har no konkludert.

Foto: NRK / NTB SCANPIX

Tolv barn og vaksne har fått til saman 1,7 millionar kroner i oppreising av Samnanger kommune etter at tre barnevernssaker frå 2000-talet fekk knusande kritikk i ei gransking.

NRK har tidlegare fortald historia til Edvin Bolstad, som mista omsorga frå tre av barna. To av barnevernsbarna har også for første gong gått ut med sin versjon.

Granskinga slo fast at barnevernstenesta har opptredd i strid med både FN sin barnekonvensjon, barnevernslova og god forvaltingsskikk.

Opnar for søksmål

Kommunestyret i Samnanger kravde også ei rettsleg vurdering av om ansvarlege for dei tre sakene kan saksøkast for feil dei har gjort i barnevernstenesta.

Det reiser eit prinsipielt spørsmål: I kva grad kan enkeltpersonar stå ansvarleg for feil utført i det offentlege?

No opnar advokatfirmaet Elden for at enkeltpersonar kan bli kravd for pengar.

Dei meiner kommunen må undersøka sakene grundigare før det eventuelt blir tatt ut stemning, men meiner éi av sakene utmerker seg.

«Det bør foretas grundige vurderinger omkring dette, da et slikt søksmål vil reise store politiske debattar om barnevernstjenestens fungering, herunder også ansvaret kommunen har for sine ansatte i et arbeidsrettslig sammenheng», heiter det i eit notat Elden har sendt Samnanger kommune.

Ingen liknande saker tidlegare

Advokaten understreker at det ikkje finst liknande saker. Terskelen er svært høg for å gjera tilsette personleg ansvarlege for arbeid som er gjort for det offentlege, meiner Elden. I tillegg er det strenge krav til dokumentasjon.

På andre andre sida vil eit søksmål med krav om regress kunne ha preventiv effekt for framtidig handtering av slike saker, meiner Elden, og legg til:

«Det er særdeles viktig å unngå at menneskers liv legges i grus under utøvelse av offentlig myndighet».

Kritiserer kommunen: – Uklokt

LO-advokat Herdis Helle har i ein kronikk i Agenda gått hardt ut mot Samnanger kommune si handtering av saka. I tillegg til å kritisera sjølve granskingsrapporten, meiner ho kommunen spreier frykt ved å truga med erstatningssøksmål mot tidlegare tilsette.

– Ut frå det som har kome fram i granskingsrapporten, kan eg ikkje sjå at det er noko grunn til å gå til søksmål. Eg meiner det vil vera uklokt.

Helle representerer fagorganisasjonen FO, som organiserer tilsette i barnevernstenesta.

FO har allereie blitt kontakta av medlemer som hevdar dei vil slutta i barnevernet om Samnanger går til søksmål, ifølge Helle.

– Det er dårleg arbeidsgjevarpolitikk å gå til erstatningssøksmål mot eigne tilsette, med mindre det er tale om grov uforstand i tenesta, seier Helle.

Ordførar Knut Harald Frøland i Samnanger

ORDFØRAR: Knut Harald Frøland i Samnanger kallar barnevernssakene dei viktigaste under hans periode.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Kjem ikkje unna ved å peika på domstol

Konklusjonen til Elden er at det er femti prosent sjanse for å vinne fram med søksmålet.

I så fall er det snakk om å krevja inn pengar for utgifter som kommunen har hatt i saka frå tilsette i kommunen personleg, såkalla regress.

I staden for å gå breitt ut med alle saker no, rår Elden til at kommunen prøver det som er omtalt som sak nummer to i rapporten: Saka til familien Bolstad.

Edvin Bolstad

FAR: Edvin Bolstad var lenge under tett oppfølging av barnevernet i Samangner, før dei vedtok omsorgsovertaking for tre av barna hans.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Viktig og prinsipiell sak

Onsdag ettermiddag blei det sendt ut som sakspapir før formannskapsmøtet i Samnanger 28. mai. Der blir det opp til politikarane om ein vil ta saka vidare.

Ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista), som fekk stemt gjennom granskinga med si dobbeltstemme, er spent på vegen vidare.

– Dette er ei utruleg viktig prinsipiell sak. Vurderinga viser at prosessen ikkje nødvendigvis er avslutta. Om me skal gå vidare, må me vera budde på å bruka meir pengar, seier Frøland til NRK.

Anslagsvis har barnevernssakene kosta kommunen 30–40 millionar kroner. Frøland avviser at kommunen no går vegen rettsleg for å forsøka å henta inn igjen tapet.

– Det var ingen intensjon at Samnanger kommune skulle forsøka å få pengar ut av dette Viss rapporten hadde vist at ingen feil hadde skjedd, hadde utgiftene stansa. Men ved feil kom det ytterlegare kostnader.