Brørne blei feilaktig henta av barnevernet: – Eg hadde få vener. Så mista eg familien

SAMNANGER (NRK): I løpet av få veker blei Aleksander, Stian og veslesøstera deira plasserte i kvar sin fosterheim. No håpar brørne nokon blir stilt ansvarleg.

Aleksander Bolstad og Stian Kviteberg

VIL HA SVAR: For første gang står to av barna i barnevernssaka i Samnanger fram. Aleksander Bolstad og Stian Bolstad Kviteberg ønskjer at folk skal høyre deira historie.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Dei kom til meg på skulen og sa eg skulle i fosterheim. Eg skjønte ikkje bæret, seier 28 år gamle Aleksander Bolstad.

Barnevernssakene har hengd over den vesle kommunen Samnanger i ei årrekkje.

Ei nedslåande gransking har avslørt grov svikt. Ni barn, to fedrar og ei mor får no utbetalt 1,7 millionar kroner i oppreising av kommunen.

Blant dei er Aleksander Bolstad og Stian Bolstad Kviteberg.

Faren deira har fortalt si historie. No ønskjer for første gong nokre av barna involvert i den vanskelege saka i Samnanger å stå fram.

Og fortelja korleis vedtaka endra livet.

– Det var ingen som spurte kva eg ville. Eg tenkte ei stund på å ta livet mitt. Men eg bestemte meg for å halda fram, for pappa si skuld. Så eg isolerte meg fullstendig. Og sa ingenting, seier storebror Stian.

Aleksander Bolstad og Stian Kviteberg

BRØR: Halvtanna år skil Stian og Aleksander. For dei var det tyngst å mista kvarandre.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Sporadisk kontakt

På ein rasteplass med utsikt over Samnangerfjorden sit to brør på ein stein. Dei bur ein halvtime frå kvarandre, men treffest ikkje så ofte.

Kontakten på meldingar er sporadisk.

Ein annan stad på Vestlandet bur veslesøstera på institusjon. Ho var sju år då ho blei henta av barnevernet. I dag er ho 22 år og har fått barndomen øydelagd under omsorg av det offentlege, ifølge den knusande rapporten.

Den same rapporten slo fast at barnevernet ikkje hadde vurdert i tilstrekkeleg grad om søskenflokken burde bli henta. Barnevernstenesta hadde heller ikkje vurdert godt nok andre, mindre inngripande tiltak.

Så lenge dei kan hugsa har brørne sett veslesøstera ein eller to gongar i året.

– Eg har ikkje klart å lesa det som står om henne. Det taklar eg ikkje, seier yngstebror Aleksander.

Samnanger kommune offentleggjorde denne veka den omfattande granskinga av tre barnevernssaker.

Saka har prega kommunen i mange år. Etter timelange debattar i kommunestyret, blei det bestemt at rapporten skulle vera offentleg.

Fredag ettermiddag ringde Fylkesmannen og varsla lovlegkontroll. Kommunen fekk beskjed om å fjerna rapporten i mellomtida.

Aleksander har enno ikkje lese heile rapporten.

Det har storebror Stian. Som einaste familiemedlem bur han att i Samnanger. I dag jobbar han førti prosent i ein daglegvarebutikk på Bjørkheim.

– Me kjenner vår sak, men ikkje alle detaljane om kvarandre. Eg sat og grein då eg las. Det er vondt og sårt, seier Stian.

Stian Bolstad Kviteberg

TAP: – Eg er prega av dette. Noko har eg mista, men eg klarar ikkje setja ord på kva det er, seier Stian Bolstad Kviteberg.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Var 14 og 15 år gamle

I 2005 er brørne Stian og Aleksander 15 og 14 år. Saman med faren Edvin og to søstrer bur dei i nybygd hus i Samnanger.

Etter eit samlivsbrot flytta faren tilbake til heimkommunen i 2002.

Først var berre dei to eldste barna med. Etter kvart var heile søskenflokken samla. For å ha plass til å bu, fekk faren økonomisk hjelp av kommunen til å bygga hus i 2003.

– Eg minnast ein fin barndom. Me hadde lite pengar, og kunne ikkje dra på ferieturar, bowling, ski og slike ting. Men me fekk det me trong, fortel Aleksander.

– Me brydde oss ikkje om det. På fritida spelte eg fotball og fiska i fjorden nedanfor huset om eg kjeda meg, supplerer eldstebror Stian.

«Ikkje heilt A4»

Far Edvin jobba som vektar og drosjesjåfør. Ugunstige arbeidstider var vanskeleg å kombinera med livet som åleinefar.

Barnevernsdokumenta viser ifølge granskinga at far og familien i åra før overtaksvedtaket fekk hjelp i huset av miljøarbeidar og støttekontakt. Dei fekk også pengar til utstyr som vinterklede og syklar.

Barna fekk tett oppfølging i forskjellige løp etter at foreldra gjekk frå kvarandre. Fastlegen omtalte familien som ein «samansveisa og litt kaotisk familie, ikkje akkurat ein A4-familie».

– Det har han nok rett i. Me vaks opp åleine med far. Både og eg bror min har lese- og skrivevanskar. Det har me etter pappa. Skulen var ikkje enkel, fortel Aleksander Bolstad.

Edvin Bolstad leser sakspapirer

FAR SI FORTELJING: Edvin Bolstad fortalde si historie om då barnevernet greip inn hos NRK: – Eg mista heile oppveksten deira.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Bekymringsmeldingane

I 2005 kom dei første bekymringsmeldingane.

Skulen registrerte at Aleksander ikkje hadde med seg mat på skulen. Miljøarbeidaren, som hjelpte til i huset, meldte frå om at faren mangla pengar til mat etter å ha sett eit tomt kjøleskap. Same året kom også ein tredje uromelding om lite mat.

– Eg kasta ofte nista til hunden som budde i nabolaget på veg til skulen. Så møtte eg opp utan mat. Pappa forsøkte med yoghurt og skulemjølk, men det hjelpte ikkje så mykje. Den dag i dag er eg ikkje så flink til å eta, seier Aleksander om bekymringsmeldingane.

– Det var aldri tomme kjøleskap?

– Nei. Me fekk jo mat. Stian fekk ikkje bekymringsmeldingar.

I granskinga snakka advokat Thea Totland i Barneadvokatene og mangeårige fylkesnemndsleiar Geir Kjell Andersland mellom anna med gutane sin fastlege, helsesøster og Stian sin lærar.

Såg aldri at det mangla mat

Helsesøster såg aldri at det mangla mat. Miljøarbeidaren som hjelpte til i huset merka seg heller ikkje noko spesielt, med unntak av episoden med kjøleskapet, står det i granskingsrapporten.

I august 2005 vedtok Fylkesnemnda i Hordaland og Sogn og Fjordane at tre av dei fire barna skulle plasserast i fosterheim.

Vedtaket var grunngjeve i barnevernslova § 4-12 første ledd.

Eit slikt vedtak kan treffast dersom «det er alvorlige mangler ved den daglige omsorg som barnet får, eller alvorlige mangler i forhold til den personlige kontakt og trygghet som det trenger etter sin alder og utvikling,».

Året etter blei vedtaket stadfesta i Nordhordland tingrett.

Brørne seier dei ikkje fekk vita årsaka til at dei måtte flytta.

– Dei sa pappa ikkje var eigna til å ta hand om oss. At han ikkje hadde økonomi til det, og ikkje var ein god far. Me fekk det ikkje til å stemma, seier Aleksander.

Stian Kviteberg og Aleksander Bolstad i Samnanger

NABOAR: I dag bur brørne i kvar sine kommunar. Aleksander bur på Osterøy, ein knapp halvtime unna. Stian bur på Tysse i Samnanger.

Henta på ei veke

Veslesøstera blei henta først. Med rundt ei vekers mellomrom var alle tekne ut av heimen og til slutt sette i kvar sine fosterheimar.

Kontakten med søsken, foreldre og besteforeldre blei sterkt avgrensa, sjølv om det blei lagt til rette for samvær slik vedtaket tilsa.

– Eg var livredd for å seia noko om faren min eller familien. Eg var redd det eg sa skulle bli vridd på og brukt mot oss, fortel Stian.

Begge skildrar tida under offentleg omsorg som tung og vanskeleg. Aleksander hadde to traumatiske opplevingar som følge av mistrivnad og frustrasjon. Han var aggressiv, deprimert og måtte ta medisin han ikkje ønskte ta.

Ein gong han nekta, kom politiet heim og frakta han i undertøyet ut i politibilen. Deretter blei han frakta til psykiatrisk avdeling mange timar unna. Det slår rapportane i saka fast, ifølgje granskinga.

Stian vurderte å avslutta livet sitt, men gjorde ikkje alvor av tankane av omsyn til faren.

Stian Bolstad Kviteberg

HEIME: tian Bolstad Kviteberg hugsar ein fin barndom med faren og søskena. Han har heile tida budd i Samnanger. – Det var litt vondt i starten, men eg ville bli her. Eg hadde allereie bytta skule nokre gongar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Fekk flytta heim som 17-åring

Han sleit lenge med einsemd, og fortel at han blei meir og meir isolert.

– Eg hadde få vener på skulen og følte eg mista familien. Då eg ikkje lenger hadde nærleiken til bror min og søstrene mine, følte eg meg berre einsam.

Kva gjorde vedtaket med deg?

– Det er vanskeleg å forklara. Eg var redd for å gjera ting verre enn det dei var, så eg heldt meg stille og sat på rommet. Eg blei veldig prega, seier Stian, som var under barnevernet til han fylte 18.

Då Aleksander var 17 år fekk han gjennomslag for saka si og fekk flytta heim att. Då budde han ein periode hjå farmora si. Faren hadde flytta til Nordfjordeid med ein ny sambuar.

Begge brørne starta på vidaregåande skule, men ingen fullførte. Aleksander fekk tatt lastebilsertifikatet gjennom Nav og har i dag fast jobb som sjåfør i eit transportfirma.

– Eg blei fortalt at eg ikkje var så smart og ikkje makta ting. Det blei motivasjonen då eg starta med lastebillappen, røper Aleksander, som i dag har hus og sambuar.

Stian trivst i jobben på butikken på Bjørkheim.

– Eg kosar meg der. Det er kjekke folk og ein god sjef.

Tysse i Samnanger kommune

SAMNANGER: Vel 2500 innbyggjarar bur i Samnanger. Dei fleste kjenner til barnevernssakene, meiner Stian og Aleksander. – Me ønskjer at folk skal vita.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Fekk 150.000 kroner kvar

I fjor blei begge tilkjent 150.000 i oppreising. Det same blei faren. Vedtaket i førre veke sikra søstera oppreising, i tillegg til seks andre offer for svikt i barnevernstenesta.

– Eg har fått mange gratulasjonar frå folk når eg er på jobb. Til og med på Facebook, så eg er takknemleg, understrekar Stian.

Vedtaket i kommunestyret er også starten på eit forsøk som ikkje tidlegare er prøvd i norsk rettsvesen: Å gjera enkeltpersonar rettsleg ansvarleg for avgjerdsler dei har tatt i offentleg teneste.

Brørne ber på mykje mishag mot dei ansvarlege som splitta familien. Dei følgjer utviklinga spent.

– Det er utruleg viss dei klarar det. Men eg synest det er bra gjort at dei i det minste prøver, seier Stian Bolstad Kviteberg.

– Stå på. Finn dei skuldige. Få det fram, supplerer Aleksander Bolstad.

NRK har etter gjentatte forsøk ikkje lukkast å koma i kontakt med den tidlegare barnevernsleiaren.

Verken tidlegare ordførar Marit Aase Aksnes (KrF) eller tidlegare rådmann Tone Ramsli øsnkjer å snakka med NRK om barnevernssakene.