Hopp til innhold

- Det største eg har opplevd

Simen Lynd ifrå Vågsøy tok imot beviset på at Christian Radich vann den gjevaste prisen i Tall Ships Races.

Tall Ships Races 2008

Simen Lyng har nett motteke det synlege beviset på at Christian Radich vann den gjevaste konkurransen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

- Dette var utruleg stort. Det største eg har opplevd så langt, strålar ungguten som fekk segle ein fjerdedel av strekninga Liverpool-Måløy.

Tall Ships Races 2008

Christian Radich

Foto: Sander Heggheim/NRK

- Går dette gale?

Lyng vedgår at han var spent då han hadde ansvaret for den 73 meter lange båten.

- Eg tenkte at går dette gale er alt min feil. Men det gjekk bra, og då er det utruleg artig, strålar han.

Heilt sidan han kunne gå har Simen segla, og han trivst svært godt på sjøen.

Vener og familie som publikum

- Det var ekstra spesielt at turen gjekk til heimbyen min. Eg vann turen i fjor, men kunne ikkje då eg skulle på Norway Cup. Men det var ikkje nokon dårleg erstatning å reise til Måløy i staden, ler han.

- I tillegg var det stort at både vener og familie stod og såg på når eg tok imot premien, seier han.

Tall Ships Races 2008

Simen ilag med ei stolt mamma, Laila.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Stolt mamma

Og det var ei stolt mor NRK Sogn og Fjordane trefte då sonen hadde motteke det synlege beviset på at Christian Radich vann den gjevaste konkurransen i Tall Ships Races.

- Å, no er eg stolt. Dette er det største eg har vore med på. Han fekk ein god klem, men vi må nok finne på ei overrasking til han, seier Laila Lyng, og ser stolt bort på sonen som vert intervjua av NRK1.