Hopp til innhold

- Tall Ships Races heilt unikt

Noreg sin representant i Sail Train International meiner det ikkje finst maken til arrangement.

Gunn Von Trepka

Gunn Von Trepka

Foto: Sander Heggheim/NRK

- Det er mykje større enn du nokonsinne kan tenke deg, seier Gunn Von Trepka til NRK Sogn og Fjordane.

Felles mål

- Tall Ships Races er eit stort internasjonalt arrangement som samlar skip og ungdom frå heile verda, seier ho.

Og det er det ho meiner er unikt med Tall Ships Races. Her må ungdommen jobbe saman for å nå eit felles mål.

- Målet er å komme vinne konkurransen, og då må du vere skjerpa heile vegen. Men på same tid er kanskje det viktigaste at ein lærer å jobbe saman med andre. Det får ein i stod grad anledning til her, fortel ho.

- Kan ikkje stikke av

På alle skipa skal minst 50 prosent av mannskapet vere ungdom.

- Det å beherske å ver ein del av eit team får ein trene seg på ombord på ei slikt skip. Det er ein heilt unik situasjon. Du kan ikkje berre stikke av, her må du bidra når du er med, seier ho.

- Som eit lite OL

- I tillegg får ungdom treffe anna ungdom med ulik religion og hudfarge. Det er som eit lite OL, men er her vi endå meir samla, og ikkje berre opptekne av vinnarar og taparar. Vi er opptekne av breidden, seier ho og viser til at dei delte ut forskjellige prisar under premieutdelinga fredag ettermiddag.

- Det aller viktigaste er at ungdom får treffe kvarandre, smiler ho.