Hopp til innhold

Reagerer på at kommune vil saksøka fylkesnemnd og domstol i barnevernssak

Ein tidlegare barnevernssjef, fylkesnemnda og tingretten kan alle bli dratt inn i eit historisk søksmål frå Samnanger kommune. – Dette er svært usedvanleg, seier jusprofessor.

Oslo 20150213.
Åpen høring i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité fredag 13. februar 2015. Høring om helse- og omsorgsdepartementets eierstyring knyttet til nytt sykehus i Nordmøre og Romsdal. 
Professor Jan Fridthjof Bernt.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

SKEPTISK: Professor emeritus Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen meiner det er oppsiktsvekkande at Samnanger kommune vil førebu eit søksmål mot fylkesnemnda og tingretten.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Eg er enormt letta. No peikar dei i den retninga eg meiner ansvaret høyrer heime, seier Edvin Bolstad.

Firebarnsfaren står heilt sentralt i ei av dei tre omstridde barnevernssakene som i vår har prega den vesle vestlandskommunen.

Eit knapt fleirtal i formannskapet vedtok torsdag kveld å ta eitt steg nærare eit søksmål mot den tidlegare barnevernsleiaren i kommunen.

12 personar har fått oppreising etter ein knusande granskingsrapport. Den slo fast at barnevernstenesta i Samnanger svikta grovt i tre saker på 2000-talet.

Ifølge granskarane blei den yngste dottera hans «fullstendig fråteke sin barndom» under offentleg omsorg.

Så sterkt reagerte kommunestyret, at dei i starten av mai bad advokat John Christian Elden vurdera om nokon kunne stillast personleg ansvarleg for dei hardt kritiserte sakene.

Elden konkluderte med at saka til éin av dei tre familiane var såpass grov at det kunne vera grunnlag for søksmål mot barnevernsleiaren.

– Svært uvanleg

No ønskjer altså kommunen å bruka 300.000 kroner på å vurdera grundig om dei vil ta barnevernsleiaren til retten.

Men ikkje berre han. Også fylkesnemnda, som fattar vedtak i barnevernssaker, og tingretten, som er prøveinstans i spørsmål om tilbakeføring, kan bli del av søksmålet med krav om erstatning (regress).

«Den eventuelle stemninga gjeld tidlegare barnevernsleiar i Samnanger kommune – og fylkesnemnda og tingretten som har handsama sak 2», heiter det i innstillinga.

I praksis vil det i så fall bety eit søksmål mot staten ved Barne- og familiedepartementet og Domstoladministrasjonen.

– Dette er svært usedvanleg. Eg kan overhovudet ikkje sjå for meg at det kan vera mogleg å retta sivile søksmål mot ei statleg fylkesnemnd eller domstolen i ei sak som denne, seier professor emeritus Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen.

Preofessor Jan Fridthjof Bernt

JUSPROFESSOR: Jan Fridthjof Bernt er overraska over at kommune no førebur eit søksmål mot instansane.

Foto: Lise Åserud / SCANPIX

Jusprofessoren har tidlegare uttrykt bekymring for konsekvensane av å saksøka tidlegare tilsette. Han er endå meir overraska over at kommune no førebur eit søksmål mot instansane.

Eit søksmål direkte mot ein fylkesnemndsleiar eller tingrettsdommar leivde han heller ikkje mykje håp.

– Moglegheita for å saksøka ein dommar i eit erstatningssøksmål er i praksis ikkje-eksisterande. Då skal det vera graverande eller vera snakk om svært alvorlege pliktforsømingar. Eg kan ikkje tru at det kan vera grunnlag for eit slikt søksmål mot tingretten eller fylkesnemnda, og spesielt ikkje mot enkeltmedlem av desse organa. Det har etter det eg veit aldri vore gjort, seier Bernt, som uttalar seg på generelt grunnlag, utan å ha studert den aktuelle saka.

Ankesaken mot Gjermund Cappelen og Eirik Jensen i Borgarting lagmannsrett

ADVOKAT: John Christian Elden kan få ei juridisk nøtt i fanget.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

Elden: – Vurderer det eg blir beden om

Ordførar Knut Harald Frøland seier inkluderinga av fylkesnemnd og tingrett i eit eventuelt erstatningssøksmål er eit forsøk på å plassera ansvaret der det høyrer heime.

– Det er dei tre aktørane som har hatt heilt avgjerande roller for at dette kunne skje. Det er langt frå sikkert at dette er råd å få til, men det er viktig at spørsmålet blir reist, seier Frøland.

– Så er det opp til advokaten å vurdera om det let seg gjera, poengterer han.

Kommunestyret i Samnanger skal behandla saka 11. juni. Basert på stemmegivinga så langt, tyder alt på at innstillinga frå formannskapet får fleirtal.

I så fall skal advokatfirmaet Elden gå djupare inn i saka til familien Bolstad før dei legg fram eit underlag for stemning til hausten.

Ordfører Knut Harald Frøland

ORDFØRAR: – Dette er ukjent juridisk farvatn, også for Jan Fridthjof Bernt, seier ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista).

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Finst det ei juridisk opning for å rettsleg forfølga fylkesnemnda eller tingretten?

– Me har ikkje fått noko oppdrag om å vurdera ansvar for dommar eller nemndsleikar. Men det er klart at ved vurderinga av barnevernsleiaren sitt ansvar inngår òg dialogen med desse instansane, seier advokat John Christian Elden til NRK.

– Skal du ta stilling til det, eller kan du slå fast allereie no at det ikkje er tilrådeleg?

– Eg vurderer alt eg blir beden om å vurdera, men det ligg ikkje innanfor det eg har vurdert så langt, seier Elden om å stemna instansane.

50/50

I første omgang har advokat Elden anbefalt kommunen å reisa regresskrav for oppreisingssummane dei har hatt i saka.

Edvin Bolstad og dei tre barna er tildelt til saman 750.000 kroner i oppreising.

Elden har anslått risikoen for eit gjennomslag til femit prosent. I notatet gjer advokaten eit poeng ut av at terskelen for å gjera personansvar gjeldande i slike saker er svært høg.

I tillegg meiner Elden det må vurderast om kommunen kan utvida ramma til å også omfatta granskinga, administrative utgifter og gjennomføringa av tvangsvedtaka over år.

Etter gjentekne forsøk gjennom våren og dekninga av barnevernssakene i Samnanger har det ikkje lukkast NRK å koma i kontakt med den tidlegare barnevernssjefen.

NRK har etter publisering lagt til følgjande presisering i teksten:

«I praksis vil det i så fall bety eit søksmål mot staten ved Barne- og familiedepartementet og Domstoladministrasjonen.»