Hopp til innhold

- Har sett mange små før

Vaskedamene busar inn på herretoaletta for å gjere jobben sin under Tall Ships Races.

Tall Ships races 2008

Jennifer Cox (f.v), Tove Lill Volle, Bjørg Kråkenes og Turid Liv Kråkenes held toalett og dusjar reine under Tall Ships Races.

Foto: Sander Heggheim/NRK

- Når det lir litt ut på kvelden plar vi berre å buse rett inn. Eg seier til mannfolka at eg har sett så mange små frå før at det ikkje gjer noko, ler Turid Liv Kråkenes.

Jennifer Cox

Jennifer Cox i gang med reingjering.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Drittjobb?

Saman med tolv andre har ho ansvaret for at alle toalett, dusjar og skular som vert brukte er reine og fine.

- Vi startar klokka seks om morningen kvar dag, og sluttar i tolv-eitt tida om natta, seier ho.

- Er ikkje dette ein drittjobb?

- Vi kan ikkje gå rundt å tenke slik. Vi har fått mykje ros for at det er reint og fint. Det hjelper på motivasjonen, seier Kråkenes.

Ingen menn

Av dei tolv vaskehjelpene er det ingen mannfolk.

- Det skal gjerast skikkeleg, og då nyttar det ikkje med mannfolk, ler Jennifer Cax.

Men dei vedgår at det ikkje alltid er like kjekt å vaske skitne toalett.

Stolte av Måløy

- Nei, på kveldstid når klokka nærmar seg ti er det ikkje noko særleg. Då kan det vere veldig skittent, seier Kråkenes.

- Vi er så stolte over byen vår at vi kan gjere kva som helst. Dette er ingenting, smiler dei før dei må halde fram med vaskinga.