Bompengepartiet tar til orde for å kasta Ferde-styret

BERGEN (NRK): Kontrollutvalet i Vestland ber om ytterlegare informasjon etter NRK-avsløring om bomselskapet Ferde. Bompengepartiet vil kaste styret, mens fylkesleiaren i Høgre ber departementet gripa inn.

Odd Erik Lind, fylkestingsrepresentant for FNB i Vestland. Avbilda i kontrollutvalet

IKKJE TILLIT: Odd Erik Lind i Folkeaksjonen Nei til meir Bompengar (FNB) seier styret og leiing i Ferde ikkje lenger har tillit i hans fylkestingsgruppe.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Kontrollutvalet i Vestland fylke ber om meir informasjon om transaksjonane som er gjort i det fylkeskommunale selskapet Ferde. Torsdag fekk utvalet ei orientering av revisjonsselskapet Deloitte, som nyleg gjennomførte ein selskapskontroll.

Men på bakgrunn av ny informasjon, tok utvalsleiar Dan Stian Femoen (H) til orde for å grava endå djupare i styringa i selskapet.

– Denne revisjonen baserer seg på det kontrollutvalet i fjor bad om ein gjennomgang av. I seinare tid har det kome fram ytterlegare opplysingar som me meiner det er naudsynt å gå gjennom, mellom anna det som kjem fram i NRK i dag, seier Femoen.

NRK har tidlegare omtala rapporten, som blei bestilt etter NRK sine mange avsløringar om tilhøva i selskapet:

  • Torsdag skreiv NRK at det offentlege dekka ei rekning på 400.000 kroner for eit privateigd parkeringsprosjekt.
  • NRK har blant anna avdekka korleis Ferde gjorde forretningar med eit selskap der Ferde sin administrerande direktør, Trond Juvik, hadde eigarinteresser.
  • NRK har også omtalt at Juvik brukte deler av si normalarbeidstid i Ferde til å styra eit skatteinnkrevijngssystem i Kongo som ikkje hadde noko med Ferde å gjera.
  • Ein annan leiande tilsett i Ferde leverte tenester frå sitt eige enkeltmannsføretak til Ferde, før han overdrog kontrakten til eit selskap eigd av kona si.

I ei melding på nettsidene til Ferde 21. januar, avviser Trond Juvik at han styrte eit skatteinnkrevingsprosjekt i Kongo. Han stadfestar at han jobba med å avvikla Kongo-prosjektet i kontortida medan han var bomsjef, slik han også tidligare har opplyst til NRK.

Ifølge Juvik er bakgrunnen for fleire av sakene NRK har omtala, at overgangen frå å vera eit privat selskap til å bli eit offentleg eigd bompengeselskap var krevjande. Selskapet overtok forretningsmessige avtalar med andre selskap der Ferde-tilsette hadde eigarinteresser, som ikkje var mogleg eller ønskeleg å bli kvitt over natta, ifølge Juvik.

Han har tidlegare vedgått at han var inhabil då han gjorde forretningar med selskapet han hadde eigarinteresser i. Samtidig har han uttalt at han ikkje tente noko på handelen, og at han handla i beste interesse for selskapet.

Dan Stian Femoen, leder i kontrollutvalget i Vestland

VIL GÅ GJENNOM: Leiar i kontrollutvalet i Vestland, Dan Stian Femoen (H), meiner det er fleire forhold utvalet må gå gjennom i Ferde-saka.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

FNB ber styret pakka sekken

NRK skreiv torsag at det fylkeskommunale selskapet, som er eigd av Vestland og Rogaland fylke, betalte 400.000 kroner til eit privateigd parkeringsprosjekt som fleire av sjefane i Ferde hadde eigarinteresser i.

Ifølge Juvik skjedde dette som følge av de avsluttande forhandlingane mellom kjøper og selger då fylkeskommunene kjøpte Ferde.

Torsdag fekk utvalet ein tre timar lang gjennomgang av selskapskontrollen.

Utvalet bad samrøystes om ei ekstern gjennomgang av såkalla nærståande transaksjonar og transaksjonar gjort i samband med etableringa av Ferde.

Elles vedtok dei innstillinga til fylkestinget. Fleire uttrykte bekymring for omdømet til det fylkeskommunale selskapet.

Folkeaksjonen Nei til mer Bompenger (FNB) sin representant, Odd Erik Lind, meiner tilliten er borte.

– Slik saka er no, føler me styret har gjort ein så dårleg jobb at dei burde pakka sekken og gå. Det same gjeld leiinga i Ferde, seier Lind, som viser til at fylkestingsgruppa har diskutert spørsmålet.

– Det må meir informasjon på bordet, men slik det er no meiner me at det må utskiftingar til i leiinga, seier Lind.

Generalforsamling i Ferde

I HARDT VÊR: Styret og leiinga i Ferde har fått kritikk i to revisjonar. Administrerande direktør Trond Juvik (kvit skjorte) har hatt eigarinteresser i eit selskap Ferde gjorde forretningar med.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Frp mister tolmodet

Fylkesleiar i Høgre og ordførar i Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik, har i fleire omgangar ytra seg kritisk til leiinga i Ferde.

Etter torsdagens oppslag meiner han det er på tide å løfta saka opp til Samferdsledepartementet.

– Samferdsleministeren bør gripa inn overfor fylkeskommunen og få all dokumentasjon, og deretter vurdera om dette er ein type selskap som fylkeskommunen faktisk kan eiga.

– Kva meiner du med det?

– Bompengeselskapa blei oppretta for å betra og effektivisera innkrevjing av bompengar. Viss det viser seg at selskapa ikkje har blitt det dei skulle bli, så bør samferdsledepartementet vurdera om dei kan ligga i eit statleg eigarskap, seier Indrevik.

Også Framstegspartiet er i ferd med å mista tolmodet etter det selskapsrevisjonane har vist.

– Det er ein grundig rapport, som likevel viser oss at det er mange forhold som framleis heng i lufta, seier Renate Møgster Klepsvik (Frp), og viser til at stadige medieoppslag peikar på ny informasjon i saka.

– Eg er nok ganske samd med det Indrevik i dag seier til NRK. Det er ein grunn til å be om meir informasjon slik kontrollutvalet har gjort no i dag.

–Så også du meiner tilliten til styret og leiinga er borte?

– Eg skal ikkje seia at den er heilt borte, men det er openbert at me treng meir informasjon om fleire forhold.

Jostein Ljones i kontrollutvalet i Vestland

KRITISK: – Me manglar oversikt over nærståande transaksjonar gjort då selskapet fusjonerte. Det er her det er råd at tilliten til forvaltninga blir svekka, åtvara utvalsmedlem og fylkesleiar i Senterpartiet, Jostein Ljones.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Femoen tar ikkje stilling til spørsmål om tillit til leiinga i Ferde.

– Det er ikkje vår oppgåve. Me skal setja i gang tiltak som sikrar at selskapet betrar seg på dei punkta revisjonen har peikt på, og opparbeider seg den tilliten eit fylkeskommunalt selskap skal ha.

– To rapportar er lagde fram for utvalet. Likevel belyser NRK i dag ny informasjon om transaksjonar gjort i Ferde. Kva meiner du om det?

– Dette er ein selskapskontroll, der det er gitte rammer for kva ein skal undersøka i revisjonen. At NRK har funne andre saker i sine granskingar, tyder på at det er andre ting me må sjå nærare på. Difor har me også kome med ei tilleggsbestilling, seier Femoen.

Nestleiar i kontrollutvalet, Lars Fjeldstad (Sp), ønskjer ikkje gi ein kommentar etter dagens orientering.

Varslar PFU-klage

I ei pressemelding torsdag varslar bomselskapet Ferde at dei vil klaga NRKs dekning av bomselskapet de siste månadene inn til pressa sitt klageorgan, PFU.

– NRK har plukka ut og feiltolka fragment av informasjon og brukt dei til å laga historier som er belastande, til tider uriktige, og ofte tatt ut av samanheng, skriv Ferde sin kommunikasjonsdirektør Marit Husa.