Knusande rapport mot barnevernet: «Ett barn er fullstendig fratatt sin barndom»

Ei ny gransking av fleire barnevernssaker i den vesle kommunen Samnanger avdekkjer svikt og grove feil over fleire år. – Eg er heilt rysta, seier ordføraren.

Ordfører Knut Harald Frøland

SKAKA: Ordførar Knut Harald Frøland måtte bruka si dobbeltstemme for å sikra ny gransking av barnevernet. Resultatet av granskinga er nedslåande.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

I 2005 reiste barnevernsleiaren og kommuneoverlegen i ein kommune på Vestlandet heim til ein familiefar for å undersøka kjøleskapet hans.

Skulen hadde fått bekymringsmeldingar om at barna fekk for lite mat.

Det skulle bli starten på ei rekkje omstridde vedtak i den kommunale barnevernstenesta i Samnanger.

I august i fjor vedtok kommunestyret i kommunen aust for Bergen å seia unnskyld. Samstundes fekk tre involverte i barnevernsakene hundre tusen kroner kvar i oppreising.

Bakgrunnen var ei gransking av to barnevernssaker politikarane sjølve hadde bestilt i fjor vår.

Den første delrapporten, som tok for seg to saker som går femten og sju år tilbake i tid, konkluderte med at Samnanger på ei rekkje punkt braut barnevernslova og gjekk fram i strid med god forvaltningsskikk.

No har kommunen fått ein ny granskingsrapport på bordet.

Også den avslører nye, svært alvorlege feil gjort av barnevernstenesta i Samnanger.

– Eg er heilt rysta. Det som står der gjer meg forbanna. Og eg er forbanna på at dette kunne få skje, seier ordføraren.

knut harald frøland

ORDFØRAR: Knut Harald Frøland representerer Bygdalista. Han kom inn i politikken i 2015, to år etter granskinga i 2013. – I rapporten den gong lyste spørsmåla mot oss. Me var nøydde å gå inn igjen i dette, seier han.

Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen / Bergens Tidende

– Sakene er svært alvorlege

Advokat Thea Totland i advokatfirmaet Barneadvokatene og advokat Geir Kjell Andersland har på oppdrag frå kommunestyret sett på ytterlegare éi sak, som til no ikkje har vore kjend. I tillegg har dei gått djupare inn i ei av dei allereie omtala barnevernssakene.

– Sakene er svært alvorlege. Det er snakk om grov og gjennomgåande svikt på fleire sentrale område, seier Andersland.

Saka som har blitt granska nærare gjeld ein far som blei fråteken tre av barna sine på midten av 2000-talet. To av barna var ein del av granskinga i fjor, men verja til det yngste barnet, ei jente, nekta den gong å oppheva teieplikta.

Barneadvokaten bruker følgande formulering om den då sju år gamle jenta som blei tatt frå faren og separert frå sine søsken:

«Ett barn er fullstendig fratatt sin barndom gjennom uforstandig offentlig omsorgsovertakelse. Barnet står frem betydelig skadet etter plasseringen».

Andersland, som er tidlegare regiondirektør i Bufetat og har 20 års erfaring med barnerettsjuss, seier det sit langt inne å bruka ei slik formulering.

Han og advokat Thea Totland, ein av Noregs mest erfarne barneadvokatar, vurderte lenge om formuleringa var for sterk.

– Jenta kjem under offentleg omsorg og blir sendt frå fosterheim til fosterheim før ho hamnar på institusjon. Jenta blir verre og verre under det offentlege. Gjennom granskinga har me ikkje klart å finna ut kvifor ho blei overført i utgangspunktet.

– Det er her snakk om ein totalsvikt frå barnevernet si side.

Geir Kjell Andersland

ADVOKAT: Geir Kjell Andersland er tidlegare statssekretær og regiondirektør i Bufetat. Han er i dag medlem av det regjeringsoppnemnde barnelovutvalet. – Denne saka er svært alvorleg.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Alle søskenflokkar blei splitta

Den gjennomgåande tonen i alle dei tre sakene er at Samnanger kommune har gjort grunnlause eller mangelfulle vurderingar utan å kunna dokumentera dei.

Fleire søsken har blitt splitta utan at det er råd å dokumentera at det låg gode vurderingar til grunn. Splittinga har gjort fleire av barna skadelidne, fastslår rapporten.

Granskarane slår fast at kommunen gong på gong har gjort seg skuldig i brot på forsvarleg sakshandsaming og god forvaltningsskikk.

– Særleg er manglande medverknad, manglande samvær og splitting av søsken gjennomgåande, seier Andersland.

Barnevernssjef ville sjekka kjøleskap

Åleinefaren med dei fire borna hadde lite pengar, og fekk på 2000-talet økonomisk hjelp frå kommunen.

I 2005 tok ein ny barnevernsleiar over. Han hadde òg ei annan framståande rolle i kommuneleiinga. Etter ei uromelding om at barna i heimen fekk for lite mat, reiste han og dåverande kommuneoverlege heim til faren. Barnevernsleiaren, som ved dette høvet reiste ut i kraft av si andre stilling i kommunen, ville sjekka kjøleskapet.

Granskarane slår fast at dette var opptakten til saka som enda med at tre av mannen sine fire barn blei tatt frå han.

Granskingsrapporten gir også barnevernsleiaren krass kritikk for å ha blanda saman roller, og for å ha gått fram som om saka var personleg.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med den aktuelle barnevernsleiaren.

Utsett for seksuelle overgrep

Jenta var sju år då ho blei sett i beredskapsheim. Det første året fekk ho berre sjå faren sin tre gonger.

Kontakten med faren og søskena blei av barnevernstenesta i stor grad avgrensa.

«Det fremgår av dokumentene at (N) gjennom hele sin barndom har savnet familien sin, særlig storesøster og far», heiter det i rapporten.

Både faren og barnevernet hadde før overtakinga hatt mistanke om at jenta blei utsett for seksuelle overgrep av ein annan person.

Begge politimeldingane blei lagt bort av politiet.

– Eit samansurium av uvettigskap

Trauma som jenta opplevde tidlegare i barndomen blei gjennom heile barnevernssaka feilaktig tilskrivne vanskar i forholdet til faren, fastslår granskarane. Det blei også feilaktig hevda at jenta kom frå ein konfliktfylt og valdeleg heim, meiner dei.

«Det er et overtramp mot far at han på denne måten har blitt skuldet for å utsette sine barn for krangling og vold, når det egentlig handlet om et tomt kjøleskap», er mellom det som står i den 72 sider lange rapporten.

– Denne saka er eit samansurium av uvettigskap og manglande dokumentasjon som skapar eit uryddig og uforsvarleg inngrep for eit barnevernsvedtak.

Faren: – Eg grein

Jenta bur i dag på institusjon og har fått ein diagnose med psykisk utviklingshemming. Ho er framleis under verjemål.

– Det synest å vera eit tomt kjøleskap, og det at faren ikkje skulle ha mat til barna, som utløyste denne barnevernssaka, seier advokat Andersland.

NRK har snakka med den aktuelle mannen. Han bur i dag ein annan stad på Vestlandet. Han er letta over å bli høyrt, men seier det er vondt å lesa detaljane i granskinga.

– Eg har grine mykje når eg har lese rapporten. Det kjem fram ting eg sjølv ikkje har visst. Det er frykteleg vondt. Det er alt dette eg har forsøkt å fortelja i 15 år, men dei har ikkje ville høyra. Eg er glad for at ordføraren og rådmannen har tatt grep, seier familiefaren.

Blei plassert i fosterheim – mista morsmålet

Granskinga har også sett på ei tredje sak. Saka handlar om ei mor som kom til Samnanger i 2010 som kvoteflyktning frå eit krigsherja land.

Granskingsrapporten slår fast at barnevernstenesta har vist manglande kulturforståing og manglande forståing for kva traumatiske opplevingar kan bety.

Etter bekymringsmeldingar om mangelfull omsorg og vald, fekk familien og mora tett oppfølging frå kommunen. I 2011 blei det eldste barnet akuttplassert i beredskapsheim. Året etter fatta barnevernstenesta i Samnanger akuttvedtak mot dei tre yngste barna.

I dag bur alle i fosterheim. Dei tre yngste barna har alle mista morsmålet under offentleg omsorg.

Det eldste barnet må bruka tolk når vedkomande har samvær med mor.

Rapporten slår fast at det er eit grovt brot på den grunnleggande retten deira til å kjenna sin identitet, etniske, religiøse, kulturelle og språklege bakgrunn.

– Dette er også grov svikt, samanfattar Andersland.

Ordførar Knut Harald Frøland i Samnanger
Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Vil betala 1,5 millionar i erstatning

No vil kommunen ta til orde for å gi fleire av barna oppreising. I den tredje og siste saka foreslår rådmannen i Samnanger å gi 150.000 kroner i oppreising til dei fire barna som er involverte.

I tillegg foreslår rådmannen å gi 150.000 kroner til eitt av barna i den første saka. Til jenta som blei henta av barnevernet som sjuåring foreslår rådmannen ei oppreising 300.000 kroner.

– Pengar strekk til mykje, men nett i denne samanheng blir pengar underordna, seier ordførar Knut Harald Frøland om dei føreslåtte oppreisingssummane.

I tillegg vil rådmannen gi mora i den tredje saka 150.000 kroner.

Politikarane skal ta stilling til oppreisingsspørsmålet i kommunestyret 30. april.

Dermed ligg kommunen an til å betala ut oppreising på til saman 1,5 millionar kroner i barnevernssakene.

– Kommunen sitt ansvar

– Dette har skjedd i Samnanger og det var kommunen som var ansvarleg styresmakt. No har me rydda opp og det synest eg Samnanger kommune står seg godt på, konkluderer ordføraren, før han legg til:

– I dei aller fleste tilfella så stolar me på ekspertane. Men av og til er det verkeleg gode grunnar for å utfordra fagfolk. Gjer me ikkje det, har me ingenting i leiinga å gjera.

Advokat Andersland rosar kommunen for å ha tatt initiativ til den omfattande granskinga. Han viser til at Samnanger er ein av mange norske kommunar som har slite med barnevernstenesta.

– Helsetilsynet sin rapport frå 2019 viser at det er mange liknande tilfelle av svikt i norsk barnevern. Samnanger kommune er ikkje åleine. Manglande kompetanse finn ein diverre i heile landet, seier advokaten.