Elden skal finna ut om kommunen kan saksøka eigne tilsette

Etter den knusande barnevernsrapporten i Samnanger vurderer kommunen å saksøka enkeltpersonar. Jusprofessor Jan Fridthjof Bernt meiner konsekvensane kan bli problematiske.

Knut Harald Frøland og John Christian Elden

MOT SINE EIGNE: Ordførar Knut Harald Frøland var «rysta» og «forbanna» etter granskinga av tre barnevernssaker. No har han hyrt advokat John Christian Elden for å finna ut om kommunen kan saksøka dei ansvarlege.

Foto: NRK / NTB SCANPIX

– Eg synest det er heilt fantastisk at dei tør gå laus på saka i det heile tatt. Det varmar hjarta mitt, seier Edvin Bolstad.

Firebarnsfaren blei fråteken tre av barna etter at barnevernstenesta i Samnanger meinte han ikkje kunne ta hand om dei.

– Det har vore knalltøft å berre få sjå dei 16 timar i året, med tilsyn, sa Bolstad til NRK før helga.

Har kosta kommunen 30–40 millionar

Torsdag vedtok kommunestyret å betala millionoppreising til fleire barnevernsbarn og -foreldre etter ei nedslåande gransking av tre barnevernssaker.

Totalsummen i oppreisning til ofra er oppe i 1,7 millionar.

I tillegg vedtok politikarane å greia ut om ansvarlege for dei tre sakene kan forfølgjast i erstatningssøksmål.

Barnevernssakene har allereie kosta 30–40 millionar kroner. No håpar den vesle kommunen å krevja pengane inn i søksmål.

Advokat John Christian Elden.

ADVOKAT: John Christian Elden skal finna ut om det er juridisk grunnlag for å forfølgja personar eller instansar etter barnevernssakene.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Elden: – Spanande oppdrag

Men korleis vedtaket skal følgjast opp, er enno uklart. Både enkeltpersonar og instansar kan bli forsøkt stilt økonomisk ansvarleg for utgiftene.

Det betyr at fylkesnemnda og domstolane, eller den aktuelle fylkesnemndsleiar og dommar, kan bli stilt økonomisk ansvarlege.

Det er upløgd mark reint juridisk.

– Eg håpar og forventar at det må vera mogleg i ein demokratisk stat å følgja opp eit slikt vedtak, seier ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista).

Denne veka inngjekk kommunen avtale med toppadvokat John Christian Elden.

– Det er spanande å vurdera om ein kommune kan halda tidlegare tilsette ansvarleg for uforstandig maktbruk mot barn og familiar. Det er ikkje rettspraksis å byggja på, så me startar utgreiinga no utan å føregripe noko svar, seier Elden til NRK.

– Må vera snakk om «hårreisande feil»

Professor emeritus ved Universitetet i Bergen Jan Fridthjof Bernt er blant landets fremste ekspertar på kommunalrett.

Han har aldri tidlegare høyrt om tilfelle der ein kommune går til erstatningssøksmål mot ein av sine tidlegare tilsette på denne måten.

Kort fortald: Kommunen vil stilla enkeltpersonar individuelt ansvarlege for feil som er gjort i offentleg teneste.

I praksis lar det seg gjera, ifølge Bernt.

– Ein kan saksøka ein tilsett i kommunen for tap den har lidd på grunn av alvorlege svikt på tenestehandlinga. Då skal det også påvisast at det er gjort alvorlege feil som vedkomande kan klandrast for, seier Bernt, og viser til skadeerstatningslova § 2–1 og § 2–3.

– Men då skal det vera snakk om ganske hårreisande feil.

Edvin Bolstad og ordfører Knut Harald Frøland

MØTTEST: Edvin Bolstad gjekk til ordførar Knut Harald Frøland etter mange år utan å ha blitt høyrd. No er han tilkjend oppreising.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Vidt rom for tilgjevelege feil

Bernt har berre lese saka gjennom media, og poengterer at han ikkje kjenner saka i detalj. Han meiner det i slike saker bør vera eit ganske vidt rom for tilgjevelege og forståelege feil.

– Sjølv om ein person er sett til å leia eit ansvarsområde, vil både rådmann og folkevalde organ ha eit ansvar for å føra tilsyn med kva som skjer i tenesta. Og ved handsaming av mange vanskelege saker, må ein rekna med at det frå tid til anna blir gjort feil, fastslår jusprofessoren.

– Sjølv om det er gjort klare feil, vil det normalt vera vanskeleg å krevja erstatning.

I granskingsrapporten gir granskarane Thea Totland og Geir Kjell Andersland barnevernstenesta hard medfart.

Mangelfull dokumentasjon, manglande grunngjeving for separasjon av søsken og manglande hjelpetiltak er blant hovudfunna i rapporten.

Den øvste leiaren for barnevernstenesta inngjekk på midten av 2010-talet ein sluttavtale med kommunen.

Frøland vil ikkje svara på kva personar eller instansar kommunestyret har i tankane. Det er likevel liten tvil om at den tidlegare barnevernsleiaren er blant personane kommunen no vil vurdera rettslege etterspel mot.

NRK har etter gjentatte forsøk ikkje lukkast å koma i kontakt med den tidlegare barnevernsleiaren.

Jan Fridthjof Bernt

SKEPTISK: Jusprofessor Jan Fridthjof Bernt er skeptisk til forsøket til Samnanger kommune.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Fekk i underkant av éin million

Året før han gjekk av ville eit knapt mindretal i kommunestyret suspendera leiaren medan barnevernet blei granska. Saka medførte advokatutgifter for mannen, som kravde at kommunen betalte.

Kommunestyret sa nei og leiaren gjekk til søksmål.

I sluttavtalen, som NRK har lese, blei barnevernsleiaren tilkjend eit sluttvederlag på 595.000 kroner. I tillegg dekka Samnanger kommune utgifter til juridisk bistand på 265.000 kroner.

Denne avtalen kan gjera det utfordrande for Samnanger kommune å forfølga sin tidlegare leiar, trur Bernt.

– Det vedtaket gjer at kommunen har ei ganske vanskeleg sak. Ein inngår ein minneleg avtale om oppseiing, med økonomisk kompensasjon til vedkomande, for så å koma seinare og be om pengar tilbake. Det verkar lite ryddig, for å seia det pent. Spørsmålet om erstatningskrav skulle vert bygd inn i vurderinga av om det skulle bli gitt kompensasjon, seier jusprofessoren, som meiner saka gir kommunen eit forklaringsproblem.

Ordførar Knut Harald Frøland viser på si side til at det har kome fram nye opplysingar av vesentleg grad i granskinga.

Sjølv om kommunen den gong betalte dyrt for å bli kvitt han, kan leiaren no bli forsøkt stilt økonomisk ansvarleg for feil kommunen meiner blei gjort.

– Alvorlegheitsgrada i denne saka må trumfa sluttavtalen som blei inngått den gongen. Den avtalen var inngått på eit heilt anna grunnlag, seier Frøland.

– Kan bli problematisk for offentleg tilsette

– Det er eit heilt legitimt argument. Den nye informasjonen må i så fall visa svikt i tenesta som går langt utover alminneleg feil, kontrar Bernt.

Straffelova har vedtekter som opnar for straff dersom ein arbeidstakar gjer seg skuldig i grov uforstand i tenesta. Erstatningsansvar vil normalt ikkje vera aktuelt før ein ligg opp mot grov uforstand, understrekar Bernt.

– Kommunen bør vera ganske sikre på at ein har å gjera med eit forhold som er klart og sterkt klanderverdig før ein går til eit slikt steg, så lenge ikkje vedkomande har opptredd på ein uheiderleg eller grovt aktlaus måte.

– Kva kan bli konsekvensane av ei slik sak?

– Eg trur det vil bli oppfatta som veldig problematisk for mange tilsette i offentleg teneste viss det er slik at ein kan bli pådratt eit stort økonomisk erstatningsansvar på grunn av forståelege feil. Terskelen for dette bør vera svært høg, sjølv om domstolane her har eit ganske stort rom for å forma ut retten slik dei meiner er rimeleg.

– Mi personlege vurdering er at det bør vera svært grove forhold før ein vil ta i bruk dette verkemiddelet.

NRK har snakka med tidlegare ordførar Marit Aase Aksnes (KrF) og tidlegare rådmann Tone Ramsli i Samnanger kommune. Ingen ønskjer å kommentera granskingsrapporten eller at kommunestyret har opna for å rettsforfølgja ansvarlege i barnevernssakene.