Hopp til innhold

Bli med på skutefesten

Opplev Tall Ships Races du også.

Tall Ships Races 2008
Foto: Sander Heggheim/NRK

Tysdag morgon segla dei første skipa inn i havna til Måløy sentrum, men først fredag var Tall Ships Races offisielt opna.

LES: Båtfesten er i gang
GALLERI: Opningsseremonien i bilete
GALLERI: Stemning frå Tall Ships Races

- Dugnadsånd

Det var ein flott opningsseremoni som vart gjennomført på torget i Måløy, med fleire tusen tilskodarar tilstades. Og det var ein rørt prosjektleiar, Helge Hjelle, som såg opningsseremonien. Fylkesordførar Nils R. Sandal var stolt over å få Tall Ships Races til Sogn og Fjordane.

LES: Stolt fylkesordførar
LES: - Måløy heilt spesielt

- Dette viser kva dugnadsånd som lever her i fylket. Vi har mange gode eldsjeler, som dreg med seg andre. Det er fantastisk artig å sjå, sa han.

- Største eg har opplevd

Seinare på dagen vart det gjennomført ein parade med dei nesten 4000 seglarane.

GALLERI: Tall Ships-paraden i bilete

Etter paraden var det duka for premieutdeling etter løpet som gjekk mellom Liverpool og Måløy. Simon Lyng frå Vågsøy mottok den gjevaste prisen.

LES: - Det største eg har opplevd
GALLERI: Ettermiddagsshow på Tall Ships Races
LES: - Vent, ein vinnar til!
LES: Sliten Hjelle tok pust i bakken

Både laurdag og søndag var det show for dei minste. Kaptein Sabeltann hadde nemleg teke turen innom Måløy.

- Eg var ikkje redd, sa vesle Martin Solvang.

LES: Sabeltann i Måløy
GALLERI: Bli med på skattejakt
LES: Gav alt for England

Mykje folk

Butikkane i Måløy opplevde sjølvsagt sterk auke i handelen.

- Vi har dobbel bemanning under Tall Ships Races, seier Liz Cathrin Johnsen som er butikkmedarbeidar ved Eurosko i Måløy.

LES: Frå småby til storby
LES: - Tall Ships Races heilt unikt
GALLERI: Bli med på palleløp

I tillegg trefte NRK vaskedamene som busa rett inn i herretoalettet for å gjere jobben sin.

- Eg seier til mannfolka at eg har sett så mange små frå før at det ikkje gjer noko, ler Turid Liv Kråkenes.

LES: - Eg har sett mange små før

Køyrde ost frå Frankrike

Les også om franskmennene som tok med seg ost og pølser heilt ifrå Frankrike for å selje dette under Tall Ships Races i Måløy.

LES: 2500 kilometer med ost
GALLERI: Meir enn båt og skip

Til slutt kunne prosjektleiar Helge Hjelle puste ut etter eit vellukka Tall Ships Races 2008.

LES: - Gud hjelpe for ein jobb

GALLERI: I riggen på Cuauhtemoc av Mexico
GALLERI: Måløy frå brua
GALLERI: Fyrverkeri avslutta feiringa